Kristine Tveranger Stokka, Karen Maudal og Monica Børresen opna sentrumskafeen i januar.
Kristine Tveranger Stokka, Karen Maudal og Monica Børresen opna sentrumskafeen i januar. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Tre små bord, eitt med kafégjester på kvar si side, står bada i sol utanfor inngangsdøra.

Denne augustdagen er eit godt eksempel på kvifor Eden café i vår søkte om, og fekk lov til å utvide drifta med uteservering.

Eden café leiger lokalet av Klepp frikyrkje. Tidlegare heldt Sveisen Hårdesign til her.
Eden café leiger lokalet av Klepp frikyrkje. Tidlegare heldt Sveisen Hårdesign til her. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Folk vil nyte solstrålane på Jæren. Me held fram med å servere ute så lenge det er fint vêr, forsikrar Kristine Tveranger Stokka.

Saman med Monica Børresen og Karen Maudal står ho bak kafeen i Kleppekrossen, som serverte for fullt hus under opninga i januar.

Stappfullt

Den smilande trioen kan rapportere om at interessa har halde fram.

– Det har vore stappfullt ved lunsjtider kvar opningsdag. Me visste ikkje kva me kunne forvente før me begynte, og om folk ville kome på kafe i Klepp, men det har vore så mykje folk og så mange gode tilbakemeldingar, seier Maudal, og held fram:

– Me har blitt blåst av banen, for det har vore så kjekt. Dette er jo draumen vår.

Ella Samnøy (15) og Karen Bø (15), begge frå Klepp, nyter ein lunsj i sola utanfor. Sistnemnte har vore her nokre gonger før. – Me har ikkje så mange koselege kafear i Klepp, og så er det god mat. Dei har noko litt annleis enn mange andre kafear, seier ho.
Ella Samnøy (15) og Karen Bø (15), begge frå Klepp, nyter ein lunsj i sola utanfor. Sistnemnte har vore her nokre gonger før. – Me har ikkje så mange koselege kafear i Klepp, og så er det god mat. Dei har noko litt annleis enn mange andre kafear, seier ho. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Stokka fortel at dei tre-fire første månadene bydde på så mange kundar, at folk måtte snu i døra.

– No klarer me heldigvis å huse dei som kjem. Sjølv om det ofte er stappfullt ved lunsj, kan det ordne seg ved å setje ein ekstra stol inntil eit bord.

Tidleg fann dei ut at dei måtte begynne med bordbestilling i forkant – sjølv om dei er opptatt av å understreke at dei alltid held noko ope for drop-in-kundar.

Mange jern i elden

Den store pågangen har ikkje berre resultert i tre nye bord utanfor.

Kafeen har også planar om å bygge ein platting på nedsida utanfor, nytt rekkverk og trapp, og gjere området til ein liten oase. Eller som ein slags Edens hage, om du vil.

– Det har vore eføybonanza der ute i alle år. For to veker sidan reiv me alt og planta nytt, seier Stokka, som er utnemnt kreativ koordinator.

Kafeen har vore i møte med kommunen og fylkeskommunen, og har fått «go» til å bygge platting utanfor, seier Kristine Tveranger Stokka, som også er musikar og firebarnsmor.
Kafeen har vore i møte med kommunen og fylkeskommunen, og har fått «go» til å bygge platting utanfor, seier Kristine Tveranger Stokka, som også er musikar og firebarnsmor. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Det blir nok først og fremst til neste vår at det nye uteområdet er heilt klart, legg ho til.

På sikt har dei planar om å arrangere events med livemusikk, mellom anna fordi Stokka sjølv er musikar.

Kafeen har også søkt om, og fått lov til å utvide opningstidene.

I dag har dei ope onsdag, torsdag og fredag, i tillegg til første laurdag i månaden.

– Me har fått lov til å ha ope kvar laurdag. I juni hadde me ope tre laurdagar, men me har foreløpig ikkje planar om dette fast, på grunn av kapasitet. Me har i alle fall moglegheit til å gjere det, seier Børresen.

Mat utan gluten og laktose

– Kvifor trur de at kafeen har vist seg å vere så populær?

– Eg trur det er heilskapen. Eg trur det går mykje på maten og at me har lagt så mykje tid i korleis det ser ut, at det er koseleg å kome inn, og at atmosfæren er god, seier Stokka.

Dei trur også kafeen skil seg litt ut med tanke på at størstedelen av maten er laktosefri og glutenfri.

– Eg har cøliaki sjølv, så eg veit korleis det er å kome inn på ein kafe og tenke at eg ikkje kan bli mett, seier Maudal, som er lidenskapleg opptatt av heimelaga mat frå botn, og studerer ernæring på deltid.

Trioen held atmosfæren og samtalar i kafeen sin høgt.
Trioen held atmosfæren og samtalar i kafeen sin høgt. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Det er stort sett Maudal som lagar maten.

– Me er tre forskjellige generasjonar, og har kvar våre gåver som utfyller kvarandre, seier Børresen.

– Får mange samtalar på djupet

Då Jærbladet skreiv om opninga i januar, var trioen tydeleg på at dei blei ført saman gjennom ein felles visjon om ein kafe i Kleppe sentrum.

– Hjartet bak Eden er at me ønskjer å vere meir enn ein kafe. Me har ei personleg tru på Jesus Kristus, og utan at me skal prakke det på nokon, så står det veldig høgt at folk skal kjenne seg sett og møtt og at det skal vere godt å vere her, seier Stokka.

– Me erfarer at me får veldig mange gode samtalar på djupet, meir enn det overfladiske. Det er veldig fint, legg ho til.

Maudal fortel at visjonen handlar om at folk skal få ein smak av Guds rike og sjå meir av Jesus.

– Og eit måltid legg til rette for dette, meiner ho.