Utval for lokal utvikling har møttest sidan kommunestyrevalet i september 2023.

Når utvalet samlast neste torsdag for å ta viktige vegval for den største utbygginga i kommunen noko sinne, er det utan leiaren.

Det blir femte gong Rein Harald Salte, som representerer Høgre, har meldt forfall i det mektigaste av dei kommunale utvala.

– Eg kjem ikkje på møtet. Eg må melda fråfall, svarte han då Jærbladet ringde for å høyra kva det største partiet i utvalet meiner.

Utvalet gjer ofte endelege vedtak sjølv. I prinsippsakene for Kalberg-utbygginga skal utvalet innstilla til kommunestyret.

  • Den første saka handlar om sentrale rekkjefølgekrav. Dei skal både sikra finansiering av omkøyringsvegen rundt Kvernaland og ein arealbruk som gjer at i alle fall noko av overskotsvarmen frå datasentera blir utnytta.
  • Den andre saka gjeld Stangeland Maskin sitt ønske om å «tjuvstarta» på ein detaljplan for å utvida det store masseuttaket på Nordre Kalberg før områdeplanen for Kalberg-utbygginga er klar.

Travel innan shipping

– Eg skal på ferie. Det er noko som eg i dette tilfellet ikkje styrer sjølv, forklarer Salte seinare.

Dei føregåande fråværa i utvalet skuldast ein travel jobb i det private næringslivet som involverer mykje reising.

På proff.no er Salte oppført som styreleiar eller styremedlem i 22 selskap, som følger med jobben innan internasjonal shipping.

Salte presiserer at mange av desse selskapa skal slåast saman slik at talet på registrerte verv blir lågare ved årsslutt.

Han er òg dagleg leiar i 16 selskap. Dei fem selskapa som leverte eigne rekneskap i fjor, omsette for 669 millionar kroner.

– Er du for travel til å vera utvalsleiar?

– Eg vil seia at eg har vore relativt flittig den perioden eg har sete i utvalet. Eg trur eg med handa på hjartet kan seia at eg oppmøtemessig har kome greitt ut av det. Men eg har sagt at eg ikkje kjem til å stilla neste periode.

Høgre peika på Salte som leiar av utval for lokal utvikling denne perioden etter at førstevalet Pål Undheim valde å trekka sitt kandidatur.

Salte har sete i kommunestyret i to omgangar, frå 2007 til 2015, og frå 2019 fram til nå. I framtida vil han bruka meir tid på styreverv.

Hoppar av hamsterhjulet

Gunnar Bjorland Stone frå KrF skil seg ut i statistikken. Han var vore like ofte borte som Jone Fosse (Sp) og Endre Vollsund (V) til saman.

Med seks fråvær har kyrkjeverjen i Sola vore borte frå nesten kvart fjerde møte denne perioden (23 prosent).

Over nyttår er han 100 prosent ferdig i lokalpolitikken. Då flyttar han saman med familien frå Bryne til landsbygda i Australia.

– Eg hoppar av hamsterhjulet, sa KrF-politikaren då Jærbladet besøkte loppemarknaden han og kona arrangerte i august.

– Tenker det er lite

Rein Harald Salte seier at dei som er med i politikken, ønsker å bidra, og at dei gjer så godt dei kan.

Han synest ikkje det er mykje med 26 fråvær fordelte over 26 utvalsmøte.

– Eg tenker at det er lite. Me skal prøva å koma på alle møta, men folk har ein jobb, og me ønsker å ha med folk frå det private næringslivet i politikken. Dei som har ein jobb i det offentlege har kanskje ein større fridom, som tillèt meir?

Sjølv om Salte ikkje leier møtet neste torsdag, vil han bruka helga til å lesa sakspapira.

Den generelle tilbakemeldinga ligg fast:

– Når det gjeld utbygginga på Kalberg, er Høgre samla om at det må vera rekkjefølgekrav om omkøyringsvegen, som dei skal ta 100 prosent, og til spillvarmen. Viss utfallet blir at det då ikkje blir noka etablering, så OK. So be it.

Kommunestyret gjer endeleg vedtak i prinsippsakene onsdag 21. oktober.

Bodskapen er den same som Høgre-ordførar Andreas Vollsund (på bildet) fremja i sommar. Rein Harald Salte seier han har støtte i partigruppa for å vera såpass tydeleg som dette: – Me er oppe imot store apparat og då må me stilla krav. Pengar har dei, og viss det er vilje, er det pengar til veg. Så enkelt er det, seier Salte.
Bodskapen er den same som Høgre-ordførar Andreas Vollsund (på bildet) fremja i sommar. Rein Harald Salte seier han har støtte i partigruppa for å vera såpass tydeleg som dette: – Me er oppe imot store apparat og då må me stilla krav. Pengar har dei, og viss det er vilje, er det pengar til veg. Så enkelt er det, seier Salte. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim (arkiv)

Mannefall i mars

Når utvalsleiaren frå Høgre er borte, plar Thor Inge Kalberg steppa inn som møteleiar.

