På Kalberg, rett ved sida av Statkraft sin nye transformatorstasjon på Fagrafjell, vil legga til rette for kraftkrevjande industri, inkludert datasenter og batterifabrikk.
I delar av området er det i dag to masseuttak. Desse skal utvidast. I tillegg skal det opprettast eit nytt. På vestsida av området er planen å bygga bustadar i forlenginga av dagens bustadfelt.
Tidlegare i sommar vart Time Energipark sitt forslag til områdeplan sendt over til kommuneadministrasjonen.
Planen, og dokumenta som ligg til grunn for han, er særs omfattande. Kommuneadministrasjonen jobbar nå med å gå gjennom dei.
Det same gjer Vern Kvernaland, organisasjonen som vart skipa i mars 2020 og jobbar for å stoppa utbyggingsplanane i bygda.
– Vår kamp er den same, seier Vern Kvernaland-leiar Anne Frøyland Grødem.
– Øydelegg store landbruksområde
Ho tar atterhald om at dei førebels ikkje har full oversikt over alt, men seier dei er skeptiske til mykje av det som kjem fram i forslaget til områdeplan.
– Det er like mykje areal som går med, og konsekvensane for bygda er like alvorlege i denne planen som dei var då Kalberg-saka begynte i 2019, seier Grødem.
– Kva er det viktigaste, slik de ser det?
– Det er jordvernet. Det er den berande bjelken i det heile.
Områdeplanen dekker eit område på i overkant av 6.200 dekar.
Av dette er det snakk om rundt 1.900 dekar til bygningsmasse og anlegg, noko som inkluderer alt frå kraftkrevjande industri og relaterte verksemder til bustadområde og masseuttak. 480 dekar går med til veg og annan teknisk infrastruktur. 350 dekar er sett av til grøntstruktur, og 3.400 dekar til landbruk-, natur- og fritidsformål (LNF).
– Når du tar så mykje areal, øydelegg du store jordbruksområde. Dette slår i hel kommunen sin eigen landbruksplan. I den omtalar kommunen seg sjølv som ein viktig nasjonal aktør når det kjem til matproduksjon, beredskap og sjølvforsyning. Likevel skal desse areala disponerast om til andre ting enn landbruk. Det er betenkeleg, seier Grødem.
– Dei forstår ikkje konsekvensane
Stortinget har vedtatt ein strengare jordvernstrategi, som legg opp til at innan 2030 skal den årlege omdisponeringa av dyrka og dyrkbar mark ikkje overgå 2.000 dekar. I Time sin kommuneplan frå 2021 heiter det at i snitt skal ikkje omdisponeringa av jordbruksjord overgå 45 dekar i året.
– Tar du 6.200 dekar og deler på 45, ser du at arealet som skal omdisponerast på Kalberg er like mykje som kommunen opnar opp for å omdisponera dei kommande 137 åra. Tenker alle sånn, er det ikkje vits med føringar og retningslinjer, seier Grødem.
Sjølv om planområdet er på 6.200 dekar, er det langt frå alt som er matjord. Ein stor del av området skal òg vidareførast som LNF-område.
Norsk Landbruksrådgivning reknar likevel med at ei realisering av planen vil føra til omdisponering av mellom 977 og 1018 dekar jordbruksjord. Legg ein det til grunn, vil Kalberg-utbygginga utgjera Time sin «nedbyggingskvote» for dei neste 22 åra.
Grødem meiner det verkar som om pådrivarane for planen ikkje forstår rekkeviddene og konsekvensane av han.
– Omdisponeringa av denne jorda er alvorleg, for naturmangfaldet, friluftslivet, jordbruket, dyrelivet – ja, for alt. For oss i Vern Kvernaland verkar ikkje dette realistisk eller økonomisk løyseleg. Likevel går dei vidare med dette, seier Grødem.
Vern Kvernaland-leiaren vedgår at omdisponeringa av områda på Kalberg langt på veg vart eit faktum allereie i 2021, då kommunestyret, med éin stemmes fleirtal, vedtok den nye kommuneplanen.
