Omkøyringsvegen er planlagt som ein fylkesveg, men Rogaland fylkeskommune har han ikkje inne i sine budsjett. Time og Klepp har begge signalisert at kommunebudsjettet ikkje har rom til å delfinansiera eller forskottera vegen.
Dermed peikar kommunane på Time Energipark, det privateigde selskapet som tar rekninga for det som skal vera den største områdeplanen under utarbeiding i Norge – og det som kan bli eit «halvt Forus».
Ifølge dagleg leiar Tom Tvedt er planleggingskostnadene passert 50 millionar kroner. Mykje er gått til arbeidet med vegen, men prisen så langt, bleiknar mot byggekostnadene Norconsult har rekna seg fram til.
Vegen vil kosta minst éin milliard kroner å få ferdig, viser kostnadskalkylen deira.
Konsulentfirmaet vart engasjert for å vurdera konsekvensane av ei trinnvis utbygging av vegen. Dei vurderte òg om det går an å bygga ein kortare og rimelegare veg, enn ein som krev tunnel og startar sør for TKS-fabrikken på Tegle.
Dei konkluderer at alle utbyggingstrinna må realiserast for å avlasta Kvernaland/Orstad. I tillegg til å senda trafikken utanom bygda, skal omkøyringsvegen gjera det mogleg å skalera ned dagens Kvernelandsvegen til gatestandard.
Omfattande rekkjefølgekrav
Arbeidet med arealdelen til kommuneplanen i Time måtte delast i to fasar, før han endeleg kunne vedtakast i 2021.
Fase to konsentrerte seg om Kvernalandsområdet. Den kom fleire år etter fase éin, som hadde tatt føre seg resten av kommunen.
Sidan kommuneplanen vart vedtatt, har planlegging og opparbeiding av omkøyringsvegen lege inne som eit avgjerande rekkjefølgekrav. Viss ein les rekkjefølgekrava bokstaveleg, kan ingenting byggast på næringsområda før heile vegen er etablert.
Rekkjefølgekrava, saman med trafikkonklusjonane frå Norconsult, styrer arbeidet med områdeplanen. Nå har Time Energipark levert frå seg all dokumentasjon, som kommunane Klepp og Time går gjennom.
Formelt er kommunedirektøren forslagsstillar. Nå – før førstegongsbehandlinga – pågår tautrekkinga med Time Energipark om korleis det endelege forslaget til politikarane, skal sjå ut.
Vil ha med fleire på spleis
Jærbladet møter dagleg leiar Tom Tvedt i Masiv sine lokale på Øksnevadporten, der Time Energipark har kontor.
Entreprenør- og utbyggarselskapet Masiv er inne på eigarsida, saman med israelskeigde Green Mountain og dei lokale konserna Stangeland og IKM.
Han avviser spleiselaget kommunane har spelt inn for vegen. Han peikar på ein termos på bordet.
– Me skal begge bruka han, men berre eg skal betala for han? Er det rettferdig? Er det eit spleiselag?
Tvedt meiner eit spleiselag bør bestå av kommunane, fylket og næringslivet, slik det har vore på Forus og som det er i Kviamarka.
– Det er grenser for kva ein kan pålegga utbyggarar utan at dei til slutt kastar korta, åtvarar han.
Må sikra heile vegen
Områdeplanen som er utarbeiding, går ekstra grundig til verks på eit 550 dekar stort næringsområde på kommunegrensa mellom Time og Klepp. Målet er å kunna gå rett på ei byggesak i delfelta KN6 og NK1, når områdeplanen er klar.
Med plassering nærmast eksisterande veg og busetnad på Orstad, er dette det truleg mest attraktive av næringsområda. Her blir det allereie laga detaljerte planar for plassering av datasenter.
Time Energipark – som forslagsstillar og utbyggingsselskap – må klargjera når og korleis omkøyringsvegen, gjennom heile planområdet, skal sikrast finansiert og opparbeidd. Det har kommunen kravd i møte og skriftleg kommunikasjon.
I april sakna kommunens planmedarbeidar det siste av utbyggingstrinna i dei innsende arbeidsdokumenta. Ho etterlyste strekninga lengst sør – eit klart avvik i forhold til kommuneplanen, og som også er det desidert dyraste.
Avviket kan ikkje aksepterast, skreiv saksbehandlaren for Kalberg-planen i ein e-post til Tom Tvedt.
Arbeider med prinsippsak
For å hjelpa seg fram til målet om førstegongsbehandling i haust, arbeider kommunedirektøren i Klepp og Time med ei prinsippsak der politikarane før sommaren skal ta stilling til dei vanskelegaste spørsmåla.
Kommunane ønsker ikkje å enda i ein situasjon der dyre rekkjefølgekrav hamnar til sist, og gjer at omkøyringsvegen aldri blir fullført.
Under eit møte i slutten av april heldt Time kommune ein presentasjon for Time Energipark, med forslag til rekkjefølgekrav.
Ifølge forslaget må første del av omkøyringsvegen vera etablert før noko kan byggast på det nordlegaste næringsområdet, NK1. Resten av vegen må dessutan – på eit vis – vera «sikra».
Kommunen føreslo at heile omkøyringsvegen må vera etablert før noko kan byggast på dei sørlegaste næringsområda, NK3 og NK4.
Då Jærbladet nyleg møtte plan- og forvaltningssjefen i Time for ei statusoppdatering, viste han til konklusjonen frå Norconsult:
– Viss omkøyringsvegen skal ha effekt, må heile vegen byggast, sa Martin Tengesdal Torstenbø.
Klar tale
Tom Tvedt representerer den private kapitalen i spleiselaget. Utan at utbyggarane får inn inntekter først, argumenterer han, har dei ikkje pengar til å investera i veg og nødvendig infrastruktur.
– Våre eigarar har sagt at dei ønsker å få til eit spleiselag. Me strekker oss langt. Men me må ha økonomisk berekraft for å få det til.
Vidare:
– Eigarane lever av økonomisk berekraft. Viss kommunane seier at vegen må vera bygd ferdig før noko startar, så går det ikkje. Og viss kommunen vedtar at heile vegen må vera bygd og betalt av Time Energipark, går det ikkje.