Han starta eit møte i mars i år med å beklaga at han måtte leia det. Då kjenner han seg mindre fri til å legga fram Frp sin politikk.

– Eg synest ikkje det er kjekt å sitta her som leiar, sa Kalberg i samband med namneoppropet.

På grunn av det han kalla «eit mannefall» måtte ei planlagt orientering om vasstanden i Roslandsåna, Kongo og Frøylandsvatnet utsettast.

Tre får skryt

Dei som mangla, utgjer 44 prosent av dei faste representantane i utvalet, poengterte Kjell Olav Stangeland.

– Det viser etter mitt begrep at dette ikkje blir prioritert høgt nok av dei som faktisk er valde inn i dette utvalet, sa han.

Han fekk det med i møteprotokollen: «det [er] til tider høgt forfall i utvalet, og at utvalsleiaren sitt fråvær er spesielt uheldig».

Stangeland og Kalberg er to av tre politikarar som har vore til stades på alle møta. Den siste er Øystein Nereng frå SV.

Dei to første er pensjonistar, mens Nereng jobbar i det offentlege.

Utvalsmedlem Jone Fosse har uansett skryt å koma med.

– Dei er gode, dei tre. Det er veldig bra.

Har halvparten av fråfallet

Høgre har ein tredel av medlemmane i utvalet, men over halvparten av fråfallet.

Pål Undheim har meldt forfall fem gonger, mens partifellen Iren Lassen har vore borte frå fire heile møte.

Jone Fosse er éin av politikarane som har merka seg at dei ofte manglar.

– Det har til tider vore ganske mykje fråvær og det høyrer til sjeldanheitene at me er fulltalige. Det er stort sett alltid ein vikar inne i møta og det er ikkje til å legga skjul på at det stort sett er Høgre som har fråvær, seier han.

Under eitt av møta gjekk Fosse bort til Jærbladet og gjorde eit poeng ut av at utvalsleiaren ikkje var erstatta.

– Eg reagerte då dei var så mange vekke at dei ikkje eingong greidde å stilla med vara. Det er jo litt dårleg, seier han.

Han blir overraska over å høyra at det har skjedd tre gonger – at eit møte blir halde med berre åtte representantar.

To gonger vart heile møtet gjennomført utan at Høgre stilte med vara for Salte (i november 2025) og Lassen (i april 2026).

I november 2023 måtte sistnemnde forlata før møteslutt utan at nokon sat klare bak i salen til å overta plassen hennar.

Har dobbelstemme

Med tre av ni representantar treng Høgre berre støtte frå to parti for å få viljen sin. Dei er einaste parti med meir enn éin representant.

Med leiaren har Høgre òg ei dobbelrøyst som møteleiaren kan bruka til å vippa fleirtalet når utvalet ikkje er fulltalig.

Det har skjedd éin gong denne perioden. Då nytta Salte røysta og sikra fleirtal for å gå vidare med biogassplanar på Høg-Jæren.

Partifellen Pål Undheim, som frontar utbygginga, var sjølvsagt inhabil og kunne ikkje vera med og behandla prinsippavklaringa.

I ei anna sak i januar 2025 var han inhabil på grunn av rolla som byggmeister i P. Undheim. Den saka vart vedtatt samla med åtte røyster.

I februar 2024 vart Kjell Olav Stangeland erklært inhabil i ei sak. Då var det Arbeidarpartiet som ikkje stod parat med ein vara for han.

Rein Harald Salte, Pål Undheim og Iren Lassen samrår seg under eit gruppemøte. Høgre er einaste parti med meir enn éin representant.
Rein Harald Salte, Pål Undheim og Iren Lassen samrår seg under eit gruppemøte. Høgre er einaste parti med meir enn éin representant. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim (arkiv)

Får inn varainseminør

Jone Fosse er bonde og inseminerer storfe for Geno. Han har sjølv vore borte frå tre utvalsmøte på grunn av jobben.

Det har vore gode grunnar, meiner han. Éin gong var han på kurs på Hamar, ein annan gong fekk han ikkje tak i vikar.

– Me er valde og bør stilla så sant me kan. Men av og til vil det koma ting i vegen som gjer det umogleg å koma.

Torsdag har Fosse ordna ein til å ta over arbeidet hans, slik at han sjølv er ledig når utvalsmøtet startar klokka eitt.

– Eg har fått vikar til å køyra på ettermiddagen. Når du er vald inn, så er du vald inn. Då skal du prioritera det ganske høgt, og det andre skal vera ganske viktig om du ikkje stiller på møte, seier han.

Torsdag formiddag inseminerer Jone Fosse storfe på jobb for Geno. På ettermiddagen etterlèt han den kunstige befruktninga til ein kollega slik at han delta på møtet i utval for lokal utvikling.
Torsdag formiddag inseminerer Jone Fosse storfe på jobb for Geno. På ettermiddagen etterlèt han den kunstige befruktninga til ein kollega slik at han delta på møtet i utval for lokal utvikling. Foto: Foto: Privat