For å avlasta trafikken på Orstad og Frøyland, er det meininga at Kverneland skal få ein ny omkøyringsveg. Vegen, slik han er skissert i områdeplanen for eit nytt, stort næringsområde på austsida av bygda, vert om lag 6,4 kilometer lang.
I nord startar han ved rundkøyringa ved brua ved Foss-Eikeland. Herfrå skal vegen følga Figgjoelva i retning masseuttaket til Stangeland. Etter ein kilometer dreier vegen sørover.
Her vert det avkøyring med tilkomst til datasenteret som er under planlegging, før omkøyringsvegen treff Åslandsvegen i ei rundkøyring.
Frå denne rundkøyringa går omkøyringsvegen vidare sørover. Etter ein knapp kilometer går han inn i ein 1,6 kilometer lang tunell under Brekkenuten og Håfjell.
Eit T-kryss før tunellinnslaget sørger for ein forbindelsesveg mellom omkøyringsvegen og Fjermestadvegen.
Etter planen skal omkøyringsvegen kopla seg inn på Kvernelandsvegen om lag 400 meter sør for TKS.
Planen er at fartsgrensa på den nordlege delen av omkøyringsvegen skal vera 60 kilometer i timen og 80 kilometer i timen på den sørlege.
Sparar eit minutt bak rattet
Ferdig utbygd kan vegen spara trafikantane som skal forbi Kvernaland eit minutt, samanlikna med dagens veg gjennom sentrum.
I tillegg kan ein fullt utbygd veg kunne ta unna trafikkveksten i Kvernaland sentrum, skal ein tru konsekvensutgreiinga knytt til trafikk og mobilitet.
Sjølv om trafikken er venta å gå ned med éin gong, reknar ein med at trafikken på Kvernelandsvegen mellom Frøylandsbekken og krysset med Fjermestadvegen over tid vil ta seg opp igjen til dagens nivå.
Omkøyringsvegen gjer likevel at den tungt belasta Kvernelandsvegen gjennom sentrum ikkje får den same trafikkveksten han elles ville fått. Det er òg venta at omkøyringsvegen vil føra til ein moderat reduksjon av trafikken på fylkesveg 44.
På den andre sida vil trafikken, både på Fjermestadvegen og Åslandsvegen, auka kraftig som følge av ein fullt utbygd omkøyringsveg. Andre strekk av Kvernelandsvegen, utanfor sentrum, vil òg oppleva trafikkauke.
Trugar stallen
Torbjørn og Kjersti Kalberg synest ikkje det er verdt ulempene.
Dei to bur på gard på Kalberg, med grense mot Sandnes i nord og i aust. På garden driv dei med ammekyr og med hest gjennom verksemda Stall Kalberg.
Garden har òg inntekter frå Stangeland sitt masseuttak, som ligg rett ved huset deira. Paret er med andre ord langt frå ukjende med trafikk og støy. Men, trur dei, vert planane for vegen realiserte, kan det fort verta mykje verre.
Paret fryktar at dei vert buande «i ein midtrabatt».
– Garden vert delt opp. Omkøyringsvegen tar halve skogen, og vil gjera plassen meir trafikkert, seier Torbjørn.
Kjersti trur verdien området som turområde vil forsvinna. Det kan bety slutten for stalldrifta.
– Me vert innestengde her, seier Torbjørn.
Han fryktar omkøyringsvegen vil gjera at resten av bygda vil lida same skjebne.
Ingrid Fiskaa, timebu og representant for Sosialistisk Venstreparti på Stortinget, er samd.
– Kvernaland vert bygd inne. I dag er det berre å ta på skoa og gå opp på Brekkenuten. Vert vegen bygd ut, kan det i verste fall vera at du må kryssa både ei 80-sone og tilkomstvegen til det eine næringsområdet, seier ho.
Fiskaa legg til at ho tviler på at folk ønsker seg støyen eller skjeringane i landskapet som òg vil følga med den nye vegen.
Tar nesten 100 dekar
Vert vegen bygd, vil det gå med ein del jordbruksjord: Rundt 75 dekar, mykje av det innmarksbeite, men òg noko fulldyrka jord og dyrkbar mark.
– Etter det eg har telt, vil han gå over 22 kjelver mellom her og Tegle, seier Torbjørn Kalberg.
I tillegg til 75 dekar med nedbygd jord kjem 13,8 dekar innmarksbeite og 4,2 dekar fulldyrka jord som vil ligga igjen som ikkje-drivverdige restareal.
Torbjørn meiner det reelle talet kan vera høgare enn det som kjem fram på papiret.
– Til dømes er det ingen som kan driva med mjølk om dei endar opp med beite på eine sida av vegen og mjølkemaskinen på den andre, seier han.
Både han og SV-politikarane som har invitert seg sjølv på besøk til Kalberg denne dagen fryktar at utbygging av vegen vil føra til at fleire bønder vil gje seg.
Heller enn å bygga ny veg, bør styresmaktene fjerna flaskehalsane på vegane som allereie er i området, meiner Torbjørn.
– Fiks opp bruene, så kjem trafikken til å flyta greitt, seier han.
– Ingen vil køyra på bomveg
Korleis omkøyringsvegen skal finansierast, er ikkje avklart.
– Kommunen har ikkje pengar til det. Ikkje fylket heller, så vidt eg veit, seier Fiskaa.
