Miljøgartneriet
Når Miljøgartneriet skal utvida, kan det vera at dei bygger eit datasenter i kjellaren. Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Jærbladet fleire gonger skrive om Green Horizon og Miljøgartneriet sine planar om å bygga datasenter for kunstig intelligens i Kviamarka.

Datasenter bruker mykje straum og genererer mykje varme, og tanken er at Miljøgartneriet og andre verksemder i næringsområdet skal få nytta denne overskotsvarmen.

Jordvern og feil bransje

Så langt har styresmaktene vore skeptiske, både ut frå jordvernomsyn og ut frå det prinsippet at Kviamarka skal vera eit satsingsområde for næringsmiddelindustri for heile regionen.

Tidlegare i år fremja derfor både Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland fylke motsegn til endringane i områdeplanen som må til, om datasenteret skal etablera seg i Kviamarka.

Om ikkje desse motsegnene vert løyst, vert det ikkje noko datasenter i Kviamarka. Det kan òg føra til forseinkingar og komplikasjonar i arbeidet med å få på plass ein ny områdeplan.

Miljøgartneriet kan få ei utviding i sør, med eit drivhus på toppen og eit datasenter under. Illustrasjonen er utarbeida av arkitektbyrået Holon og henta frå kommunale sakspapir.
Miljøgartneriet kan få ei utviding i sør, med eit drivhus på toppen og eit datasenter under. Illustrasjonen er utarbeida av arkitektbyrået Holon og henta frå kommunale sakspapir. Foto: Foto: Holon

Grønt lys til nye planar

I haust vart det kjent at Green Horizon, for å komma motsegnene i møte, føreslo å bygga datasenteret i kjellaren, når Miljøgartneriet uansett skal utvida.

På den måten vil dei ikkje bruka jord som elles ville vore brukt til matproduksjon, og dei vil heller ikkje ta opp areal som elles kunne vore brukt til å etablera næringsmiddelindustri.

På oppmoding frå Hå kommune, har Statsforvaltaren i Rogaland nå trekt motsegna.

I grunngjevinga, legg Statsforvaltaren vekt på at løysinga er arealeffektiv og at datasenteret på denne måten ikkje vil stå i vegen for andre verksemder som vil etablera seg i Kviamarka, samtidig som spillvarmen frå datasenteret kan nyttast direkte i drivhuset.

Statsforvaltaren føreset òg at arbeidet med overføringar av overskotsvarme mellom Kviamarka og industriområdet Grødaland på den andre sida av fylkesvegen vert realisert. Målet er at overskotsvarme mellom anna skal nyttast i samband med etableringa av biogassanlegg og ein eventuell gjødselfabrikk på Grødaland.

– Straumen langt på veg brukt opp

Statsforvaltaren kjem samtidig med ei åtvaring: Datasenteret vil bruka mykje straum.

«Etablering av datasenter her vil resultere i at energikapasiteten i området langt på vei blir brukt opp», skriv Statsforvaltaren.

Statsforvaltaren rår kommunen til å nøye vurdera prioriteringane sine i området, og blant anna sikra at det vert straum nok til biogassanlegg og ein eventuell gjødselfabrikk på Grødaland.

Fullt utbygd, vil datasenteret krevja ein straumkapasitet på 36 megawatt.

Ifølge dei som står bak planane, vil det medføra rundt tolv permanente arbeidsplassar.

Datasenteret er venta å kosta ein plass mellom 3,5 og 4 milliardar kroner.

Kommunedirektøren har, på oppmoding frå lokalpolitikarane, vore i dialog med både Statsforvaltaren og fylkesdirektøren om dei endra planane.

Det var i etterkant av denne dialogen kommunen sende oppmodinga til Statsforvaltaren om å trekka motsegna. Ei tilsvarande oppmoding vert om kort tid send til Rogaland fylkeskommune, som førebels ikkje har trekt si motsegn.