[Video: Ambulansen er gått ut på dato]
– Han er brukande, men det er med hjartet i halsen at eg køyrer han.
Thor Risa Corneliussen har vore frivillig i Bryne Røde Kors sidan 1982, då han var 15 år. Ikkje på noko tidspunkt har materiellet vore i ein så kritisk stand som nå.
Reparasjonen på seinsommaren kom på 16.000 kroner. Før jul måtte ambulansen frå 2008 igjen innom verkstaden, og då oppdaga mekanikaren metallspon både i girkassa og motoren.
Rekninga for denne reparasjonen ville kome på over 200.000 kroner, og den takka hjelpekorpset fint nei til. Etter 200.000 kilometer i ambulansen dei kjøpte brukt for ti år sidan, ser dei seg nøydde til å investera i ein ny.
Jaktar bruktbil
Ein «ny» vil kosta godt over millionen, ifølge Risa Corneliussen. Han jaktar ein bruktbil denne gongen òg, og har kontakta lokallag i Røde Kors og helseregionane for å høyra kva bilar dei har i stallen.
I hjelpekorpset på Bryne er dei fem personar som har lov til å køyra sjukebil. Dei køyrer med vanlege sertifikat, men han har i tillegg sertifisering frå Røde Kors, som må fornyast kvart tredje år.
Bilar som kan køyrast med B-sertifikat, begynner å bli mangelvare, ifølge Risa Corneliussen. Han har likevel lukkast med å spora opp ein 2006-modell og ein 2022-modell.
– Det finst bilar der ute, men først må me veta at me greier å finansiera det.
Ståande beredskap
«Me» viser i denne samanhengen til eit korps på tolv personar som bruker av fritida til å gjera oppdrag for Time kommune, Stavanger universitetssjukehus (SUS) og hjelpa til ved private arrangement.
Frå april til november er dei sanitet på Bryne sine heimekampar, og dei har same ansvar under Jærnåtta og sykkelritt i regi av Bryne Cykleklubb. Dei har vore sanitet under traktorpullingstevne og Nordsjørittet.
Dei er også del av den ståande beredskapen i lokalsamfunnet, som samarbeidspartnar for Time kommune og for SUS ved katastrofar.
På grunn av den dårlege standen, blir ambulansen nå brukt minst mogleg. Han var med på kvalikkampen mot Ålesund, og han køyrde tre turar då SUS for nokre månader sidan flytta til Ullandhaug.
Klar målsetting
I 2026 blir heile tilskotet frå Røde Kors til lokallaget øyremerkt innkjøp av ambulanse. Saman med salet av ein skuter vil det generera 100.000 kroner, som betyr at størstedelen må hentast inn frå eksterne.
Hjelpekorpset har oppretta ein spleis, som dei håper skal gje ytterlegare 100.000 kroner. Ikkje minst håper hjelpekorpset på bidrag frå lokale bedrifter og sparebankstiftelsar.
Målsettinga for når ambulansen må vera på plass, gjev seg sjølv.
Hjelpekorpset har vore faste under det femten mil lange arrangementet mellom Bryne og Lysebotn. Fjorårets dramatiske hending, då dynamoen svikta med pasient i bilen, freistar ikkje til gjentaking.
– Me kom oss ned ved å setta bilen i fri, og renna ned til Tonstad. Me har sagt at når me skal til Lysebotn i august, då må me ha ny ambulanse.