Eirik Gundegjerde, direktør for strategiske prosjekt i Lyse, og Audun Aspelund, administrerende direktør i Lyse Neo AS, presenterte ein ny rapport for Jærbladet førre veke.
Eirik Gundegjerde, direktør for strategiske prosjekt i Lyse, og Audun Aspelund, administrerende direktør i Lyse Neo AS, presenterte ein ny rapport for Jærbladet førre veke. Foto: Mikkjell Lønning

Etablering av ei datasenterklynge på Kalberg i Time skal kunne skape mange, mange arbeidsplassar. Akkurat kor mange det er snakk om, er derimot høgst omdiskutert.

Det er fleire ulike estimat som har vore oppe i media, der kvart nye tal har skapt debatt om korleis ein reknar på tala. For å rydde opp i dette, har Lyse og Green Mountain presentert ei moglegheitsstudie om kor mange årsverk og arbeidsplassar det er snakk om. Rapporten er ført i pennen av eigne tilsette.

Studien opererer med tre ulike scenario, eit lågt scenario, eit mellomstort og eit stort. I rapporten frå studien kjem det fram at Lyse og Green Mountain meiner at det største scenarioet vil kunne skape opp mot heile 58.000 årsverk over dei første ti åra, og rundt 8300 faste arbeidsplassar i 2032.

Store tal, men forholdsvis få tilsette knytt til senteret

– Me har sett mykje på kva som er gjort i blant anna Irland, Danmark og Luleå, og me trur dette er innanfor rekkjevidd, seier Eirik Gundegjerde, direktør for strategiske prosjekt i Lyse. Rapporten byggjer på erfaringar frå andre datasenterdestinasjonar, og marknadsutgreiingar gjort der.

Over ti år skal det lågaste scenariet kunne generere 28.500 årsverk, det mellomstore 48.000 årsverk og det største 58.000 årsverk. Rundt ti prosent av desse er tilsett på datasenteret. Dei andre arbeidsplassane vil oppstå blant leverandørane. Ein tenkjer då på elektrikarar, rådgjevande ingeniørar, selskap som driv innan tryggleik, reinhald, transport og så vidare.

VEKSTNÆRING: Så mange arbeidsplassar ser Lyse og Green Mountain for seg at vil kome som følgje av etablering av datasenterklynge.
VEKSTNÆRING: Så mange arbeidsplassar ser Lyse og Green Mountain for seg at vil kome som følgje av etablering av datasenterklynge. Foto: Foto: Lyse

«Desse arbeidsplassane er i stor grad lokale og regionale, men det vil òg bli skapt ein del nasjonalt,» heiter det i rapporten.

– 78 prosent av arbeidsplassane er av teknisk karakter, 12 prosent er knytt til tryggleik og dei resterande vil vere relatert til administrasjon, leiing og transport. Berre rundt 10 prosent er knytt til datasentera fast, seier Gundegjerde.

Enorme investeringar i utstyr

– Ser me på investeringar for å byggje infrastrukturen, er dei på 13 til 27 milliardar over ti år frå det lågaste til det høgaste scenariet.

Det er småpengar samanlikna med kva investeringar som kjem for å fylle datasentera, meiner Gundegjerde.

– Det er nesten tjuegongen, fordi det er rotasjon på utstyr. Nokon skal skru ting inn, halde reint, skru ut, gjere ditt og datt. Då er det mange som jobbar, seier han.

Investeringar i IT-utstyr vil ifølgje rapporten kunne bli på 232,3 milliardar for det lågaste scenariet, 353,5 milliardar for det mellomstore og 435 milliardar for det største. Det gjeld ein tiårsperiode.

I rapporten blir det presisert at tala ikkje inkluderer eventuelle arbeidsplassar eller investeringar knytt til industri som kjem saman med datasenterklynga. Det kan vere biogassanlegg, oppdrettsanlegg på land, veksthus og liknande. Dersom dei klarar å realisere dette, vil tala bli endå høgare.

Krev mykje areal, men mindre enn først venta

– Små datasenter vil ta rundt 20 dekar, medan dei største vil ta rundt 120 dekar kvar. Ein endar opp med behov for 1000 til 1500 dekar på Kalberg, noko heilt anna enn estimatet om 6000 dekar som har vore i media, seier Gundegjerde.

Det har aldri vore snakk om å ta så mykje frå verken Lyse eller Green Mountain si side.

– Me legg til rundt 500 dekar ekstra for anna industri som vertikalt landbruk og biogass. Klarar me å sette av 2000 dekar innanfor dei 6000, som ikkje nødvendigvis treng ligge heilt ved sia av kvarandre, og som i beste måte vernar verdifull jord, kan me få ein koeksistens som er ganske kjekk, meiner Gundegjerde.

Slik ser framskrivingane ut

Minste scenario:

  • Ti datasenter; to hyperskala, sju «enterprise»-senter og to samlokasjonssenter
  • Ei slik klynge vil dra 270 megawatt, og vil krevje rundt 1000 dekar. 1500 totalt med ekstra industribygg
  • 4100 arbeidsplassar per 2032, 3800 av dei skal vere permanente frå då av. 1220 av desse arbeidsplassane er ifølgje rapporten knytt til bygging av infrastruktur
  • 28.500 årsverk, infrastrukturinvesteringar på 13,5 milliardar og IT-investeringar på 232,3 milliardar over ti år

Mellomscenario:

  • 15 datasenter; to hyperskala, ti enterprise og tre samlokasjon
  • Dette vil krevje 455 megawatt, og ta 1410 dekar. 1910 totalt medrekna ekstra industri
  • Det skal skape 7150 jobbar og 6200 permanente arbeidsplassar. 1800 arbeidsplassar kjem via byggjeprosessen
  • 48.000 årsverk, infrastrukturinvesteringar på 23 milliardar og IT-investeringar på 352,5 milliardar over ti år

Største scenario:

  • 19 datasenter per 2032. To hyperskala senter, 14 på enterprise-nivå og tre samlokasjonssenter
  • Vil krevje 525 megawatt og 1550 dekar, då 2050 totalt
  • Skal kunne skape 8300 arbeidsplassar, 7300 av dei permanente. I den mest aktive fasen av utbygginga er det 2000 jobbar knytt til sjølve bygginga.
  • 58.000 årsverk, infrastrukturinvesteringar på 27,4 milliardar og IT-investeringar på 435 milliardar over ti år