Her, rett sør for Figgjoelva, vert det lagt til rette for datasenter og batterifabrikk, men den planlagte Kalberg-utbygginga rommar mykje meir enn som så.
Her, rett sør for Figgjoelva, vert det lagt til rette for datasenter og batterifabrikk, men den planlagte Kalberg-utbygginga rommar mykje meir enn som så. Foto: Håvard Ovesen

Kalberg ligg heilt nord i Time kommune, på austsida av Kvernaland og nær kommunegrensene til Klepp og Sandnes, rett ved sida av Fagrafjell. Der opna Statnet sommaren 2023 ein ny transformatorstasjon som tar imot straum generert av kraftverk i Lysebotn og Sirdal.

Datasenter og batterifabrikk

Med så god tilgang på straum i nabolaget, har politikarane i Time sett av rundt 1.200 dekar på Kalberg til kraftkrevjande industri, verksemder knytt til denne eller verksemder som kan nytta restvarme frå kraftkrevjande industri.

Døme på denne typen industri er datasenter og batterifabrikkar.

I tillegg skal det leggast til rette for nye bustadar, ein ny omkøyringsveg rundt Kvernaland og eit nytt masseuttak, i tillegg til utviding av masseuttaka som allereie er etablert i området.

Delar av området skal settast av til landbruk-, natur- og friluftsformål (LNF).

Alt dette er bestemt i kommuneplanen, langtidsplanen som legg føringar for utviklinga i kommunen og styrer arealbruken. Delar av det planlagde industriområdet ligg i Klepp kommune, som regulerte det til industri i 2023.

Pådrivaren for næringsområdet på Kalberg er firmaet Time Energipark, tidlegare Kalberg Utvikling. Det er eigd av Stangeland Gruppen, Masiv Eiendom, IKM Eiendom, Stangeland Maskin og Green Mountain AS.

Sistnemnde har søkt om å få bygga på Kalberg. Frå før eig dei datasenter på Rennesøy, Rjukan, Enebakk, Hamar, i London og Frankfurt.

For nokre år sidan offentleggjorde Green Mountain denne skissa av korleis datasenteret deira på Kalberg kunne komma til å sjå ut.
For nokre år sidan offentleggjorde Green Mountain denne skissa av korleis datasenteret deira på Kalberg kunne komma til å sjå ut. Foto: Foto: Green Mountain

Store konsekvensar

I kommuneplanen står det at før arbeidet med å utvikla industriområdet på Kalberg kan gå vidare, trengst det ein områdeplan. Ein områdeplan er ein slags reguleringsplan som legg føringar for arealbruken på eit større geografisk område.

Det er Time Energipark som, etter avtale med kommunestyret i Time, skal laga områdeplanen for Kalberg.

I begynninga av juni sende Time Energipark over førsteutkastet til planen, som er svært omfattande.

Heile planområdet er på litt over 6.200 dekar. Av dette er:

  • 3.400 dekar sett av til landbruk-, natur- og fritidsformål
  • 1.900 dekar til bebyggelse og anlegg, noko som inkluderer bustadfelt, masseuttak og næringsområde
  • 480 dekar til samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur
  • 350 dekar til grøntstruktur

På enkelte område er utkastet så detaljert at vidare utvikling kan gjerast direkte på bakgrunn av områdeplanen når han eventuelt vert vedtatt, medan det på andre framleis vert stilt krav til eigen reguleringsplan.

I konsekvensutgreiinga som er ein del av den foreslåtte områdeplanen, heiter det blant anna at nedbygginga av 1.934 dekar til bebyggelse og anlegg vil føra til «forringelse eller ødeleggelse av hele eller deler av nasjonalt viktige verdier, eller svært stor negativ påvirkning på miljøet».

Utslagsgjevande for den negative vurderinga er konsekvensane utbygging vil ha for naturmangfald, støynivå og klimagassutslepp.

Tom Tvedt er dagleg leiar i Time Energipark. Han innleier med å seia at sjølv om konsekvensutgreiinga varslar «svært stor negativ konsekvens», gjeld ikkje dette på alle område.

