Dei som var til stades, seier det gjekk eit gisp gjennom rommet.
I samband med økonomifestivalen Kåkånomics i Stavanger, var det hausten 2023 skipa til debatt på Mellombels på Bryne. Temaet var framtida til det planlagde næringsområdet på Kalberg.
Her, rett ved sida av Statnett sin nye transformatorstasjon på Fagrafjell, har lokalpolitikarane sett av rundt 1.200 dekar til kraftkrevjande industri.
Green Mountain har lenge jobba for å etablera eit datasenter på Kalberg, og fram til vårparten 2022 hadde Beyonder planar om å bygga batterifabrikk med to tusen arbeidsplassar der.
Debatten på Mellombels handla om kva som skulle skje med området i lys av Beyonder sin plutselege exit frå området og dei galopperande straumprisane.
Tom Tvedt, dagleg leiar i , la ikkje skjul på at han framleis hadde tru på næringsområdet då han leverte det som vart debattens mest minneverdige utsegn:
– Om femten år er det ti tusen arbeidsplassar på Kalberg.
Då han i etterkant utdjupa utsegna overfor Jærbladet, sa han at Kalberg ikkje berre handlar om datasenter, men òg om andre kraftkrevjande industriar og verksemder på jakt etter grøne løysingar.
Nedskalerte tal
To år seinare, på oppdrag frå Time kommune, har firmaet Tvedt er leiar for levert eit forslag til områdeplan for Kalberg.
I den foreslåtte områdeplanen og grunnlagsmaterialet for han, er det langt meir moderate tal som vert lagt til grunn.
Skal ein tru planbeskrivelsen og dei tala som vert brukt for å berekna trafikkutviklinga, kan ein forventa rundt 730 arbeidsplassar i den nordlege delen av planområdet. Det er her det skal leggast til rette for datasenter og batterifabrikk.
To andre industriområde, eit mellom Søra Kalberg og Stutafjell, rett nord for Åslandsvegen, og eit på sørsida av Fjermestadvegen, der Beyonder i si tid ville etablera seg, er venta å generera oppunder 1.000 arbeidsplassar.
Over 1.700 arbeidsplassar er langt frå til å kimsa av, men likevel eit godt stykke unna 10.000.
Pubsnakk
Tom Tvedt ler litt når Jærbladet konfronterer han med diskrepansen.
– Då eg sa det talet, var det i ein debatt på eit tidleg stadium. Poenget mitt var at det var ein unik moglegheit for Jæren og Nord-Jæren, men eg var nok litt upresis akkurat der.
– Vil du seia at du overdreiv?
– Njaaa, hadde du spurt dei som først etablerte seg på Forus om kor mange arbeidsplassar som skulle komma der, var det nok ingen som ville tippa det talet det faktisk vart. Du får skriva det på kontoen for debatt på ein pub.
Ifølge Forus Næringspark er det i dag 46.000 arbeidsplassar på Forus, fordelt på rundt 3.000 verksemder.
Tunge industrifolk
Tvedt seier det ikkje er godt å komma med nøyaktige anslag før kommunane (delar av området i nord ligg i Klepp) har gått nærare inn i kva dei ser føre seg. Det er til sjuande og sist opp til politikarane korleis dei vil regulera området og kva dei vil legga til rette for.
Ved eit datasenter vil det typisk vera bruk for driftsteknikarar, altså folk som driv med dataelektronikk, elektrisitet, røyr, kjøling og liknande. I tillegg kjem dei som driv med reinhald, vakthald og administrasjon.
– Éin ting er datalagring, seier Tvedt, og held fram:
– Det finst eit hav av andre moglegheiter som baserer seg på rein kraft og energi. Spørsmålet er om ein skal bruka den energien som allereie er i området til lokal næringsutvikling og nytta dei moglegheitene som finst.
Overfor Jærbladet har Tvedt tidlegare trekt fram batterifabrikk, veksthus og biogassproduksjon som døme på andre moglege næringsetableringar det vil vera plass til på Kalberg.
– Kor mange arbeidsplassar trur du er realistisk på Kalberg?
– Det skal eg ikkje meina så mykje om. Det me jobbar med nå, er å få områdeplanen godkjend slik at me kan komma i gang.
Tvedt legg til at dei som eig Time Energipark er det han kallar «tunge industrifolk».
– Det er Ståle Kyllingstad, Stangeland og Masiv, i tillegg til Green Mountain. Dette er industribyggarar som, for å seia det forsiktig, allereie har vist at dei er glade i regionen og er opptatt av å bygga verdiar, seier han.
Kontroversielle tal
Dei siste åra har det vore mykje kontrovers rundt datasenteretableringar og jobbskaping knytt til desse rundt om i Noreg.
På Kalberg har Green Mountain tidlegare gått ut og lova 500 arbeidsplassar ved datasenteret, men vart møtt med kritikk, blant anna frå Gaute Bjørklund Wangen, førsteamanuensis ved NTNU i Gjøvik og CTO i Diri AS.
Wangen uttalte til NRK at han tvilte på 500 jobbar på Kalberg. Wangen meinte òg at bransjen generelt oppgjev urealistisk høge tal på arbeidsplassar, og at behovet for tilsette når eit datasenter står ferdig er lågt.
Svein Atle Hagaseth i Green Mountain avfeia denne kritikken med at han vitnar om manglande kunnskap om kva slags datasenter dei driv.
Då Jærbladet nyleg snakka med Anne Frøyland Grødem, leiar i Vern Kvernaland, om forslaget til områdeplan som nå har vorte lagt fram for kommunen, sa ho at ho tvilte på at utbygging av Kalberg vil føra til fleire arbeidsplassar – snarare tvert imot.
I ein rapport konsulentfirmaet Asplan Viak laga på oppdrag frå Vern Kvernaland i 2021, vart det antyda at tidlegare overslag over moglege arbeidsplassar i samband med datasenter på Kalberg var i overkant høge, samanlikna med andre, tilsvarande etableringar.
Oppdraget Asplan Viak hadde, var å sjå konsekvensane av å etablera datasenter og kraftkrevjande industri opp mot landbruk.
Rapporten deira la ikkje fram tal, men trakk fram at landbruket allereie er ei godt etablert næring i regionen, som står for mange tusen arbeidsplassar og monalege ringverknadar. Medan ringverknadane av å etablera datasenter og kraftkrevjande industri verkar langt meir usikre.
Ordføraren: – Me treng nye næringar
Time-ordførar Andreas Vollsund (H) er lite opptatt av talfesting, men er ikkje tvil om at ei utbygging av Kalberg vil skapa «ganske mange» arbeidsplassar av ulikt slag.
Som Tvedt seier han at utbygging av Kalberg handlar om meir enn berre datasenter.
– Det kan til dømes vera våpenproduksjon eller andre ting som krev mykje kraft. I tillegg finst det mange næringar som kan nytta overskotsvarme, seier han.
Vollsund seier at den politiske motivasjonen for å legga til rette for utvikling av Kalberg, er arbeidsplassar som kan stå seg over tid. Dessutan begynner det å minka på alternative plassar å bygga ut på Jæren.
Han understrekar at det ikkje er snakk om å subsidiera sjølve næringsutviklinga.
– Det er berre snakk om å legga til rette. Me må ta det steg for steg. Her har me eit høve til å skapa ny næring og næringsverksemd. Det treng me òg i framtida, seier ordføraren.