– Men det er ikkje dermed sagt at når me nå kjem til områderegulering er løpet køyrt og det er berre å ta for seg. Det går an å stoppa og eventuelt føra områda tilbake til LNF, seier Grødem.
– Time går i pluss på matjord
Time-ordførar Andreas Vollsund (H) vil ikkje forskottera kva politikarane til slutt kjem fram til.
– Først må me sjå på rapporten og kva administrasjonen tilrår, seier han.
Ordføraren er likevel tydeleg på at han meiner det trengst ny omkøyringsveg og nye arbeidsplassar.
– Kvernalandsvegen mellom Orstad og Kvernaland er totalt sprengt. I tillegg treng me nye arbeidsplassar om me skal vera ein attraktiv region òg i framtida. Det kjem til å komma gode debattar, men det er ingen tvil om at dei moglegheitene som ligg her er ekstremt store, seier Vollsund.
Han meiner ein stor del av nedbygginga dreier seg om omkøyringsvegen rundt Kvernaland.
– Dette er ein veg som vil avlasta fylkesveg 44. Det er rundt den du har den finaste matjorda. Jordvernet gjer at me ikkje har sjanse til å bygga ut fylkesveg 44. Då er det betre å bygga ut dette området. Ja, det vil gå noko jord, men samtidig vil det avlasta andre område, seier han.
Vollsund seier området på Kalberg er viktig, ikkje berre på kommunalt nivå, men òg regionalt og nasjonalt. Det kan forsvara nedbygginga av område som i dag vert brukt til matproduksjon – sjølv om kommuneplanen sett ei maksgrense på nedbygging av 45 dekar jordbruksjord i året.
– Det talet er utanom det regionale målet, og i kommuneplanen er det gjort unntak for kraftkrevjande industri, nettopp fordi det er ei nasjonal satsing. Dette er ikkje noko me gjer berre for Time, men for regionen, seier Vollsund.
Om kommunestyret til slutt vel å gå vidare med planane, vil det vera å legga til rette for vidare vekst på Jæren, meiner Vollsund.
– Det gjeld ikkje berre næring, men for å få alt til å gå opp med bustadar og infrastruktur, seier ordføraren.
Han legg til at alt av matjord skal skrapast av og brukast andre plassar.
Vollsund hevdar kommunen dei siste åra har gått i pluss på matjord.
– Om du går inn i og ser på kor mykje som er nydyrka, er det monaleg meir enn det som er bygd ned. Me har produktive bønder som treng jord, seier Vollsund.
– Alternativet er verre
Ordføraren er ikkje overraska over at konsekvensutgreiinga konkluderer med svært stor negativ konsekvens. Etter store og heftige debattar var kommunestyret som til slutt sende saka vidare godt kjende med dei problematiske sidene av utbygging av Kalberg, seier han.
– Då me vedtok å gå vidare med dette i førre runde, visste me at å utvikla dette området vil få konsekvensar. Området og konsekvensane var godt kjent etter store og heftige debattar sist gong, seier han til Jærbladet.
Vollsund legg til at når kommunestyret får saka på bordet, må dei sjå på dei moglegheitene som finst for å minimera dei negative konsekvensane.
Han meiner alternativet ville vore å bygga ut på flataste Jæren, noko som ville vore verre.
– Det er den flottaste, feitaste jorda me har. Dette er eit godt alternativ. Her har me straum, me har store masseuttak og så kan me avlasta Kvernaland og Orstad for trafikk og støy. Dette er ei løysing som kan stå seg over lang tid, seier ordføraren.
Vollsund poengterer at matjorda skal takast i bruk andre plassar. I tillegg kan overskotsvarme frå kraftkrevjande industri nyttast i annan matproduksjon, til dømes i veksthus. Dermed kan ein enda opp med at det i framtida vert produsert meir mat på Kalberg enn det som er tilfellet i dag.
– Det har vore eit heilt klart mål. Matproduksjonen på Kalberg skal ikkje gå ned, men opp, seier Vollsund.