– På nokre område er det mindre konsekvens. Men du kan ikkje gjera dette nokon stad utan konsekvens. Skal du bygga ein veg, eit næringsområde, nye hus eller kva som helst, så vil det få negative konsekvensar. Men det vil òg ha positive konsekvensar, seier han.

Tom Tvedt, dagleg leiar i Time Energipark, seier det nå vert opp til politikarane å vega omsyn til næringsutvikling i området opp mot konsekvensane.
Tom Tvedt, dagleg leiar i Time Energipark, seier det nå vert opp til politikarane å vega omsyn til næringsutvikling i området opp mot konsekvensane. Foto: Foto: Joachim Harestad, Bygdebladet (arkiv)

Tvedt seier at det arbeidet dei nå har gjort, inkludert konsekvensutgreiinga, har vore på oppdrag for kommunen.

– Me har gjort alt det plan- og bygningsloven krev av ein områdeplan. Det er eit stort arbeid. Når me greier ut, ser me at alt har konsekvensar. Men i områdeplanen ligg det òg inne avbøtande tiltak. Det er balansen i dette som kommunen nå må ta stilling til. Det er kommunen som legg dei premissane, seier Tvedt.

Datasenter

Debatten om utvikling av Kalberg har rast i årevis. Det som utan tvil har skapt mest kontrovers så langt, er Green Mountain sine planar om å bygga datasenter. Det skal skje i nord, på eit rundt 550 dekar stort område delt mellom Orstad i Klepp og Nordre Kalberg i Time.

Her er det planlagt datahallar, batterifabrikk og administrasjons- og logistikkbygningar, i tillegg til nødvendige driftsbygningar og liknande. Det vert òg sett av areal til energianlegg.

Enkelte av bygga vert store, kan henda så mykje som 160 gonger 97 meter. Makshøgda vil vera inntil 30 meter.

I planforslaget skriv Time Energipark at dei, for å skjerma omgjevnadane og avgrensa arealbruken, prøver å sikra ei mest mogleg kompakt utbygging, samla i midten av byggefelta og med grøne buffersoner.

Det er likevel venta at dei vert godt synlege frå fleire stader i andre område, til dømes bustadområda ved Orstad og Gabriel Edlands veg.

Kalberg sett frå nord. Her kan det komma store datasenterbygningar, kan henda opp til 160 gongar 97 meter, og opp til 30 meter høge. Kjelva til høgre ligg i Klepp, den til venstre i Time. I bakgrunnen ligg transformatorstasjonen på Fagrafjell, som skal forsyna prosjektet med straum.
Kalberg sett frå nord. Her kan det komma store datasenterbygningar, kan henda opp til 160 gongar 97 meter, og opp til 30 meter høge. Kjelva til høgre ligg i Klepp, den til venstre i Time. I bakgrunnen ligg transformatorstasjonen på Fagrafjell, som skal forsyna prosjektet med straum. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Ut frå ei formoding om 730 tilsette i dette området, ventar forslagsstillarane at dette området vil generera i overkant av 2.000 bilturar i døgnet.

Forslagsstillarane vil legga til rette for turvegar og gang- og sykkelvegar rundt området.

Delar av dette området har tidlegare vore brukt til masseuttak og deponi.

Utbygging av området vil føra med seg omdisponering av minst 492 dekar jordbruksareal. I meste fall kan det bety nedbygging av opp til 518 dekar jordbruksareal.

Bustadar

Bustadområda – til saman 93 dekar – kjem i forlenginga av eksisterande byggefelt på vestsida av planområdet. Eit 29 dekar stort byggefelt er foreslått i Kalbergskogen, i forlenginga av dagens bustadfelt på Kalberg. Dette vil føra med seg nedbygging av delar av Kalbergskogen.

Ifølge Time Energipark vil eksisterande tur- og rekreasjonsmoglegheiter ikkje verta rørt av planane. «Eksisterende orienteringsmuligheter, gruslagt turveitrasé og den gamle «travbanen», som ligger høyere oppe i terrenget, vil ikke bli påvirket», skriv dei i planforslaget.

Rett sør for det foreslåtte bustadfeltet er det 2,3 dekar store næringsområdet Smørpigen teikna inn. Dette er allereie utbygd.

