Også for ein sokneprest er det viktig å koma i gang på dataen. Trond Inge Tappel har begynt den erfaringsmessig møysommelege prosessen på sin aller første dag som sokneprest i Bryne.
Også for ein sokneprest er det viktig å koma i gang på dataen. Trond Inge Tappel har begynt den erfaringsmessig møysommelege prosessen på sin aller første dag som sokneprest i Bryne. Foto: Åge Bjørnevik

Klokka er 10 måndag morgon i det Jærbladet kjem inn på kyrkjekontoret i Time.

Den nye soknepresten i Bryne, Trond Inge Tappel, har kome nokre få minutt før, og står med jakka på og veska over skuldra og drøser med fire av dei nye kollegaene sine.

Den nye soknepresten i Bryne, Trond Inge Tappel (nummer to frå venstre), starta i jobben måndag. Her i drøs med nokre av dei nye kollegaene sine: Siri Vik, Dagny Oltedal Hetland (delvis skjult bak PC-skjermane), Jostein Aarbakke Tollaksen og Elisabeth Skartveit Obrestad.
Den nye soknepresten i Bryne, Trond Inge Tappel (nummer to frå venstre), starta i jobben måndag. Her i drøs med nokre av dei nye kollegaene sine: Siri Vik, Dagny Oltedal Hetland (delvis skjult bak PC-skjermane), Jostein Aarbakke Tollaksen og Elisabeth Skartveit Obrestad. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

43-åringen tjuvstarta litt i den nye jobben dagen før, då han blei introdusert for kyrkjelyden under Jærdagsgudstenesta på Bryne torg. Men måndag 1. juni er den første offisielle arbeidsdagen hans som sokneprest.

– Eg gler meg

For Trond Inge Tappel er jobbskiftet eit stort sprang.

– Det er spennande. Eg gler meg til å bli kjent med nye folk, og finna ut av korleis ting blir gjort her. Det er mykje nytt, men heldigvis er mykje av det grunnleggjande likt frå stad til stad i Den norske kyrkja, seier Tappel.

Trond Inge Tappel, ny sokneprest i Bryne.
Trond Inge Tappel, ny sokneprest i Bryne. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Han kjem flyttande frå Skien, der han har jobba som prest i same kyrkjelyden dei siste snart 15 åra – heilt sidan han var ferdig utdanna prest. Sjølv om han har hatt ulike stillingar i Gimsøy og Nanset sokn, har han aldri prøvd å byta kyrkjelyd som prest før.

– Den største overgangen blir nok å gå over frå bokmål til nynorsk. Eg har lese meg opp og øvd meg ein god del det siste halve året, og kjenner jo at nynorsk ligg nærare dialekta mi, seier Tappel, som er oppvaksen i Stavanger.

– Eg har også begynt å skriva på nynorsk, for å finna mi stemme på den målforma, legg han til.

Korleis var første dagen?

Men kva gjer eigentleg ein sokneprest på den aller første dagen i ny jobb?

Svaret er: Ganske mykje av det same som andre som begynner i ein jobb der ein god del av kvardagen handlar om å jobba på eit kontor.

– Først av alt, etter helserunden, må me få han opp og gå på dataen, og sørgja for at han har tilgang til dei forskjellige systema som me brukar. Og så er det mykje praktisk informasjon som skal overleverast. Eg reknar med at det meste av dagen går med til det, seier kyrkjeverje Jostein Aarbakke Tollaksen, som er litt ekstra spent på den første arbeidsdagen for den nye soknepresten i Bryne.

For på kyrkjekontoret i Bryne sentrum held dei på med å byta nettleverandør, og installeringa blei ikkje heilt ferdig fredag, som planlagt. Så installatøren er på plass, og nett-tilkoplinga kjem og går litt nett denne måndagen.

Medan kyrkjeverja snakkar med Jærbladet, hukar administrasjonskonsulent Dagny Oltedal Hetland tak i den nye presten. Han får informasjon om fem dåpar og eit par vigslar han skal ha ansvaret for i vekene som kjem – berre sånn som ein start.

