scraper online neste kjøring om 10 min

Skriv for å søke i artikler…

avis.ber.ge

kalberg-utbygginga

JBL
Politikk
Time går offensivt til verks
Time kommune blæs opp jordvernmålet og legg inn næringsområde på Undheim som ein buffer, i tilfelle «Kalberg-utbygginga» ryk.
JBL
Stangeland Maskin får tjuvstarta på større masseuttak
Stangeland Maskin er i ferd med å gå tomme for pukk, grus og sand i masseuttaket på Kalberg. Bør dei få planleggja utviding av området sitt nå? Nei, meinte kommunedirektøren. Fleirtalet valde å ikkje høyra på han.
JBL
Det gjekk ikkje vegen for utbyggarane: – Norgesrekord i pålegg og rekkefølgekrav
Eit knapt fleirtal går inn for å la Time Energipark byggja omkøyringsveg rundt Kvernaland og Orstad steg for steg. Men dei folkevalde vil ha garanti for at utbyggaren på Kalberg ikkje gir seg før heile vegen er på plass.
JBL
Blir ikkje med på Kalberg-endringar: – Då blir det veg til datasenteret, ikkje lenger
Kommunen kjem utbyggarane på Kalberg i møte. Men løysingane går på tvers av tidlegare politiske føringar. Heilt uaktuelt, meiner folk i opposisjonen. Høgre er meir positive.
JBL
Politikk
Møteleiaren dreg på ferie når utvalet tar milliardavgjerd
I snitt har eitt fast medlem vore borte i kvart einaste møte. Høgre er størst og manglar oftast.
JBL
MENING
Lokal verdiskaping, framfor verdiskaping på Austlandet eller i utlandet
JBL
Næringsliv
Hyrte Norges største advokatfirma mot kommunen
Lokale storkonsern vil stoppa krav om at overskotsvarmen frå datasentera på Kalberg skal gå til noko nyttig.
JBL
Jordvernarane mot datasenter: – Me har ikkje råd til å gjera feil
Seks år etter at dei samla seg mot datasenter- og industriplanane på Kalberg, er dei like motiverte. Og litt oppmuntra. – Nå er det spørsmåla me har stilt heile vegen, som kjem opp, seier kvinnene som driv aksjonsgruppa Vern Kvernaland.
JBL
Næringsliv
Ordføraren set hardt mot hardt: – Utan dette blir det ingenting på Kalberg
Industri-utbyggarane på Kalberg vil ha omkamp om milliardveg og straumsløsing. Nå set Høgre-ordføraren i Time foten ned.
JBL
MENING
Problemet er ikkje at me er feite og late
JBL
Datasenter vil laga enorme mengder varme. Ingen veit kva dei skal gjera med den
Enorme mengder varme som ikkje må gå til spille. Politikarane har kravd at restvarmen blir brukt viss det skal byggast datasenter på Kalberg. Men ennå veit ingen korleis det skal gjerast.
JBL
Næringsliv
Krev spleiselag for milliardvegen – nektar å vera pengebinge
– Det er grenser for kva ein kan pålegga utbyggarar utan at dei til slutt kastar korta, meiner utbyggaren Time Energipark. Det er eit stort problem. For ingen av dei offentlege aktørane har sett av éi krone til vegen som trengst.
JBL
Ny veg skal kutta reisetida med eit minutt: – Forstår ikkje kvifor folk vil sperra seg inne på denne måten her
Ein ny omkøyringsveg rundt Kvernaland vil gå tvers gjennom garden til Torbjørn og Kjersti Kalberg. Dei meiner vegen er til meir skade enn gagn – ikkje berre for dei, men for heile bygda.
JBL
Næringsliv
Spådde ti tusen nye arbeidsplassar. Planen han la fram, legg opp til langt færre
– Skriv det på kontoen for debatt på ein pub, svarar leiaren i Time Energipark når Jærbladet spør om han overdreiv.
JBL
Næringsliv
Nedbygging av 2.400 dekar på Kvernaland: – Saka er komplisert, men løysinga enkel. Det er å seia nei
– Vår kamp er den same, seier leiaren av Vern Kvernaland etter at Time Energipark tidlegare i sommar leverte sitt forslag til områdeplan for det dei vil gjera til eit industriområde på Kalberg.
JBL
Næringsliv
Vil bygga ut over to tusen dekar – deira eiga utgreiing åtvarar om «svært stor negativ konsekvens»
Ei utgreiing laga på oppdrag av firmaet som vil bygga ut eit nytt industriområde på Kalberg, konkluderer med at ei realisering av planane vil ha svært stor negativ konsekvens.
JBL
Politikk
Er Stangeland til å lita på? – Me skal vera med og ta vår del
Stangeland Gruppen omset for tre milliardar kroner. Eit vedtak i februar gjer at Time kommune ikkje er garanterte pengebidrag frå pukkverket deira til ny omkøyringsveg på Kvernaland.
JBL
Microsoft droppar Kalberg? Datasenter kan hamna i Sandnes
Green Mountain vil korkje stadfesta eller avkrefta om dei ser på Vagle som eit alternativ for «sin» teknologigant.
JBL
Næringsliv
Aksjonsgruppa har fått en Beyonder-boost: – Nå vinner vi dette
– Endelig er det noen som tar til fornuft, sier Vern Kvernaland-leder Øystein Nereng. Kampviljen i aksjonsgruppa fikk seg et skikkelig løft da nyheten sprakk om at batterifabrikken Beyonder likevel ikke kommer til bygda deres.
JBL
Politikk
Møtt av demonstrantar: – Det er no kampen startar
Bondelaga i Time og Klepp og Vern Kverneland stilte mannsterke utføre Time rådhus for å demonstrera mot datasenter på Kalberg.