Som Jærbladet tidlegare har skrive, har Sandnes-firmaet Green Horizon konkrete planar om å bygga eit datasenter i Kviamarka. Overskotsvarmen senteret genererer, skal blant anna gå til Miljøgartneriet rett ved sida av.
Aktørane er allereie i gang med eit liknande prosjekt i Klepp, der eit datasenter eigd av Green Horizon og bygd på grunn tilhøyrande Wiig, skal levera overskotsvarme til Wiig gartneri rett ved sida av. Prosjektet i Kviamarka er større, og vil generera meir varme enn det Miljøgartneriet treng aleine.
Utstillingsvindauge til 4 milliardar kroner
Green Horizon håpar å kunna tilby resten av varmen til andre aktørar i Kviamarka, anten dei held til der frå før av eller dei kjem dit som følge av tilgangen på overskotsvarme. Det kan òg vera aktuelt å levera varmt vatn inn på kommunen sitt fjernvarmenett og til biogassanlegget som er under planlegging i Kviamarka.
Datasenteret er venta å kosta ein plass mellom 3,5 og 4 milliardar kroner. Green Horizon håpar å kunna starta bygginga allereie til neste år. Sjølve byggeprosessen er venta å ta ein plass mellom 15 og 18 månadar.
Datasenteret skal bruka væskekjøling, ein teknologi som så langt ikkje har vore tatt i bruk i Noreg. Det er det varme vatnet frå denne kjøleprosessen som skal sørga for varme i drivhusa til Miljøgartneriet og eventuelle andre kundar. Ein avtale med Siemens, som skal vera Green Horizon sin «teknologipartnar», er alt på plass.
I formannskapssalen denne veka lokka pådrivarane med at Kviamarka kan verta «eit utstillingsvindauge». Dei la vekt på at hundre prosent av overskotsvarmen kan gå til lokal matvareproduksjon, biogassproduksjon og fjernvarme.
– Ingen andre har gjort dette før. Og Kviamarka er ein kjempebra plass for å gjera det, sa styreleiar Richard Rettedal.
Treng straum
Planane deira kviler på to føresetnader. Den første er straum – ein avgrensa ressurs som det framover vil verta større og større konkurranse om. Fullt utbygd krev datasenteret ein kapasitet på 36 MW.
Dette har Green Horizon allereie reservert hos Lnett, men til sjuande og sist er det opp til Statnett å prioritera kven som skal få reservert straum og ikkje. Så langt har ikkje Statnett tatt stilling til Green Horizon sitt prosjekt.
Får dei ja til å henta ut straumen dei treng, kjem dei til å legga han i jordkabel frå næraste trafostasjon om lag halvannan kilometer unna.
Den andre føresetnaden dreier seg om omregulering. Kviamarka er i dag regulert til industri. Skal Green Horizon kunna bygga, treng dei at eigedommen dei vil bygga på, vert omregulert til «anna næring». Men Kviamarka er eit regionalt satsingsområde for næringsmiddelindustri, Noregs største i sitt slag, og for mange av dei som bestemmer vil det sitta langt inne å opna opp for andre typar næringsverksemd i området.
Etter ei prinsippavklaring i Utval for samfunn tidlegare i år, vert det sett av eit 14 dekar stort område til datasenteret når områdeplanen for Kviamarka snart skal opp til politisk behandling.
Tysdag denne veka heldt Richard Rettedal og Arild Egeland, som i Brønnøysundregistra er oppført som eigarar av høvesvis 30 og 70 prosent av Green Horizon, ein presentasjon for formannskapspolitikarane i Hå.
Gratis varme til kommunen
Rettedal fortalde at dei to hadde starta firmaet, fordi dei var samde om at Noreg er ein bra plass for å etablera datasenter, men at det er «tullete» om varmen som desse genererer ikkje vert brukt på samfunnsgagnleg vis.
– Me trur at det å ha ein slik varmeomn, som eit datasenter på denne storleiken i realiteten er, gjer det meir attraktivt for andre å etablera seg her, sa Rettedal.
