I cirka eitt og eit halvt år har ni politikarar sete saman i lange møte og arbeidd med å fornya kommuneplanen til Time kommune.

Gruppa har nøyaktig same samansetting som formannskapet, som onsdag vedtok å senda resultatet av arbeidet på høyring.

Saman med budsjettet og økonomiplanen er kommuneplanen det viktigaste dokumentet kommunestyret vedtar.

Ordførar Andreas Vollsund meiner planen legg til rette for vekst i næringslivet og bustadbygging i alle tettstadene i kommunen.

I møtet føretrekte han formuleringa utkast om det som er sendt på høyring; det er langt fram til ein endeleg godkjent kommuneplan.

– Det er ein offensiv plan, men dette er ikkje fasiten. Dette er eit utkast til ein plan som skal ut på høyring, som vil gje oss ulike høyringsinnspel. Så skal me massera planen vidare, og koma ned til det som er viktigast for Time kommune.

Plankartet er juridisk bindande – men blir truleg ikkje akkurat slik formannskapet ønsker. Til grunn for utkastet som er sendt på høyring, ligg fleire fagnotat frå administrasjonen og 46 merknader og innspel.
Plankartet er juridisk bindande – men blir truleg ikkje akkurat slik formannskapet ønsker. Til grunn for utkastet som er sendt på høyring, ligg fleire fagnotat frå administrasjonen og 46 merknader og innspel. Foto: Foto: Time kommune

Tydeleg fleirtal

Høgre, partiet til ordføraren, har tre representantar i formannskapet. Dei faste samarbeidspartia KrF og Frp har éin representant kvar.

Derfor var vedtaket om å senda utkastet på høyring alt anna enn overraskande. Ap støtta òg innstillinga frå kommunedirektøren.

Det gjorde ikkje Tarald Magne Oma (Sp) og Beate Aasen Bøe (SV), som fremja kvart sitt forslag om å avvisa innstillinga.

– Eg må vel seia eg er nokså usamd med siste talar. Me ønsker å gå for dette forslaget, sa KrF-representant Anders Undheim.

Aasen Bøe ville be kommunedirektøren om ei «vesentleg omarbeiding av planframlegget», og ei ny, samla vurdering av arealbruken i Time.

Det alternative forslaget, som hadde fleire punkt, var i realiteten ein full omkamp om konklusjonane til fleirtalet i styringsgruppa.

– Me meiner me treng ei grundigare vurdering av arealbruken i kommunen før me går vidare med kommuneplanen. I planframlegget aukar me arealet med utbyggingsføremål med 859 dekar samanlikna med førre kommuneplan. Mengda jordbruksareal som kan bli disponert om, aukar med 542 dekar, sa Beate Aasen Bøe.
– Me meiner me treng ei grundigare vurdering av arealbruken i kommunen før me går vidare med kommuneplanen. I planframlegget aukar me arealet med utbyggingsføremål med 859 dekar samanlikna med førre kommuneplan. Mengda jordbruksareal som kan bli disponert om, aukar med 542 dekar, sa Beate Aasen Bøe. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Vil kunna bygga ned meir

Kommuneplanen består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Den første delen definerer langsiktige mål og strategiar for kommunen.

Ifølge kommunedirektøren er dei overordna prioriteringane frå samfunnsdelen, sist vedtatt i 2022, framleis aktuelle.

Her definerte kommunen første gong eit såkalla jordvernmål.

Det er meint som eit øvre tak på kor mykje jordbruksareal som kan omdisponerast i kommunen per år.

Kommunedirektøren har lytta til fleirtalet i styringsgruppa, og forklarer kvifor jordvernmålet nå er ønskt justert betydeleg opp:

«Styringsgruppen har vurdert at behovet for boligbygging, næringsutvikling og kraftkrevende industri tilsier en høyere omdisponering enn det som følger av gjeldende jordvernmål.»

For å legga til rette for dette, og utbygging av samferdsel, ønsker Time kommune å kunna bygga ned inntil i året.

I februar valde det å avvisa ein ferdig plan for naturmangfaldet i Time kommune.

– Me synest det er mykje bra og at det er gjort gode vurderingar undervegs. I staden for å ta ut ting, skyv me ut i tid, sa Anders Undheim (KrF).
– Me synest det er mykje bra og at det er gjort gode vurderingar undervegs. I staden for å ta ut ting, skyv me ut i tid, sa Anders Undheim (KrF). Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Skjerpa forventningar

Tarald Magne Oma peika i sitt alternative vedtak på at det nasjonale jordvernmålet er blitt skjerpa sidan Time sist definerte eit mål.

