– Datasenter kjem. Spørsmålet folk må stilla seg, er om me vil ha det her, eller om me berre vil ha vindmøllene som forsyner datasenter på Austlandet, seier Eimund Nygaard.
– Det ville i så fall vera veldig dumt. Viss me ikkje får det til nå, er me blitt «fat and lazy», meiner 66-åringen.
Sjølv gjekk han av som sjef i Lyse-konsernet etter 27 år i fjor, men har ikkje lagt inn årene. Før han i april blei henta inn som styreleiar i DNB Bank ASA, tok han på seg det tilsvarande vervet i Time Energipark AS.
– Behovet for nye arbeidsplassar kjem
Selskapet satsar på at Nygaard si lange erfaring med kraft, nett, breibandsinfrastruktur og strategiske partnarskap skal gi dei eit solid løft. Målet er å utvikla den svære energiparken på Kalberg og legga til rette for ny industri i regionen.
– Eg har vore engasjert i omstilling av regionen i mange år. Behovet for andre arbeidsplassar enn olje og gass kjem, seier Nygaard.
– Norsk industri har vore basert på kraft, og me har mykje fornybart i regionen. Nesten ingen andre har bygd ut like mykje vindkraft som oss.
Kjempevanskeleg puslespel
Han kjem inn i eit komplekst og svært omstridt prosjekt. Kalberg er den største områdeplanen i Norge, ifølge dagleg leiar Tom Tvedt, tidlegare fylkesordførar og idrettspresident.
Kalberg-utbygginga er «eit halvt Forus» og framleis på planstadiet, langt ifrå klart.
Det er eit puslespel av ambisjonar, interessekonfliktar, rekkefølgekrav og omsyn. Alt må på landast på ein eller annan måte viss det heile skal bli noko.
Regionen har nesten ikkje næringsområde for kraftkrevjande industri igjen, påpeiker Tvedt.
– Viss næringslivet skal omstilla seg og ikkje flagga ut, ligg det til rette på Kalberg for kraftkrevjande industri med sikker straumforsyning.
«Norges største stikkontakt» klar til bruk
Den nye transformatoren Fagrafjell sørger for den sikre forsyninga. Tvedt kallar Fagrafjell for «Norges største stikkontakt».
– Krafta er flytta til Jæren, han ligg i bakgarden. Spørsmålet er om me vil bruka han eller ikkje, meiner den daglege leiaren i Time Energipark.
I hjartet av planane ligg Green Mountain sitt planlagde datasenter, som kan bli størst i Norge.
– Datasenter er nåtidas olje, i tillegg til olja, meiner Tvedt.
– Mange jobbar ikkje det viktigaste
Men skaffar dei mange arbeidsplassar? Det har vore eit betent spørsmål i datasenter-debatten i Norge.
Nyleg snudde digitaliseringsminister Karianne Tung argumenta i diskusjonen.
– Det er ikkje noko mål i seg sjølv at flest mogleg skal jobba i eit datasenter, erklærte Tung (Ap).
Orda fall i ein heftig diskusjon med Raudt-politikar Sofie Marhaug i Stortingets spørjetime.
Brennbar SSB-analyse
Marhaug hadde vist til ein fersk analyse frå Statistisk sentralbyrå (sjå faktaramme), der forskarane slo fast at datasenternæringa i Norge i 2024 sysselsette 677 personar permanent, bidrog med litt over 1,2 milliardar kroner i direkte verdiskaping, og brukte 1,6 terawattimar straum.
Straumforbruket i 2024 tilsvarte drygt éin prosent av den norske straumproduksjonen. I fjor la næringa beslag på nesten to prosent, viser tal frå SSB og Elhub.
- Datasenternæringa når ikkje kraftkrevjande industri eller petroleumsektoren til knea eingong i verdiskaping, sa Sofie Marhaug i Raudt og viste til Statistisk sentralbyrå.Foto: Håkon Mosvold Larsen
– Annan industri gir fleire jobbar og meir verdi
– Det er ikkje mykje valuta for pengane, for å seia det mildt, meinte Marhaug.
Ho syntest dei permanente jobbane var det viktige, ikkje mellombelse jobbar i anlegg- og byggefasen.
