- Lukke til, sa Gørild Erga Eriksen rett før "Farmen"-deltakar Egil Ove Håland skulle til pers på scena på Holdeplassen torsdag kveld.
- Lukke til, sa Gørild Erga Eriksen rett før "Farmen"-deltakar Egil Ove Håland skulle til pers på scena på Holdeplassen torsdag kveld. Foto: Ingeborg Eliassen

– Du e komen i ein fine gjeng nå – med meg, Frank og deg, sa Arvid Mæland, for anledninga henta inn som intervjuar.

Frank er «Farmen-Frank», Frank Tore Aniksdal, ein annan kjenning frå reality-serien på TV2.

Staden var Holdeplassen Bar på Nærbø, der det torsdag kveld ikkje var mange ledige stolar å oppdriva i timen før starten på ny sesong i serien.

Baren lova ein kveld med musikk, latter, gode historier og «ekte Farmen-stemning».

TV2 sin realityserie har gått og gått sidan 2001, og denne gongen er to jærbuar mellom dei 15 deltakarane, i ei innspeling som varte i 11 veker frå august i fjor:

Egil Ove Håland frå Nærbø og Preben Løvdahl Hellvik frå Lye.

Men det er først nå framover at folk får sjå årets versjon av serien, der deltakarane som vanleg skal driva gard som om det var for 100 år sidan – men med mykje innlagt drama som til saman har blitt til det TV2 kallar en «ny og forfrisket versjon».

Det var ikkje berre at staden, Odden gard på Notodden, var ny. Det var konseptet òg.

– Heile greia var snudd på hovudet, og det var eit slag i trynet på dei fleste, seier Egil Ove «Giggen» Håland til Jærbladet mens baren blir fylt med folk før premierefesten. Der er søsken, kona, vener og andre. Han kjenner dei aller fleste.

– Nå er «Farmen»» mykje meir eit psykologisk spel enn før, med fleire intrigar. Ein må halda mykje meir på plassen sin, seier Håland, som til dagleg er murar.

Arvid Mæland hadde mykje innebygd 'Farmen'-erfaring i spørsmåla då han 'roasta' Egil Ove 'Giggen' Håland.
Arvid Mæland hadde mykje innebygd 'Farmen'-erfaring i spørsmåla då han 'roasta' Egil Ove 'Giggen' Håland. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Lite mat, dårleg søvn og hardt arbeid er ein tradisjonell del av konseptet. Håland fortel at han gjekk ned ni kilo. Då han kom heim sov han «i to veker».

– Det var likevel ei god oppleving, på godt og vondt.

– Lærte du mykje om deg sjølv?

– Nei. Eg veit korleis eg er, seier han, før han får ein klem og eit «lukke til!» frå ei av dei som er kome for å få med seg Arvid Mæland og det nye jærske innslaget på reality-fronten.

Arvid Mæland, «Farmen»-veteran frå sesong 19, kalla det ein «roast». Han hadde ark med spørsmål, fleire bygd på eiga erfaring. Dei stilte han på bokmål.

Me skal ikkje ta med alle, men her er nokre av dei:

– Hvordan søkte du?'

– Eg søkte ikkje! Det var kona som melde meg på, sa Håland.

Sjølv fekk han vita dette dagen før castinga, fortalde han til Jærbladet.

– Då fekk eg berre reisa inn til Stavanger og sjå kva det var. Då var det gjort. Eg måtte setta standarden.

- Er det noko du gjorde som du håpar at ikkje kjem på tv? spurte Arvid Mæland. - Njaa, det kan jo henda, svarte Egil Ove Håland.
- Er det noko du gjorde som du håpar at ikkje kjem på tv? spurte Arvid Mæland. - Njaa, det kan jo henda, svarte Egil Ove Håland. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Hva var det mest idiotiske du fant på? (For viss de e noge gale, så kom det med).

– Eg braut meg inn i eit matlager med fryseboks og steikte karbonadar.

– Var det noen ganger du tenkte på hvorfor du – eller kona – hadde meldt deg på? Kanskje for at hun skulle få litt fri?

– Det var nok det. Det var ikkje fri for meg.

Arvid Mæland gjekk inn for landing:

– Hadde du sagt ja igjen hvis du var blitt spurt?

– Viss meg, deg og Frank hadde reist inn på torpet, kunne eg gjort det, sa Egil Ove «Giggen» Håland.