Det meiner han Time kommune i større grad må ta innover seg enn det kommunen gjer i utkastet som nå er sendt på høyring.

Han fekk berre med seg SV på å be kommunedirektøren laga eit notat som viser korleis Time kan redusera omdisponering av matjord.

Notatet var ikkje berre ei lekse til kommunedirektøren, Oma bad styringsgruppa innarbeida nødvendige justeringar før høyringsrunden.

Ap støtta ikkje dette forslaget, men Karen Hognestad Liland sa frå om at partiet ikkje vil bygga ned matjorda på Re/Svertingstad.

Området sør på Bryne har vore omstridd, men det politiske fleirtalet ønsker å behalda jordbruksjorda som eit framtidig næringsområde.

Generelt har ikkje fleirtalet ønskt å ta ut bustad- eller næringsområde frå kommuneplanen, men enkelte område er blitt skovne ut i tid.

Tarald Magne Oma (Sp) meinte administrasjonen har arbeidd godt med planen. Han tykkjer likevel at summane av alle endringane blir for stor. Han seier nei til utbygging på Re/Svertingstad og på Kalberg. – Me skal vera med og legga til rette for nye næringsareal, men det må skje på mindre produktive areal.
Tarald Magne Oma (Sp) meinte administrasjonen har arbeidd godt med planen. Han tykkjer likevel at summane av alle endringane blir for stor. Han seier nei til utbygging på Re/Svertingstad og på Kalberg. – Me skal vera med og legga til rette for nye næringsareal, men det må skje på mindre produktive areal. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

– Skal gå gjennom alt

I eit brev sendt i samband med planoppstarten la Statsforvaltaren til grunn at Time tar innover seg nye, nasjonale jordvernmål

Det inneber å unngå omdisponering og vurdera tilbakeføring av areal som ligg inne i kommuneplanen til utbyggingsføremål.

I brevet åtvara Statsforvaltaren mot nydyrking – som Time har gjort mykje av – som eit verkemiddel for å bøta på omdisponering.

Nydyrka jord har sjeldan same kvalitet som eksisterande jord, skreiv statsforvaltaren, og kjem ofte i konflikt med natur- og miljøverdiar.

Høie seier at ein del av oppdraget hans er å følga opp jordvernet overfor kommunane, når dei skal rullera kommuneplanen.

Han vil ikkje nå vurdera realismen i eit kommunalt jordvernmål på 67 dekar, men seier at dei nasjonale forventningane er blitt skjerpa.

– Me kjem sjølvsagt til å sjå på det totale bildet når det gjeld jordvernmålet, når me går gjennom kommuneplanen i Time. Det er klart at me har ei strengare vurdering nå på jordvern enn det me hadde førre gong kommuneplanen i Time vart rullert.

Etter formannskapsmøtet kom statsforvaltar Bent Høie på ein planlagt visitt på Time rådhus. Temaet var ikkje kommueplanen, som nå er sendt på høyring. – Me skal gå gjennom alt. Det kjem vurderingar frå oss på alt.
Etter formannskapsmøtet kom statsforvaltar Bent Høie på ein planlagt visitt på Time rådhus. Temaet var ikkje kommueplanen, som nå er sendt på høyring. – Me skal gå gjennom alt. Det kjem vurderingar frå oss på alt. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Undheim som buffer

Gruppeleiar i Høgre, Ole Jørgen Alstadsæter, varaordførar Gaute Stokka i Frp og Anders Undheim i KrF, kom alle inn på Kalberg i møtet.

Dei forklarte at utbygginga av kraftkrevjande industri er eit regionalt løft, sjølv om det kjem til syne på Time sitt arealrekneskap.

Ordførar Andreas Vollsund understreka at det, på grunn av strid om rekkjefølgekrav, er svært usikkert om utbygginga blir noko av.

Kommunedirektøren anbefalte å avvisa eit innspel om å utvida datasentertomta på Undheim med eit stort, nytt næringsområde.

Fleirtalet i styringsgruppa, og dermed formannskapet, er derimot klare på at kommunen treng eit alternativ.

Anders Undheim var fornøgd med at kommunedirektøren derfor hadde lagt areala på Undheim inn i innstillinga.

– Me veit ikkje kva som skjer på Kalberg. Viss me ikkje får utnytta Kalberg, vil me ha nytte av å utvida vidare på Undheim.

Karen Hognestad Liland sa på vegner av Ap at dei har for lite kunnskap til å seia korleis dei skal stilla seg til ei utviding der.