– Erfaringa mi er overfylte togvogner og fleire forseinkingar og innstillingar. Mange må stå store delar av reisestrekninga både morgon og ettermiddag. Slike reiseopplevingar meiner eg fort kan leia til at fleire vel bil føre kollektivt. Eg jobbar meir heimekontor enn tidlegare som følge av dette. Dobbeltspor på Jærbanen kan ikkje utsettast lenger.
Slik er vurderinga til Siri Hodne Vollsund frå Bryne. Arbeidsplassen ligg rett ved Stavanger stasjon.
Under førre kommunestyret i Time fekk ho støtte frå Endre Vollsund (V).
Han helste heim til kona og delte erfaringane hennar.
– Ho seier at det aldri har vore så gale som det er i dag. Toga er stappfulle. Kapasiteten er sprengt. Forseinkingar er blitt kvardagen og folk lit ikkje lenger på toget slik dei gjorde før.
Tidlegare i møtet hadde han vore med på å vedta korleis dobbeltsporet – «ein livsnerve som bind saman by og land» – skal gå gjennom Time.
Spørsmålet er kva som skal skje vidare med banen som Siri og andre brukte 5,8 millionar gonger i fjor.
Risikerer å stoppa opp
Ein moderne bane skal dessutan redusera reisetida med minst tre minutt – og dermed snu trenden med reiser som blir lengre.
Onsdag vedtok Time kommunestyre ein kommunedelplan for dobbeltsporet – slik også Hå, Klepp og Sandnes skal gjera.
Planarbeidet skaut først fart i 2019, etter at fylket og seks kommunar gjekk inn i eit spleiselag med Jernbanedirektoratet og Bane Nor.
I saksframlegget til dobbeltsporplanen skriv kommunedirektøren i Time:
«Med mindre det gjøres et aktivt arbeid for å få inn dobbeltspor-prosjektet inn i NTP vil det kunne ta lang tid før en slik regulering vil kunne starte opp. For å kunne komme videre, samt å gi mest mulig forutsigbarhet, er det viktig at KDP Dobbeltspor nå blir vedtatt.»
Skal driva lobbyverksemd
For å få gjennomslag på Stortinget for vidare pengebruk, skal kommunane langs Jærbanen og Næringsforeningen i Stavanger-regionen synleggjera behova for investeringar og moglegheitene for framtidig utvikling.
Bodskapen frå ei rekkje aktørar på Jæren er at pengar til detaljregulering og bygging må inn i Nasjonal Transportplan 2029–2040.
Onsdag forplikta Time seg til å driva omfattande lobbyverksemd. To dagar tidlegare gjorde kommunestyret i Klepp det same.
Også kommunestyret i Sandnes og formannskapet i Hå og Stavanger, har vedtatt at kommunane skal vera aktive pådrivarar.
Kommunen med endestasjonen i sør på Jærbanen, Eigersund, behandlar saka i kommunestyret 29. september.
Fylkestinget behandla saka tysdag. Tidlegare hadde fylkesutvalet støtta prioriteringa, og dessutan invitert med Lund kommune.
Blitt mindre punktleg
Med omtrent like mange passasjerar som Flytoget, er Jærbanen blant dei fem jernbanestrekningane med flest passasjerar i Norge.
Passasjertalet er auka med 152 prosent sidan 2000. Særleg har auken vore stor etter at dobbeltsporet opna mellom Stavanger og Sandnes i 2009.
Sjølv om talet på pendlarar er dobla dei siste 25 åra, er det framleis fleire som tar bilen til jobb – og fleire kan det bli.
Brukarane av lokaltoget har sett punktlegheita falla frå 89,8 prosent i 2019–23 til 86,9 prosent i 2024.
Utfordringane er ikkje mindre for godstrafikken og regiontoga. Hovudutfordringane er morgon- og ettermiddagsrushet.
«Trafikktettheten og ruteplanen på Jærbanen har ikke rom for tekniske feil, og svært små forsinkelser forplanter seg raskt via alle kryssingene på den enkeltsporede delen av strekningen», rapporterer Bane Nor.
Vil kosta 14 milliardar
Siste estimat er at 22,3 kilometer med dobbeltspor vil kosta 14 milliardar kroner.
Næringsforeininga vurderer å bestilla analysar som får fram «muligheter og effekter av økt kapasitet på banen, ut over det som framkommer i ordinære samfunnsøkonomiske analyse», står det i saksframlegget.
Då vil kommunane visa til ein folkevekst langs Jærbanen på 40 prosent dei siste 25 åra.
Dei vil òg visa til at jærkommunane i den same perioden, i aukande grad, har forplikta seg til å fortetta rundt kollektivaksane.
«At Jærbanen har vært lavt prioritert over lang tid, står ikke i forhold til trafikkgrunnlag og banens betydning og viktige potensiale. Sprengt kapasitet på Jærbanen gir meir bilkjøring og manglende tillit til togtilbudet, i strid med felles mål», heiter det i den felles saka.