– Staden er nyleg. Heilt perfekt for denne filmen.
I ein matpause kommenterer Marcus Johnson prakteigedommen i Postvegen, som familien Særheim har overlate til filmcrewet.
Den siste laurdagen i mai er dei dratt i bryllaup, mens hus og gard blir nytta som kulisse for ein komedie med mørke undertonar.
Kortfilmen «Følg meg» handlar om ein ung mann som er opphengt i ein influenser, og legg planar for å kidnappa henne.
Han har falle pladask for bilda ho postar i sosiale medium, der ho kuraterer ein berekraftig økolivsstil på landet.
– Han trur ho kjem til å forelska seg i henne viss han kidnappar henne, men faktisk har ho lurt han heile tida, fortel Johnson.
Dermed endar guten opp som ein slags assistent som blir manipulert til å laga innhald til sosiale medium.
– Det blir mørkt og uhyggeleg, og handlar om korleis besettelsar på nett kan spela seg ut i den verkelege verda.
Voks opp i nabolaget
Hovudrolleinnehavarane kjenner seg godt ivaretatte på settet, men er ikkje så greie med kvarandre når kameraet går.
– Nei, me er to stalkerar, seier «Edgard».
– Me er like galne begge to, så då går det vel fint, meiner «Ava».
Sondre Helgesen bur i Oslo, men er frå Stavanger. Han liker å gå inn i den sprø verda som er laga for filmen «Følg meg».
– Det er litt «over the top», og mykje drama.
– Som skodespelar er det ein draum å gå frå start til slutt, med ein karakter det skjer så mykje med, seier Vilde Espedal Bjørkedal
26-åringen bur i Sandnes, men voks opp i Rosevegen sør på Kleppe, berre nokre hundre meter på filmsettet på Særheim.
Etter ein matpause er dei klare å gyva laus på ei ny nøkkelscene, ein heftig konfrontasjon i blomehagen.
Engelskmenn i Norge
Innspelinga går over tre dagar. Resultatet, med ei speletid på 10–15 minutt, skal sendast til festivalar i inn- og utland.
Linn-Irene Ingemundsen frå Nærbø har skrive manuskriptet, og er regissør saman med engelske Matthew Green.
Green er med og driv produksjonsselskapet Glacé Media med Matthew Johnson, og har base i Manchester.
Dei er i Norge på grunn av engelske James Froment, som driv selskapet Flare i Sandnes, saman med Håkon Hetland.
Dette er tredje gongen selskapa samarbeider. Sidan den førre filmen var i England, gav det meining å laga denne i Norge.
Manusforfattaren har tilpassa filmideen til eit stramt budsjett, og halde talet på skodespelarar og lokasjonar nede.
Heilklaff med settinga
For å spela ut scenene, treng filmskaparane ein stad å spela dei inn. Dei hadde ein klar idé om korleis staden skulle sjå ut
Medprodusent James Froment hadde høyrt Fjóla Helene Særheim halda eit føredrag, og kontakta henne om planane deira.
Planane verka ganske sprø, meinte ho, som utan å nøla opna blomegarden for engelskmennene.
– Ho har vore utruleg hjelpsam. Blomane er fantastiske og passar perfekt på settet vårt, seier Johnson.
– Sjukt greie
Men det er ikkje berre blomane som gjer at garden funkar. Det jenta i filmen ikkje deler på sosiale medium, er nemleg ikkje så triveleg.
– Me trong eit mørkt og skite rom til ei nøkkelscene i filmen, når guten vaknar etter å ha blitt kidnappa. Her er det mange slike plassar, garasjen, men også eit planterom, der me spelte inn ei uhyggeleg scene.
Og så er det alt det som ikkje skal på film, men som må til for at filmen skal bli noko av.
Filmarbeidarane går inn og ut av huset, låner toalettet og lagar lunsj på gassgrillen.
– Familien har vore sjukt greie med oss, seier medprodusent James Froment.
Etter innspelinga på laurdagen skal dei filma på kafé, ein park eit yogastudio på Bryne, og i ein buss lånt av Kolumbus.