Trur ikkje på arbeidsplassar og trafikklette
På Kvernaland minner Anne Frøyland Grødem om at då Statnett vedtok å bygga ny transformatorstasjon på Fagrafjell, var det for å sikra straumforsyninga og ta unna for befolkningsveksten i regionen.
– Fagrafjell vart ikkje bygd for å forsyna datasenter, batterifabrikk og diverse andre næringar med straum, seier ho.
Grødem er fullstendig klar over innvendingane frå dei som vil ha nye arbeidsplassar til bygda og kommunen.
– Men eg trur det er mange arbeidsplassar som forsvinn om dette vert gjennomført. Eg trur det vert netto tap, seier ho.
Eit anna argument ho ofte møter, er at utbygging av Kalberg kan vera med på å framskunda den etterlengta omkøyringsvegen som skal avlasta tungt trafikkerte Kvernaland sentrum.
Grødem meiner at trafikken tvert imot vil auka, og viser blant anna til ein presentasjon frå eit møte mellom utbyggar, kommunen og Norconsult, som har laga trafikkanalysen som ligg til grunn for områdeplanen.
Også kven som eigentleg skal betala for omkøyringsvegen, er eit ope spørsmål. Grødem seier Vern Kvernaland heller ikkje har klart å finna kostnadsoverslag for ombyggingsvegen.
– Det stussar me på. Det er jo eit viktig element når du skal ha eit grunnlag før du tar ei avgjerd om dette, seier Grødem.
Stavanger Aftenblad har rekna seg fram til at den om lag 6,4 kilometer lange omkøyringsvegen kan komma til å kosta over ein milliard kroner. Det er meininga at kommune, fylke og utbyggar skal finansiera vegen i lag, utan at kostnadsfordelinga er avgjort.
Ordførar Andreas Vollsund legg til grunn at vegen vil redusera trafikktrykket gjennom Orstad og Kvernaland. Samtidig vedgår han at finansieringa førebels ikkje er på plass.
Vollsund seier det ikkje er tvil om at dei må ha med seg det lokale næringslivet, men seier det og vert viktig å sjå på kva løysingar som finst knytt opp til Tverrforbindelsen – vegen som skal knyta saman næringsområda i grenseområdet mellom Klepp og Sandnes med E39 på Osli.
Ordføraren utelukkar ikkje at det kan verta aktuelt korkje med lokale bompengar eller trinnvis utbygging.
– Først må me setta oss ned og sjå på moglegheitene, seier han.
– Avlat
Konsekvensutgreiinga, som er ein del av områdeplanen, åtvarar om svært store negative konsekvensar, i alle fall om ein ikkje tar eventuelle avbøtande tiltak med i utrekninga. Planen listar òg opp ei lang rekke moglege tiltak – alt frå hekkekassar og insekthotell til gjenbruk og flytting av matjord og bruk av open overvasshandtering for å fremja artsmangfald.
Jærbladet spør Anne Frøyland Grødem om det ikkje fort kan gå godt om alle desse tiltaka vert sett ut i livet.
– Då spør eg tilbake: Kven skal setta inn desse tiltaka? Kven skal betala for dei? Kva areal skal dei stå på? Dette er ikkje nokon kvikk fiks. For å seia det litt stygt, er det litt som avlat. Det er noko du bruker for å kjøpa deg fri frå konsekvensen, svarar ho.
Vern Kvernaland-leiaren tar atterhald om at ho ikkje har studert dei foreslåtte tiltaka i detalj.
– Nokre av dei er kanskje realistiske, medan andre vil eg påstå er ganske urealistiske. Eit avbøtande tiltak vil uansett aldri kunna erstatta det som opphavleg var der. Det er pynt for at det skal verta meir akseptabelt for folk. Viser det seg etterpå at tiltaket ikkje er gjennomførbart, er det for seint, seier ho.
– Stort potensial
Tom Tvedt, dagleg leiar i Time Energipark, viser til at det er styresmakter på ulike nivå som har peika ut Kalberg som aktuelt for utbygging. Allereie for tolv år sidan, i den interkommunale kommunedelplanen for det som då vart referert til som Bybåndet Sør, vart området sett av til utbygging.
