Det skriv Time kommune på si facebookside, etter at Stavanger Aftenblad laga ei sak der Time kommune går til topps.
Saka bygger på KOSTRA-tal frå 2025, som viser at ingen byggesaksavdelingar i Rogaland bruker kortare tid på å behandla saker.
Svein Harald Dyngen og resten av byggesaksavdelinga bruker i snitt seks dagar på å svara på søknadar med tolv vekers frist.
For dei mindre kompliserte sakene, som i plan- og bygningsloven har ein frist på tre veker, var behandlingstida tre dagar i snitt.
Tilsvarande tal så langt i 2026 er cirka 9 og 4 dagar, opplyser byggesakssjef Dyngen.
Prioriterer digitalisering
Ei viktig forklaring er at kommunen har fått auka prosentdelen digitale søknader, som i september 2025 var 90,6 prosent.
Søknader via eByggesøk er blitt obligatoriske for næringsdrivande, og er gjort gratis for private. Det sparer kommunen for cirka eit halvt årsverk, sa Dyngen i utval for lokal utvikling 23. april.
Temaet for orienteringa i utvalet var kommunen sitt arbeid med å digitalisera reguleringsplanar.
Målet med «Drømmeplan» er å setta om alle relevante reguleringsplanar på ein enkel måte, slik at folk – (og på sikt næringsdrivande) – lett kan sjå kva dei kan bygga på tomta si.
Får takk
Då Lye IL nyleg fortalde om byggestart for utvidinga av Lyehallen, vart byggesaksavdelinga trekt fram. Idrettslaget har igjen takka for innsatsen, under facebookposten til Time:
«Goe gjeng - byggesaksavdelinga i Time kommune har vert ein god støttespelar for byggeprosjektet vårt, den flotte, nye Fjellhallen vi endelig er i gang med å bygge på Lye!»
Statistikken frå SSB viser at Klepp kommune brukte i snitt 30 dagar på saker med 12 vekers frist, éin dag meir enn Hå.
På dei enklare 3-vekerssakene brukte Klepp 10 dagar, mot 17 dagar i Hå.
Sokndal hadde eit tungt år i 2025. Der måtte søkarane venta i 94 dagar på saker som skulle vore gjort på 12 veker.