Han fortalde at Wiig vurderar å utvida Miljøgartneriet si verksemd, og at dei har vore i kontakt med Lyse for å avklara kva behov dei eventuelt har for overskotsenergi til biogassanlegget som er under planlegging der.
Rettedal sa at dei er opptatt av å driva mest mogleg energieffektivt, og difor vil bruka mest mogleg av overskotsvarmen lokalt i Kviamarka, men lova at all overskotsvarme dei ikkje får seld, kan gå gratis inn på kommunen sitt fjernvarmeanlegg.
– Me skal ikkje tena pengar på overskotsvarmen. Det skal me ikkje gjera på den me leverer til Miljøgartneriet, heller, sa Rettedal.
– Overskotsvarme er eit biprodukt for oss, sa Egeland.
Han sa dei ville vita meir etter at dei eventuelt har fått ja frå kommunen og Statnett.
– Seier de ja, trur me det skal vera relativt enkelt å få ein av dei store -aktørane til å komma og ta dette volumet, sa Egeland.
Ifølge Rettedal produserer datasenter-teknologien som vert nytta til kunstig intelligens maksimalt med varmeenergi. Green Horizon skal allereie i dag vera i kontakt med interesserte aktørar som kunne tenka seg plass i datasenteret.
– Marknaden er her, me må berre sørga for å finna ut om me skal gjera det her eller ein annan plass, sa Rettedal.
15 direkte arbeidsplassar
Dei to snakka òg litt om arbeidsplassar og hadde fått med seg anslag på fleire hundre arbeidsplassar i tilfelle Microsoft skulle etablera seg på Kalberg.
– Me er ikkje så opptatt av det, men tenker meir på den totale verdiskapinga, sa Rettedal.
Dei to sa at datasenteret i Kviamarka vil ha behov for 15 direkte tilsette.
– Då snakkar me om høgt kvalifisert arbeidskraft, sa Rettedal.
I tillegg reknar dei med ytterlegare 25 arbeidsplassar som vil vera indirekte knytt til datasenteret når det er i drift.
Svein Høyland (Sp) lurte på arealbruken. Han fekk til svar at dei har behov for alt som er sett av – 14 dekar.
– Store aktørar vil gjerne vite at det er høve til utviding på tomta. Kor stort me må bygga for full effekt på 36 megawatt, veit me førebels ikkje, men det er viktig at det er utviklingshøve på tomta, svarte Rettedal.
Egeland sa at arealet dei bruker, vil vera relativt lite målt opp mot den auka matproduksjonen overskotsvarmen deira vil kunna legga til rette for, blant anna hos Miljøgartneriet.
Rett temperatur?
Ordførar Andreas Bjorland (KrF) var opptatt av varmen som eventuelt kan gå inn på kommunen sitt fjernvarmenett.
– Slik eg forstår det er temperatur og stabilitet avgjerande for at me kan bruka varmen. Me vil bygga opp om Kviamarka og det konseptet me har der. Eit datasenter der energien vert brukt til matproduksjon klinger godt. Men me har òg eit næringsliv i resten av kommunen, som kan nytta godt av dette gjennom fjernvarmenettet. I heile Hå står det kyllinghus som kan trenga varmen. Men då er me avhengige av at temperaturen er rett, sa ordføraren.
Ifølge ordføraren bør temperaturen på eventuelt vatn som vert levert til fjernvarmeanlegget ligga på over 60 grader.
Han fekk til svar at førebels kan Green Horizon garantera for temperaturar over 50 grader, men ikkje over 70. Dette kan likevel endra seg.
– Det finst teknologi som gjer at det me kan levera temperaturar over 70 grader ut på fjernvarmenettet, men skal me høyna temperaturen, vil det kosta litt, sa Egeland.