Fem dåpar og eit par vigslar dei næraste vekene kan vera greitt å få beskjed om på veg inn til første dag på kontoret. Her er det berre å finna fram kalenderen.
Fem dåpar og eit par vigslar dei næraste vekene kan vera greitt å få beskjed om på veg inn til første dag på kontoret. Her er det berre å finna fram kalenderen. Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Arbeidet på det tekniske rommet skapte ekstra spenning på den nye soknepresten sin første arbeidsdag. Kyrkjekontoret på Bryne held på å bytta nettleverandør, og då kjem og går nettet litt.
Arbeidet på det tekniske rommet skapte ekstra spenning på den nye soknepresten sin første arbeidsdag. Kyrkjekontoret på Bryne held på å bytta nettleverandør, og då kjem og går nettet litt. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

– Me går inn i høgsesongen for giftarmål no, så dette plar vera ei travel tid, seier Tappel med eit smil.

Den første kyrkjelege handlinga han skal delta på, er innsettingsgudstenesta i Bryne kyrkje søndag 7. juni, saman med prost Lars Sigurd Tjelle.

Har flytta inn i prestegarden

For godt og vel ei veke sidan kom flyttelasset frå Skien til prestegarden i Time, der Trond Inge Tappel og familien skal bu.

Familien består av han sjølv, kona Ingeborg Heggheim frå Lye og tre barn – ein gut som blir 13 seinare i år og tvillingar på 11 år.

Namneskiltet er på plass, her går sokneprest Trond Inge Tappel inn på kontoret sitt for aller første gong.
Namneskiltet er på plass, her går sokneprest Trond Inge Tappel inn på kontoret sitt for aller første gong. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

På kyrkjekontoret er namnet på plass på kontoret til den nye soknepresten i Bryne.

– Det er veldig likt kontoret eg hadde i Skien, slår Tappel fast i det han går inn dit for første gong.

I kontorfellesskapet i Bryne sentrum får han bli kjend med alle dei andre tilsette i Den norske kyrkja i Time, for her er alle samla under same tak.

I Bryne kyrkje har han også med seg ein eigen dagleg leiar, Elisabeth Skartveit Obrestad. I Skien var han ikkje del av eit slikt tospann, og dermed reknar han med at det blir færre administrative oppgåver – og meir tid til å konsentrera seg om presteoppgåvene – i den nye jobben.

Tappel blir også del av den faglege fellesskapen i Jæren prosti, som dekkjer kommunane Klepp, Time, Hå og Gjesdal.

– Dei har treft godt, slår sokneprest Trond Inge Tappel fast om velkomstgåva. Han likar både søtsaker og god kaffi.
– Dei har treft godt, slår sokneprest Trond Inge Tappel fast om velkomstgåva. Han likar både søtsaker og god kaffi. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Ja, prestar fører timelister

– Korleis er arbeidstida til ein sokneprest? Jobbar de kvar einaste søndag?

– Nei, me har rett på ein søndag fri kvar månad. Og så skal me ha to fridagar i løpet av ei veke, og dette blir sett opp i planar, men med ein viss fleksibilitet. Så det har blitt ganske ordna arbeidstid for oss prestar, seier Tappel.

Kyrkjeverje Jostein Aarbakke Tollaksen overleverer nøkkelknippet til sokneprest Trond Inge Tappel. – Her er alt du treng av nøklar, både her til kontoret og til alle kyrkjene i Time, seier Tollaksen.
Kyrkjeverje Jostein Aarbakke Tollaksen overleverer nøkkelknippet til sokneprest Trond Inge Tappel. – Her er alt du treng av nøklar, både her til kontoret og til alle kyrkjene i Time, seier Tollaksen. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Soknepresten i Bryne går i turnus med prestane i Time og Undheim, og kjem derfor også regelmessig til å bli å sjå i desse to kyrkjene.

Og viss du lurte: Ja, prestar fører timelister, kan den nye soknepresten stadfesta.

Det er eitt av systema han må koma seg inn på den første dagen i ny jobb.

Trond Inge Tappel stikk innom i døra og helsar på dei som jobbar med trusopplæring.
Trond Inge Tappel stikk innom i døra og helsar på dei som jobbar med trusopplæring. Foto: Foto: Åge Bjørnevik