Tysdag formiddag står Andreas Vollsund aleine utanfor «Norges største stikkontakt», Fagrafjell transformatorstasjon.
Men det han vil seia, er han langt ifrå aleine om, forsikrar han – for det sjekka han med partigruppa kvelden før. Han har heile Høgre-gruppa, med sine ti kommunestyrerepresentantar, i ryggen.
– Me er eit næringsparti, og me vil ha utbygging på Kalberg. Men ikkje for einkvar pris. Me kan ikkje belasta Kvernaland/Orstad med meir trafikk enn i dag, det greier ikkje vegnettet. Viss me ikkje kan få omkøyringsvegen finansiert av utbyggaren, blir det ikkje noko utbygging.
Denne bodskapen har han, ifølge seg sjølv, hatt lyst til å avlevera ei stund, etter utspela frå Time Energipark i Jærbladet dei siste vekene:
– Me skal ha veg. Og dei skal utnytta ein del av overskotsvarmen. Det har kommunestyret vedtatt.
Utbyggaren vil ha spleiselag
Dagleg leiar Tom Tvedt og styreleiar Eimund Nygaard har avvist at private kan finansiera heile omkøyringsvegen som må byggast for å avlasta trafikken gjennom Kverneland og Orstad.
Prislappen for vegen er antatt å vera over éin milliard kroner.
Vegen må bli eit spleiselag mellom kommunane Time og Klepp, fylkeskommunen og Time Energipark, meiner Tom Tvedt.
Men ingen av dei offentlege aktørane har sett av ei krone til dette – og vil det heller ikkje. Toleevna i Time Energipark er ikkje uendeleg, åtvara Tvedt:
– Det er grenser for kva ein kan pålegga utbyggarar utan at dei til slutt kastar korta.
Vollsund blir overgitt av denne bodskapen. Som ordførar vil han ikkje vera med og laga tvil om premissane i kommuneplanen.
– Dei får velja sjølv. Det er opp til dei, men dei vil mista det politiske fleirtalet i Time kommune – og dei vil mista prosjektet her – viss dei ikkje oppfyller dette.
Ser til Undheim
Finansieringa av vegen har aldri vore diskutert, hevdar Vollsund.
– Fylkeskommunen vil ikkje vera med så lenge det ikkje er bompengar. Og Time kommune har ikkje råd. Me har snudd økonomien, men står overfor ei eldrebølgje. Eg håper me skal få det til på Kalberg, men dei må faktisk visa at dei også ønsker det.
Ordføraren tvilar ikkje på at det finst pengar til veg hos utbyggaren – viss viljen er sterk nok.
Green Mountain er ein av eigarane i Time Energipark. Dei bygger datasenter på Undheim og har endå større planar på Kalberg.
— Grunnen til at eg er så tydeleg, er at eg ser at det blir investert milliardar på Undheim, og området her er mykje, mykje større. Med store verdiar, og den utanlandske kapitalen som kan koma her, må me forventa at dei gir tilbake ein omkøyringsveg og at overskotsvarmen blir nytta. For me kan ikkje sleppa ut så enorme mengder.
Nøyaktig kven kundane er, er ikkje kjend. På Undheim er kunden «eit vestleg, internasjonalt selskap som er blant dei største i verda», ifølge Green Mountains Norden-sjef Halvor Bjerke.
– Dei har nokre av verdas største tek-selskap som kundar. Det er så sterke kapitalkrefter i dette at dei må få det til, seier Vollsund.
– Må bruka overskotsvarme
Omkøyringsvegen er eitt av krava Vollsund ikkje vil ha omkamp om.
Det vil han heller ikkje ha om eit anna krav som kommunestyret sette i 2021, og som har vist seg temmeleg vanskeleg å oppfylla:
At overskotsvarmen skal brukast til noko nyttig.
Datasenter treng svært mykje straum og utviklar varme når anlegga køyrer. Berre eitt av delområda på Kalberg kan potensielt produsera 4,3 terawatt restvarme, meir enn varmebehovet i heile Rogaland.
– Det er eit krav at overskotsvarmen blir tatt vare på, og me forventar at dette blir løyst på ein god måte. Men det er ufatteleg vanskeleg i praksis. Det er få plassar i verda der dei har klart å bruka restvarmen, sa Martin Tengesdal Torstenbø, plan- og forvaltningssjef i Time kommune, til Jærbladet nyleg.
Dette endrar ikkje det grunnleggjande kravet frå kommunen, ifølge ordføraren.
– Eg forventar at administrasjonen jobbar fram ein avtale som sikrar veg, og som sikrar at òg overskotsvarmen blir brukt. I alle fall delar av han. Fordi her skal me bruka enormt mykje kraft.