Seinare har fylket sin regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke, og dei nye kommuneplanane i Time og Klepp, og gjort det same. I fylket sin regionalplan for grøn industri, vedtatt i 2023, er Kalberg blinka ut som eit regionalt prioritert industriområde.
– Alle har peika på dette området. Det vart ytterlegare forsterka då Statnett vedtok å bygga ein av landets største transformatorstasjonar på Fagrafjell. Potensialet rundt denne transformatoren er stort, seier Tvedt til Jærbladet.
Han legg til at det er kommunane som har avgjort at området skal settast av til kraftkrevjande industri.
Datalagring er eit av forslaga Time Energipark har lagt inn i forslaget til områdeplan.
– Det går eit svært rush i Noreg på det som går på datalagring og ikkje minst kunstig intelligens. I Noreg leiter desse selskapa etter destinasjonar der dei kan ha desse fasilitetane, seier Tvedt.
Han minner om at heile planområdet er mykje større enn det som trengst til datasenter.
– Det er nesten eit halvt Forus, utan annan samanlikning elles, seier Tvedt.
I planbeskrivelsen frå Time Energipark er mellom anna batterifabrikk og veksthus som kan nytta seg av overskotsvarme nemnt som døme på verksemder som kan etablera seg i området. Biogassproduksjon frå husdyrgjødsel kan òg verta aktuelt.
– Vanskeleg å unngå konsekvens
Tvedt seier området skal utviklast over langt tid, og at det er vanskeleg å vita kva slags næring som vil vera mest aktuell om 20 år.
– Me jobbar berre med reguleringa, og så er det opp til kommunane å setta premissane for kva næring dei vil ha. Dei har peika på mange ulike ting, seier Tvedt.
– Men kvifor må det vera akkurat her? Då Statnett vedtok å etablera ein trafostasjon på Fagrafjell, var det først og fremst for å styrka ei sårbar straumforsyning, ikkje for å legga til rette for nye næringar?
– Då dette området først vart peika ut som næringsområde, i 2013, var det ingen som hadde høyrt om datasenter, lagring og ikkje minst kunstig intelligens. Men svaret er enkelt. Det er fordi det er her krafta er. Her er store mengder kraft lett tilgjengeleg som kan nyttast til verdiskaping. Ut frå mitt ståstad er dette ein unik moglegheit, ikkje berre fordi det er avgrensa med næringsareal på Jæren, men òg fordi det er ein moglegheit for å vera med på teknologiutviklinga.
Vidare ligg Kalberg sentralt til, nær hamn, flyplass og kompetent arbeidskraft.
– Det er nær universitetet og midt i kjernen av ein europeisk energihovudstad. Næringsutviklingsmessig er dette unikt, seier Tvedt.
– Vern Kvernaland seier dei trur det kan verta færre, heller enn fleire, arbeidsplassar som følge av etablering av datasenter på Kalberg?
– Det er eg heilt usamd i. Me trur det vert fleire. Men, som sagt, det er kommunane som avgjer kva typar næring som skal få etablera seg. Eg meiner det tidsrommet me er inne i nå inneber unike moglegheiter, men til sjuande og sist er det politikarane som avgjer.
Då Jærbladet skreiv om konsekvensutgreiinga sin konklusjon om «stor negativ konsekvens», uttalte Tvedt til Jærbladet at all utvikling vil ha konsekvensar, nokre positive og nokre negative. Tvedt la òg vekt på at den foreslåtte områdeplanen listar fleire moglege tiltak som kan redusera konsekvensane.
– Vern Kvernaland meiner at ikkje alle desse tiltaka nødvendigvis er like realistiske, og at det uansett aldri vil gå an å erstatta det som går tapt. Kva tenker du om det?
– Mitt svar til det er at dette er det kommune og Statsforvaltaren som må sjå på. Me har like stor interesse som alle andre for å gjera avbøtande tiltak, men områdeplanen ligg nå hos styresmaktene. Det er dei som må avgjera kva dei trur verkar og ikkje verkar. Dei som har skrive desse rapportane er fagfolk, og dei har vist at det finst tiltak som kan vera effektive.