To andre bustadfelt på til saman 64 dekar ligg lenger sør, mellom Vollen og Fjermestadvegen. Også desse vil fungera som ei forlenging av dagens bustadfelt. Utbygginga av dei vil komma i konflikt med fleire kulturminne.

Alle tre bustadområda fører med seg nedbygging av fulldyrka jord og innmarksbeite, men områda er allereie vedtatt omdisponert frå LNF til bustadformål.

Time Energipark foreslår å flytta matjord til sør for Fjermestadvegen, noko som ifølge forslagsstillarane kan redusera konsekvensane til null, om jorda vert flytta utan at ho tapar produktivitet.

Går ut over landskap og matjord

På Søra Kalberg, ved botnen av Stutafjell, er det planar om eit 170 dekar stort næringsområde med tilkomst frå Åslandsvegen. Her har forslagsstillarane lagt opp til to ulike alternativ, ettersom eit av dei kjem i konflikt med den verna naturtypen kystlynghei.

Her er det venta at påverknaden på landskapsbildet vert stor og landskapskarakteren forringa. Området vert godt synleg frå fleire turtoppar. Stutafjell vert rekna for å ha høg rekreasjonsverdi.

Avhengig av kva alternativ som vert valt, vil det gå med 0,43 eller 166 dekar jord av god kvalitet. Det er likevel ikkje eit enkelt val, ettersom det alternativet som sparar mest matjord òg er det alternativet som går hardast ut over den verna kystlyngheia.

I begge tilfelle vert arealet sterkt forringa.

Omtrent her, i dalen mellom Stutafjell og Søra Kalberg, skal det etter planen komma eit næringsområde (i forgrunnen) og eit nytt masseuttak (på andre sida av høyspenten). Til venstre i bildet ligg transformatorstasjonen på Fagrafjell.
Omtrent her, i dalen mellom Stutafjell og Søra Kalberg, skal det etter planen komma eit næringsområde (i forgrunnen) og eit nytt masseuttak (på andre sida av høyspenten). Til venstre i bildet ligg transformatorstasjonen på Fagrafjell. Foto: Foto: Håvard Ovesen

I forslaget står det at det ikkje skal leggast opp til rein forretningsverksemd, kontorverksemd eller annan verksemd med høg grad av besøk, men at den konkrete arealbruken skal fastsettast gjennom detaljregulering.

I avsnittet om støy vert «datasenter eller tilsvarende kraftkrevende virksomheter» og kontinuerlege støykjelder som vifter og kjøleanlegg nemnt.

Forslagsstillarane skriv at det er lite kjennskap til kva dei konkrete støykjeldene vert, men at førebelse berekningar tyder på at støynivået vil gå over gul grenseverdi omkring 300 til 600 meter frå delområdet.

Byggehøgda skal ikkje gå over 30 meter. Også dette er venta å verta « ... svært dominerende i landskapet fra flere verdifulle landskapsområder og populære turtopper».

Utbygginga fordrar òg ein del terrengendringar som påverkar landskapet negativt.

Lengst sør i området, mellom Fjermestadvegen og Mosvatnet, ligg eit planlagt næringsområde på 550 dekar. Utbygging vil bety nedbygging av 147 dekar innmarksbeite av «middels» og «noko» verdi og 4,6 dekar fulldyrka jord av svært stor verdi.

Dette er det same området der det var meininga at batterifabrikken Beyonder skulle etablera seg med, hevda dei, opp til to tusen arbeidsplassar når fabrikken var ferdig utbygd. Etableringa vart aldri noko av; Beyonder slit økonomisk og lagar batteri i Kina.

Også om dette området heiter det at den endelege arealbruken skal fastsetjast i detaljreguleringa, samtidig som støyvurderinga nemner datasenter og andre kraftkrevjande verksemder.

Som i området ved foten av Stutafjell heiter det at det ikkje skal leggast opp til rein forretningsverksemd, kontorverksemd og anna verksemd som får mykje besøk.