– Annan industri kunne ha sysselsett langt fleire og bidratt til større inntekter for fellesskapet med same straumforbruk, sa Raudt-representanten.
– Veksten er ute av kontroll, og bransjen «støvsugar landet for kraft», la ho til.
Forsvarte midlertidige jobbar
Ministeren var sterkt usamd.
Datasenter er lønnsame, dei får ikkje subsidiar, og dei skapar lokale og regionale ringverknader i form av både direkte og indirekte arbeidsplassar, påpeikte ho.
Tung forsvarte at ho også la vekt på midlertidige jobbar i anlegg- og byggefasen: Denne næringa treng investeringar og oppdrag.
– Det er heller ikkje viktigast med flest mogleg arbeidsplassar i datasenter. Framover går me inn i ei tid der me vil mangla folk. At me har datasenter som er høgproduktive og har mykje verdiskaping per megawatt og per tilsett, er viktig for å kunne bruka folk der me verkeleg treng dei, sa Karianne Tung.
Frå ti tusen til 1.700
Også for det planlagde store industriområdet på Kalberg, er arbeidsplass-visjonane gradvis blitt meir beskjedne.
I ein debatt på puben Mellombels på Bryne hausten 2023, spådde Tom Tvedt «ti tusen» arbeidsplassar på området om 15 år. På spørsmål frå Jærbladet etterpå presiserte han at den prognosen også omfatta all annan kraftkrevjande industri og verksemder som kan komma til Kalberg.
I ryggen hadde Tvedt ein studie frå Green Mountain og Lyse Neo i 2020, som meinte det kunne bli minst 4.117 jobbar i industriområdet i 2032, og kanskje så mange som 8.295 arbeidsplassar.
Vyane for heile utbygginga var ikkje like spenstige i fjor sommar, då Time Energipark leverte sitt framlegg til områdeplan for Kalberg. Til saman såg konsulentane føre seg i overkant av 1.700 arbeidsplassar på heile industriområdet.
Green Mountain: "Minimum 500"
For sjølve datasenteret estimerer Green Mountain nå «minimum 500 årsverk knytt til sjølve datasenteret når det er i drift» ved full utbygging på 250 MW straum.
Dette omfattar tilsette i Green Mountain, hos kunden og hos faste leverandører av sikring og reinhald – altså dei som har sin faste arbeidsplass på Kalberg, ifølge selskapet sin nettside.
– Har ikkje allverdas tid
Det er fem år sidan Time kommunestyre ga grønt lys til å gå vidare med Kalberg-planane, med eit fleirtal på 14 mot 13 røyster.
Sidan har Time Energipark sine eigarar (sjå faktaramme) brukt 50 millionar kroner på ei rekke utgreiingar på vegner av Time kommune. Dei handlar om alt frå naturmangfald, kulturmiljø og arkeologi, til jordvern, massehandtering, flaum, klimagassutslepp og overskotsvarme.
Dette leverte dei til kommunen i fjor sommar.
– Me har ikkje allverdas tid, seier Tom Tvedt.
– Me var tidleg ute. Eigarane seier dei trur på dette, så sterkt at dei vil ta rekninga for utgreiingane av områdeplanar som det eigentleg er kommunane som skal laga. Så sit me her nå.
– Utgreiingar hang ikkje saman
Det har tatt lang tid, erkjenner Martin Tengesdal Torstenbø, plan- og forvaltningssjef i Time kommune.
Den har gått med til å fordøya utgreiingane på fleire tusen sider som Time Energipark leverte i fjor sommar.
– Det som kom, hadde fleire avvik frå føringane me har lagt. Delrapportane har generelt god kvalitet, men det er til dels motstrid mellom dei. Me sakna eit heilskapleg og gjennomtygd planframlegg. Arbeidet bar nok preg av at det var viktig å halda framdriftsplanen, seier Torstenbø.
Den siste tida har byråkratane jobba med å få alt til å henga saman, ifølge han. På rådhuset har dei hyppige møte med Time Energipark.
Tom Tvedt er ikkje samd i at planframlegget på 2.400 sider som dei leverte, ikkje hang saman.
– Når ein lagar Norges største plan, er det komplekst. Men eg meiner klart at arbeidet heng saman. Det me har greidd ut om, er fullt på høgd med det ein får greidd ut andre stader.