Tvedt vedgår at det vil gå mykje matjord, noko til næringsareal og noko til omkøyringsvegen, men seier målet uansett er å ta vare på matjorda og flytta ho, slik at ho kan nyttast til matproduksjon òg i framtida.
– Men desse avvegingane er opp til kommunen. Det er vanskeleg å gjera tiltak utan at dei får konsekvens, seier han.
Vil bygga vegen litt etter litt
Time Energipark har tatt til orde for at omkøyringsvegen rundt Kvernaland bør byggast ut gradvis.
– Vern Kvernaland meiner det er å bomma på oppdraget, sidan det er ein klar føresetnad i kommuneplanen at vegen skal vera på plass før området kan tas i bruk. Korleis stiller de dykk til dette?
– Me oppfattar at denne omkøyringsvegen har vore viktig i mange år på Jæren. Så har òg dette med tilknytninga til E39 dukka opp. Då kan dette vera ein del av løysinga. Det har opna seg mange spørsmål. Me har teikna trasé og gjort dei tinga plan- og bygningsloven seier me skal gjera, men det er kommunen og fylket som må ta vala.
Time Energipark har opna opp for å vera med på å finansiera den nye vegen.
– Men det er klart, me må óg finansiera bidraget vårt. Det føreset at me får komme i gang, slik som det til dømes har vore gjort på Forus. Men igjen, dette er eit spørsmål som kommunen må ta stilling til, seier Tvedt.
Han reknar med ein del debatt rundt korleis ei eventuell utbygging skal løysast:
– Me har vist heile planen og korleis det kan komma til å sjå ut. Me ventar at det kjem diskusjonar. Det er mange område i Time som har vorte gjort stykkevis og delt og gjenom spleiselag. Dette er noko eg reknar med at kommunen har tenkt på og kjem til å tenka på. Det me har spelt inn, er at me bør ta det steg for steg for å komma i gang. Det er nå høvet ligg der.
– Time slit med økonomien. Fylkesøkonomien er òg stram. Kva skjer om det viser seg at det ikkje er pengar til å bygga vegen?
– Det må du spørra fylket og kommunen om. Det er dei som bygger veg.
Tvedt legg til at det er viktig med føreseielegheit for dei som driv utvikling av nye område for framtidig næringsutvikling.
Enkel løysing
Anne Frøyland Grødem varslar at Vern Kvernaland kjem til å halda trykket oppe i tida som kjem.
– Skal me få utviklinga til å snu, må me informera innbyggarar og politikarar, og vera ute i media. Nå er det snart val. Rett nok er det til Stortinget, men faktorar som straumbruk og jordvern gjer at det er fornuftig å løfta opp på det nivået òg, seier Grødem.
Politikarane i Time skal behandla forslaget til områdeplan i løpet av hausten.
– Då må me jobba for å få eit fleirtal for å stemma ned dette forslaget. Kjem det på høyring må me skriva svar, stå på stand, informera, halda trykket oppe og visa fram dei punkta me synest er viktige, seier Grødem.
Ho kallar omdisponeringa av Kalberg ei vanskeleg, uoversiktleg og omfattande sak.
– Det er mykje å setta seg inn i. Det er vanskeleg for innbyggarane å forstå kva dette går i. Då er det forståeleg at dei vel å høyra på kommunen og utbyggaren. Begge er seriøse aktørar som har kunnskap og folk som jobbar med dette på fulltid. Då må me bruka mykje tid og krefter på å setta oss inn i det, lesa gjennom tala og sjå om det faktisk er hald i det som vert påstått. I mange tilfelle meiner me det ikkje er det, seier Grødem.
Om saka er vanskeleg, er løysinga, slik Vern Kvernaland ser det, enkel:
– Det er å legga planen til sides og ikkje gjennomføra han. Me treng eit vedtak der kommunen seier nei. Det er alle mann til pumpene, seier Grødem.