Alle dei planlagte næringsområda er venta å verta svært dominerande i landskapsbildet. Dette er ei visualisering av det sørlegaste næringsområdet, sett frå landskapsområdet mellom Kvernaland og Mosvatnet.
Alle dei planlagte næringsområda er venta å verta svært dominerande i landskapsbildet. Dette er ei visualisering av det sørlegaste næringsområdet, sett frå landskapsområdet mellom Kvernaland og Mosvatnet. Foto: Foto: Time Energipark

Her vil forslagsstillarane legga til rette for ein turveg som koplar seg til Njåfjellet og dannar eit samanhengande turvegnett. I forslaget skriv dei og at det har vore viktig for dei å vidareføra bade- og turmoglegheitene ved Mosvatnet.

Utbygginga av desse to områda kan ifølge forslagsstillarane føra med seg rett under tusen arbeidsplassar, noko som igjen vil generera rundt 2.700 bilturar per døgn.

Alle dei planlagde næringsområda fører til svært store, negative, støykonsekvensar for nærområdet, men det er mogleg å setta inn avbøtande tiltak.

Masseuttak

Områdeplanen set òg av i overkant av 550 dekar til masseuttak og råstoffutvinning, fordelt på fem ulike felt. Fire av desse handlar om eksisterande uttak og utviding av desse. Her er det venta å vera drift i 50 år.

Utvidinga vil føra med seg nedbygging av om lag 100 dekar med innmarksbeite. Rundt ti dekar er allereie omdisponert.

Når drifta er over, må områda førast tilbake.

Eit par av felta vil komma i konflikt med eit kulturminne som inkluderer gravrøyser, rydningsrøyser, gardsfar og hòlvegar.

Eit siste uttak, 90 meter frå Stutafjellstoppen, er framleis under planlegging. Området er 76 dekar stort. I dag vert det hovudsakleg brukt til skogbruk.

Etablering av eit masseuttak her vil forringa opplevinga av området. I forslaget skriv Time Energipark at ein bør vurdera høvet til tilbakeføring etter at driftsperioden er over.

Alle masseuttaka er venta å forringa landskapet.

Jærpukk sitt masseuttak, Fagrafjell til høgre i bildet, Stangeland sitt masseuttak lenger bak.
Jærpukk sitt masseuttak, Fagrafjell til høgre i bildet, Stangeland sitt masseuttak lenger bak. Foto: Foto: Håvard Ovesen

På toppen kjem den i overkant av seks kilometer lange omkøyringsvegen, som skal gå på nord- og austsida av Kverneland og i tunell under Njåfjellet. Vegen skal byggast ut for ein fart på 60 kilometer i timen og med tilhøyrande gang- og sykkelveg.

Utbygginga av vegen er venta å føra til omdisponering av rundt 75 dekar jord, mykje av det innmarksbeite, men òg noko fulldyrka jord og dyrkbar mark.

Naturtap, klimagass og støy

Konsekvensutgreiinga sitert innleiingsvis er ein del av grunnlaget for områdeplanen. Den etterlet liten tvil om at realisering av alt det områdeplanen legg opp til, vil få store konsekvensar for naturmangfaldet.

Blant anna vil utbygginga øydelegga eller forringa hekkeområde for ei rekke fuglar, inkludert vipe og hubro.

Verdfulle naturtypelokalitetar og økologiske funksjonsområde for plantar kan òg verta øydelagt.

Kalberg. Planområdet ligg innanfor den svarte, stipla linja. Dei skraverte områda er sett av til næring (1.200 dekar totalt). Dei gule områda er foreslåtte bustadfelt (93 dekar). Dei burgunderfarga felta er sett av til råstoffutvinning, til dømes masseuttak (656 dekar). Den blå streken viser to moglege trasear for den nye omkøyringsvegen rundt Kvernaland. Der han er stipla, er det forslag om tunell.
Kalberg. Planområdet ligg innanfor den svarte, stipla linja. Dei skraverte områda er sett av til næring (1.200 dekar totalt). Dei gule områda er foreslåtte bustadfelt (93 dekar). Dei burgunderfarga felta er sett av til råstoffutvinning, til dømes masseuttak (656 dekar). Den blå streken viser to moglege trasear for den nye omkøyringsvegen rundt Kvernaland. Der han er stipla, er det forslag om tunell. Foto: Foto: Time Energipark

Datasenterområdet i nord vil gå ut over landskapsøkologien og bryta sambandet mellom området – som er viktig for fleire raudlista fugleartar – og Figgjoleva.

