I sist kommunestyremøte fekk Stangeland Gruppen lov til å utvida steinbrotet på Kalberg. Dermed får Jærpukk lov til å grava seg lengre inn i og ned i terrenget, sjølv om områdeplanen for Kalberg ikkje eingong er komen til førstegongsbehandling.
Og dei får lov sjølv om omkøyringsvegen rundt Kvernaland, som Stangeland Gruppen skal vera med og finansiera, ikkje eingong er teikna ferdig.
Begge delar er i strid med den juridisk bindande arealdelen til kommuneplanen, som vart vedtatt juni 2021. Det skjedde med 14 mot 13 stemmer i kommunestyret, og etter harde forhandlingar i meklinga med Statsforvaltaren og Rogaland fylkeskommune.
– Utan at finansieringa av vegen er på plass, blir det inga utbygging. Så enkelt er det, hevda politikaren Lars Enevoldsen i 2021, som éi veke seinare var med og sikra fleirtalet for «Kalberg-utbygginga».
Utbyggingsrekkjefølgekrava som er vedtatte i kommuneplanen, er klare:
Fekk unntak under tvil
SV-politikar Øystein Nereng, tidlegare leiar i Vern Kvernaland, meiner utvidinga av steinbrotet ikkje berre hòlar ut grunnen under Kalberg, men også risikerer å gjera det same med grunnlaget for omkøyringsvegen.
Han stemte nei i kommunestyret 19. februar.
«Begrunnelse: Planen er i strid med kommuneplanen ved at topplaget/løsmasselaget i RK4 er foreslått tatt ut før omkjøringsveien er på plass, og at kravet om felles planlegging ikkje følges.»
Forslaget fekk støtte frå partikollegaen Beate Aasen Bøe, men ingen andre.
Diskusjonen var rimeleg kort, og dreidde seg i hovudsak om éin ting:
- Kan kommunen lita på lovnadene om finansiering som kjem frå Stangeland Gruppen, og derfor seia ja til utvidinga?
Talarane kan delast inn i fire nyansar av tvil:
- Jaaa: Gaute Stokka (FrP)
- Ja: Anders Undheim (KrF)
- Okei då: Jone Fosse (Sp)
- Nei: Øystein Nereng (SV)
Utan garanti
Føresegnene i planen kommunestyret vedtok, inneheld ei avgrensing på årleg uttak fram til omkøyringsvegen er etablert. Han inneheld også ei plikt til å kopla seg på vegen innan eitt år etter denne er etablert.
Mykje er uklart, går det fram av kommunedirektøren sitt saksframlegg:
«Arbeidet med områdeplanen er som kjent trukket ut i tid, og løsning for vegen er per idag ikke avklart. Kostnaden vil bli høy, og finansiering av veianlegget vil bli krevende og er per i dag ikke løst. I dette tilfellet slipper en på et uttaksområde før en har regulert et veianlegg. Det er dermed ikke mulig å stille rekkefølgekrav om anleggsbidrag i denne planen.»
Kommunen har inga moglegheit til å påverka storleiken på anleggsbidraget frå Stangeland Gruppen.
Likevel legg kommunedirektøren til grunn at Stangeland står ved løftet om finansiering, og at dei «bidrar med en rimelig andel av kostnaden med omkjøringsvegen når denne etableres».
Føresetnaden er basert på eit dokument Jærpukk har sendt kommunen. Der skriv dagleg leiar Bjørn Helge Bore at Stangeland Maskin og Jærpukk skal bidra med kapital til både omkøyringsveg og områdeplan.
Ukjent bidrag
Stangeland Maskin er aksjonær i Time Energipark, som saman med Time kommune står bak områdeplanen for Kalberg.
I brevet opplyser Bjørn Helge Bore at Stangeland Maskin ikkje lenger skal vera ein aksjonær i selskapet, og at dei vil inngå ein privatrettsleg avtale om å bidra «med en forholdsmessig andel av kostnadene».
Inntil vidare står selskapet oppført med 14 prosent av aksjane i Time Energipark. Green Mountain står med 19 prosent og Kalberg Holding med 67 prosent.
I Kalberg Holding er Masiv Eiendom, IKM Eiendom og Stangeland Gruppen like store eigarar.
I brevet til kommunen presiserer Bjørn Helge Bore at bidraget frå Stangeland Maskin «må stå i stil med lønnsomhet og uttakstakt», til dømes i form av eit bidrag per tonn.
– Kor mykje ser de føre dykk å betala?
– Me har ikkje noko meining om beløpet. Me veit ikkje kva vegen kostar, og veit heller ikkje vår del av del av bidrag. Så eg veit ikkje.
– Kva tid skal de betala pengane?
– Då må i alle fall vegen vera avklart. Så vidt eg forstår, må områdeplanen vera klar, og så må nokon meina noko om korleis denne modellen skal vera. Korleis skal vegen byggast ut? Kva skal han kosta? Me er klare når alle dei andre er klare, men me kan jo ikkje betala noko nå, for akkurat nå er det ingen som veit nokon ting.
Lovar å betala
– Me er veldig positive til vegen, og har lyst til at han skal koma, seier Bore.
Han meiner Jærpukk vil ha nytte av omkøyringsvegen, sjølv med vedtaket i kommunestyret 19. februar.
For det første har bedrifta ei avgrensing på 200.000 kubikk pukk som kan køyrast ut per år, fram til omkøyringsvegen er etablert.
– Det gjer oss meir konkurransedyktige, seier Bore.
Med lettare tilkomst frå Foss-Eikeland, kjem Jærpukk nærmare Stavanger og Sandnes, som gjev kundane der kortare veg.
– Det gjer oss meir konkurransedyktige, seier Bore.
Dessutan deler Jærpukk ønsket om å senda tungtransporten vekk frå bustadfelta.
– Bebuarane liker ikkje at me køyrer der, og me liker ikkje å køyra der sjølve heller. Viss me kan sleppa å køyra gjennom eit bustadfelt, så vil me jo det.
– Kommunen har ingen garanti. Er Stangeland Gruppen til å lita på?
– Me er ein ansvarleg næringslivsaktør, som skal vera med og ta vår del. Det er ikkje sånn at me skal finansiera han åleine, berre så det klart, me utgjer berre ein liten del av grupperinga som jobbar med områdeplanen. Men me er klare til å vera med og bidra, saman med andre.