Elin Hetland Mong (Hå-lista) hadde to spørsmål. Det eine var knytt til straumforbruk og straumpris. Ho viste til Google si etablering av eit datasenter i Skien. Der har dei søkt om tilgang på straum tilsvarande fem prosent av det totale forbruket i Noreg. Mong ville vita om ikkje ei etablering av datasenter i Kviamarka er med på å driva opp straumprisen for folk flest.
Rettedal var ikkje samd. Han viste til at Green Horizon, i motsetnad til Google, har ein konkret plan for korleis overskotsvarmen dei genererer skal nyttast.
– Prosjektet trekk ikkje på straumnettet på same måten. Her vil energien verta gjenbrukt, sa han.
Det andre Mong lurte på, handla om omregulering.
– Me har vore i vanskelege forhandlingar med Statsforvaltaren om bruken av jorda i Hå. Korleis kan me forsvara å bruka dette arealet til datasenter, spurde ho.
– Dette er med og bygger opp under auka matvareproduksjon. Eg trur ikkje Kåre Wiig ville vore villig til å utvida om han ikkje fekk energien frå oss, svarte Arild Egeland.
– Kan gå til Austlandet
Bjorland ville vita korleis kommunen kan sikra seg mot at datasenteret vert brukt til produksjon av . Svaret han fekk var at dei som driv med kryptovaluta bruker ein heilt annan type teknologi, og at politikarane står fritt til å legga inn føresetnadar som set foten ned for den typen bruk av datasenteret.
Håkon Kvia (Frp) sa at prosjektet kviler på ei avveging mellom arealbruk og grøne omsyn.
– Men ser du på tradisjonell oppvarming på gartneria i dag, står det naturgass og varmar dei opp. Det krev berre nokre få kvadratmeter, og til gjengjeld har du framleis ei anna tomt som kan brukast på noko anna enn datasenter. Me må ha i tankane kva som er mest samfunnsnyttig for oss i framtida, både når det kjem til arbeidsplassar, samfunnsnytte og det grøne. Me må tenka på summen av alt. Det er eit interessant konsept men, på den andre sida, kva er gale med den tradisjonelle måten, spurde han.
– Du får mykje meir ut per kvadratmeter av dette datasenteret. Det er store ringverknadar for næringslivet. Kåre Wiig får eit heilt anna insentiv for å auka produksjonen, og du gjer det òg meir attraktivt for andre verksemder å komma hit. I tillegg har du biogassplanane på Grødaland. Området me vil bruka er veldig lite samanlikna med det denne energisentralen vil tilby området. Reknestykket er mykje meir positivt enn det kan hende det ser ut som for deg, svara Egeland.
Rettedal sa at dei forstår bekymringa.
– I denne delen av landet står jordbruket sterkt. Det er kanonbra. Me skal framleis vera ein matregion. Samtidig er det slik at datasentera kjem til Noreg. Me er konkurransedyktige på dette. Me må berre finna ut korleis me skal gjera det, sa han, og hinta frampå at om ikkje det vert bygd datasenter i denne regionen, kan det henda at både gartnerier og datasenter i neste omgang vert bygde på Austlandet i staden.
Ifølge Rettedal skal Lyse òg vera uroa for dette.
Digital framtid
Egeland sa at dei kjenner på eit stort press frå Wiig om å komma i gang.
– Han tener ikkje pengar i dag, men når me kjem inn, ser reknestykket hans heilt annleis ut, sa han.
Gunn Dalen Håland (H) slo fast at «framtida er digitalisert».
– Dette er ein del av framtida. Me kan velja å vera med på dette prosjektet. Nå står me på perrongen. Då må me passa på å vera med når toget går, sa Håland.
Ordførar Andreas Bjorland sa at når tida kjem for å behandla sjølve søknaden, må dei vega fordelar og ulemper opp mot kvarandre.
– Det er viktig at det me vedtar, er med på å bygga opp om Kviamarka. I tillegg må me vera sikre på at den varmen som vert bygd ut, kan nyttast i fjernvarmenettet vårt, sa Bjorland.