Ifølgje Statens vegvesen si trafikkmeldingsside på nett blei Brøytvegen austover i krysset ved Rema 1000 på Håland stengd tidleg i denne veka. Den anslåtte sluttida for stenginga er om ettermiddagen 16. mai.
Undergang nummer 1
Brøytvegen er ein viktig veg til og frå næringsområdet på Håland sør for Bryne.
No får bilistar som kjem til den stengde vegen vestfrå – i rundkøyringa med Hognestadvegen – ei skilta omkøyring nedover mot Bryne sentrum. Den går – som lokalkjende kjenner til, men tilreisande sjåførar ikkje kan vita – under den smale og låge jernbaneundergangen ved Nubben. Der er makshøgda på 3,2 meter, og det betyr at dei aller fleste tunge køyretøy ikkje kjem seg gjennom – utan at den skilta omkøyringsvegen er merka med det.
Jærbladet såg tysdag formiddag med eigne augo ein tungtransport som hadde rygga seg inn Storenubben frå Hognestadvegen for å snu – men lovlydige som me er, dokumenterte me det ikkje med foto medan me sjølve sat bak rattet og køyrde bil.
For svært lokalkjende finst det ei mogelegheit til å køyra gjennom bustadfeltet aust for Hognestadvegen, men då må dei køyra mot «Gjennomkøyring forbode»-skilt.
Undergang nummer 2
Frå austsida er Brøytvegen stengd ved rundkøyringa mot Langholvegen på Kvåle. Her får bilistane beskjed om litt lenger nede i vegen om at Brøytvegen er stengd ved neste rundkøyring – og at dei skal følgja skilta omkøyring.
Frå Langholvegen har Jærbladet fått tilsendt beskjed om at mange lastebilar prøver å køyra ned den relativt smale bustadgata, som endar i bom stopp nede ved Aarbakke Gartneri. Bilane endar med å måtta rygga opp att gjennom heile gata.
Noko omkøyringsskilt står ikkje oppe i rundkøyringa Brøytvegen/Langholsvegen, men dei som snur 180 grader rundt og køyrer ned att til Garborgvegen, får beskjed om å køyra til venstre mot 1900-krysset og deretter til venstre igjen mot Bryne sentrum.
Det neste omkøyringsskiltet då står rett etter den låge jernbanebrua i Arne Garborgs veg. Den er så høg at ein del – men langt frå alle – tungbilar kan koma seg under.
Dermed er det lite rettleiing til sjåførar med bilar på over 3,80 meter, med unntak av at det faktisk står eit skilt borte ved 1900-krysset om at det er maksimalhøgd på 3,80 meter om 1,8 kilometer.
Rundkøyringane når ein nærmar seg jernbrua over Arne Garborgs veg, er trange, så det er vanskeleg å få snudd ein stor tungtransport der.
– Det er eitt skilt borte ved 1900-krysset, men det er heilt rart at det ikkje blir åvara i god tid – både for dei som kjem frå Kvernaland og dei som kjem på Garborgvegen – at viss ein svingar inn mot Bryne, møter ein ei hindring på 3,8 meter, seier ein lokalkjend yrkessjåfør som har kontakta Jærbladet om kaoset.
Det finst alternative ruter
Om tungtransportsjåførar som kjem frå Austlandet/Sørlandet blir varsla lenger oppe på Jæren, slik at dei til dømes kan køyra Buevegen via Varhaug og deretter fylkesveg 44, er eitt ubesvart spørsmål i samband med vegstenginga.
Har sjåførane først køyrt ned over Undheim og ned på Garborgvegen, kunne dei i teorien ha vore leia til venstre i Fossekrysset, over Hognestad og til Håland den vegen – på vegar som ikkje er veldig veleigna til tungtransport, men der dei i alle fall ikkje blir fysisk stoppa av låge jernbaneundergangar. Men ved Fossekrysset er det ikkje noko slik skilting, såg Jærbladet på vår runde tysdag formiddag.
Frå vegeigar Rogaland fylkeskommune får Jærbladet tysdag ettermiddag opplyst at det er Time kommune som står bak søknaden om stengja vegen. Bakgrunnen er at det må gravast over vegen. Entreprenøren som kommunen brukar, har søkt om og fått godkjend ein skiltplan for omkøyringane. Det er Rogaland fylkeskommune og Statens vegvesen som godkjenner slike planar.