Full utbygging vil òg føra til heftige klimagassutslepp: Mellom 176.000 og 189.000 tonn CO2-ekvivalentar.

Til samanlikning var dei samla klimagassutsleppa i Time 99.000 tonn i 2023.

Det er særleg nedbygging av skog og myr som vil føra til klimagassutslepp på Kalberg.

Både næringsområda og omkøyringsvegen vil føra til eit auka støynivå, i den kraftkrevjande industrien sitt tilfelle døgnkontinuerleg.

Utrekningar gjort på oppdrag frå Time Energipark, viser at ein kan rekna med at grenseverdiane vert overskridne ved støyfølsom bebyggelse og turområde opp til 600 meter.

Omkøyringsvegen vil føra til auka støynivå, blant anna for bebyggelsen midt i planområdet, Kalbergskogen og ved badeplassen på Foss-Eikeland.

Slik vil dei minimera negative konsekvensar

Det er verdt å merka seg at vurderinga i konsekvensutgreiinga er tatt utan omsyn til effekten av eventuelle avbøtande tiltak.

Vert slike sett inn, vil til dømes støyforureininga komma innafor akseptable grenseverdiar. Til dømes går det an å setta opp støyskjerm langs delar av omkøyringsvegen.

I områdeplanen ligg det føre forslag om ei lang rekke tiltak for å bøta på dei negative konsekvensane av utbygging.

  • For å sikra naturmangfaldet handlar det blant anna om samanhengande grøntstruktur gjennom området og sikring av omsynssoner for bevaring av naturmiljø. Dei vil òg vurdera grøne tak på enkelte av bygga.
  • Vidare vert ein kombinasjon av beite og brakklegging av område tilrådd. Insekthotell, tilpassa planting og hekkekassar for sporvefugl vert òg nemnt.
  • Forslagsstillarane vil tilpassa utbygginga til terrenget, og vidareutvikla stadeigne kvalitetar i natur- og kulturlandskapet. Flytting av trær, steinar og liknande, kan òg verta aktuelt.
  • Rydningsrøyser og liknande skal brukast om att og innpassast i landskapet og uteområda. Rundt nokre av kulturminna i området vert det oppretta omsynssoner.
  • Lange fasaderekker skal brytast opp med vertikal inndeling, og utforminga av fasadane skal ta omsyn til korleis dei påverkar omgjevnadane. Forslagsstillarane vil jobba for minimal lysforureining, noko som kan verta særleg aktuelt om det vert etablert veksthus i området.
  • Turvegar og gang- og sykkelvegar skal, saman med tidlegare nemnde grøntstruktur, sikra friluftslivet i området. Det er òg regulert inn enkelte friområde.
  • Time Energipark vil jobba for å unngå store skjeringar i landskapet. Dei fleste masseuttaka skal førast tilbake til landbruk-, natur og friluftsformål etter enda bruk. For å unngå utslepp og forureining vert det stilt krav til reinsing ved masseuttaka.
  • Når det gjeld klimagassutslepp legg områdeplanen opp til at myra ved datasenterområdet i nord og myra sør for Fjermestadvegen skal sikrast med ei omsynssone for naturmiljø. Justering av utbyggingsområde og vegtrasear kan ytterlegare redusera klimagassutsleppet med 10.000 tonn CO2-ekvivalentar.

Politikarmat til hausten

Kommuneadministrasjonen går nå gjennom utkastet. Neste steg etter det er at dei vil gå i dialog med Time Energipark, som på bakgrunn av denne dialogen vil senda inn eit endeleg planforslag. Dette skal så opp i Utval for lokal utvikling, venteleg ein gong i løpet av hausten.

Først etter at Utval for lokal utvikling sender forslaget vidare til 1. gongs høyring, vert det høve for innbyggarar og andre til å komma med sine innspel til planforslaget. Då kan det òg verta aktuelt med folkemøte.