Sidan oktober har 25 sparkesyklar stått plassert rundt om i Klepp for utleige. Det har i første omgang vore ei prøveordning på Voi sitt initiativ.
Elsparkesyklane har blitt eit populært framkomstmiddel i norske byar sidan 2018, og kan sjåast på som eit effektivt transportmiddel. Samstundes er det heller ikkje ukjent at det har vore utfordringar knytt til feilparkering, ruspåverka køyring og ulukker med dei.
Administrasjonen baserer føreslått avtale mellom Klepp kommune og Voi på tilsvarande avtalar i Drammen og Sandnes.
– Eg har fått nokre meldingar frå folk som er galne på at desse har inntatt Klepp, men dei har dessverre kome for å bli, sa Tom Ove Øksnevad (Frp).
Saka var oppe i hovudutval for samfunn og kultur, og skal endeleg behandlast i kommunestyret i desember.
– Må handhevast om det ikkje fungerer
Øksnevad stod bak eit av forslaga som fekk fleirtal i utvalet.
Han vil ikkje at kommunen skal stå ansvarleg for skade på elsparkesyklar, i forbindelse med vedlikehald som brøyting og strøing – spesielt når dei er vanskelege å oppdage på grunn av snø eller andre vêrforhold.
Åslaug Årsland Grude (Sp) var skeptisk til ikkje å innføre gebyr for feilparkering med ein gong.
Kommunane har nemleg moglegheit til å krevje 900 kroner i bot dersom sparkesyklane ikkje står som dei skal etter bruk.
– Dei gebyra bør me få, det må handhevast om det ikkje fungerer som det skal, sa Grude.
Tilbakemeldinga frå Voi er at dette er ressurskrevjande for både kommune og Voi, heiter det i sakspapira. Kommunalsjef Målfrid Hannisdal Teigen sa under møtet at omfanget av elsparkesyklar frå Voi er lite, og at kommunen ikkje har eige parkeringsselskap.
– Viss me skal ha gebyr må me inngå avtale med for eksempel Sandnes parkering.
Sandnes kommune innførte nyleg parkeringsbøter i sine gater. Også i Stavanger vil feilparkering av elsparkesyklane koste nesten tusenlappen.
Grude enda med å ikkje føreslå bøter formelt. Utvalet stemte likevel fram Grudes forslag om å evaluere ordninga etter eitt år, i staden for to, som administrasjonen føreslo.
Berre sentrumsnære område
Det blei også spørsmål om kven som bestemmer sonene der elsparkesyklar kan køyrast og parkerast.
Børge Brunes (V) meiner mellom anna at det bør setjast opp på idrettsbanane. Han lurte også på om Pollestad var ein aktuell plass å få tilgang til å bruke elsparkesyklane.
– Me har hatt dialog om kor det er hensiktsmessig og kan funke, og då er det mest befolka område og stader med gang og sykkelveg, sa Hannisdal Teigen.
– Det er langt å køyre for Voi å skifte batteri og ha service, viss dei for eksempel skal ned til Orre. Det skal jo helst gå i pluss for dei.
Kommunalsjefen sa at det har vore dialog om fotballbanane, og at kommunen har bedt Voi om å gjere dei utilgjengelege for Vois elsparkesyklar.
I reglementet står det at alle skulegardar, barnehagar og Plogenparken har ferdselsforbod.
Det er kommunane som definerer sonene der elsparkesyklane ikkje kan brukast eller parkerast, og dei kan justere parkeringsplasseringane i løpet av sesongen, heiter det. Dei kan også bestemme soner eller tidspunkt med fartsavgrensing.
Elsparkesyklane skal bli parkerte slik at dei er til minst mogleg ulempe for gåande, syklande og køyrande, er den overordna regelen. Reglementet utdjupar dette enda meir.
– Det ligg inne eit system for å oppføre seg i Voi. Er du interessert i å køyre meir enn ein gong, bør du køyre skikkeleg, sa kommunalsjefen.
Kan ikkje køyrast ved snø og is
Reglementet er for stort til å bli gjeve att i si heilskap, men nokre av dei ytterlegare punkta handlar om følgjande:
Elsparkesyklane kan vere opne for bruk mellom klokka 5 på morgonen og midnatt, men døgnopen teneste kan tillatast om sparkesykkeloperatøren har andre verkemiddel enn nattestenging for å unngå ferdsel i rusa tilstand.
Elsparkesyklane skal hentast inn og vere utilgjengelege når det er snø eller is på vegane.
Kommunane kan bestemme at det skal vere midlertidig ferdselsforbod i spesielle soner ved spesielle arrangement, eller låse syklane for bruk i ein avgrensa periode.
Kommunen har også rett til å få data utlevert kvar månad, om for eksempel tal på turar kvar dag, tal på syklar som er forsvunne, tal og tema for klager og førespurnader, og ulukker.
Også i Time har fleirtalspartia i eit verbalpunkt bedt om å få lagt fram ei sak om avtale.