Det er snakk om at noko av rekninga kan dekkast gjennom den planlagde tverrforbindelsen som skal knyta Foss-Eikeland og fylkesveg 44 på Skjæveland saman med E39. I alle fall om tverrforbindelsen vert lagt på sørsida av Figgjoelva, noko kommunestyret i Sandnes nyleg opna for.
Time-ordførar Andreas Vollsund (H) har tidlegare i sommar sagt til Jærbladet at det kan vera aktuelt å sjå tverrforbindelsen og omkøyringsvegen under eitt.
Torbjørn Kalberg himlar med auga når temaet kjem opp.
Ei realisering av tverrforbindelsen på sørsida av Figgjoelva kan stykka opp garden ytterlegare. Men Torbjørn Kalberg trur ikkje det er realisme i forslaget, som han meiner er lite gjennomtenkt.
– Det er berre strekar på ein serviett, seier han.
Time Energipark har signalisert at dei kan vera med på å betala noko av omkøyringsvegen, medan Time-ordførar Vollsund (H) har sagt at han ikkje vil utelukka at bompengar kan verta ein del av finansieringsløysinga.
– Då endar det fort opp med at ingen vil betala, og at alle berre køyrer den gamle vegen i staden, trur Fiskaa.
– Kva er då vitsen? spør Kjersti Kalberg.
– Sjå på Lyngdal. Der er det mest ingen som køyrer på nye E39. På grunn av bompengane går heile tungtrafikken til Arendal på gamlevegen, seier Torbjørn.
I planane for omkøyringsvegen ligg det inne tilrådingar om til dømes senking av fartsgrensa og innføring av miljøgate i Kvernelandsvegen gjennom sentrum for å få fleire til å velja omkøyringsvegen.
Ukjend pris
Sjølv om politikarane har bestemt at det er ein føresetnad at omkøyringsvegen er på plass før området kan byggast ut med industri, masseuttak og bustadar, har Time Energipark signalisert at det frå deira side er ønskeleg med ei trinnvis utbygging.
Norconsult har i ein rapport tinga av pådrivarane i Time Energipark tilrådd å begynna den trinnvise utbygginga i nord.
Ifølge rapporten kan halve det nordlegaste næringsområdet på Kalberg – der datasenteret etter planen skal vera – byggast ut før den første dryge kilometeren i nord står klar.
Tom Tvedt, dagleg leiar i Time Energipark, har tidlegare sagt til Jærbladet at ei trinnvis utbygging av vegen og næringsområda kan gjera det lettare for dei å vera med på finansieringa av vegen.
– Men då vil trafikken eksplodera, seier Øystein Nereng, kommunestyrepolitikar i Time frå SV.
Nereng viser til konsekvensutgreiinga. Av den går det fram at fram til vegen er ferdig utbygd, vil det generelle trafikknivået auka på alle vegane i området og at derfor er nødvendig å setta inn tiltak for å sikra trafikktryggleiken.
Ein presentasjon frå Norconsult frå tidlegare i år stadfestar dette bildet. Med heile omkøyringsvegen utbygd, unntatt siste del mellom Fjermestadvegen og Kvernelandsvegen sør for TKS, vil trafikken auka kraftig. Først når heile vegen er klar, vil trafikken i enkelte område, til dømes Kvernaland sentrum, reduserast.
Områdeplanen for Kalberg og dei andre områda som etter planen skal byggast ut, er stor. Om vegen skal byggast ut i takt med dei ulike områda, heller enn i forkant, kan det ta veldig lang tid før han er ferdig utbygd.
Fiskaa fryktar eit scenario der berre delar av vegen vert realisert.
– I så fall har bygda vorte lurt opp i stry, seier ho.
Kor mykje omkøyringsvegen vil kosta, er førebels ikkje kjent.
– Det er oppsiktsvekkande at ikkje Time Energipark har rekna på kva eit så sentralt moment i planen deira vil kosta, seier Fiskaa.
Stavanger Aftenblad har henta inn ei utrekning som seier omkøyringsvegen vil kosta ein milliard kroner. Fiskaa trur han vil kosta langt meir.
Ho slår fast at ut frå standarden vegen er planlagt med, er det ingen tvil om at han vert dyr.
– Men Time Energipark har tydelegvis ikkje ønska å vita kor mykje han vil kosta. Då treng dei heller ikkje gå ut med eit prisestimat, seier Fiskaa.
Villig til å sjå på enkeltelement
Sjølv om det er vegen som er hovudbodskapet deira, kjem gjengen stadig innpå det planlagde datasenteret som etter planen skal byggast like vest for garden til Torbjørn og Kjersti Kalberg.
Fiskaa seier det nå er så mange datasenterprosjekt på gang rundt om i landet, at heile det norske kraftoverskotet kjem til å ryka om alle skal realiserast.
– Me er nøydde til å ta eit grunnleggande val om kva me skal bruka krafta vår på, seier ho.
– Utan omkøyringsveg kan ikkje utbygginga av planområdet realiserast. Når de nå er så kritiske til vegen, er det ein måte å gå imot heile utbygginga av området på?
– Om me seier at heile debatten starta heilt på nytt, med blanke ark, så går det an å sjå på dei ulike elementa som nå ligg inne i planen på ulike måtar. Det er tilhengarane av dette som har så sterkt syn på at det eine ikkje går utan det andre, seier Fiskaa.
Ho meiner utgangspunktet var heilt feil.
– Du skal ikkje knyta trafikksituasjonen på Kvernaland til utviklinga av nye næringsområde, seier ho.
Trur kommunestyret vil seia nei
Torbjørn gjentar at han ikkje forstår kvifor kvernelandsbuen vil stenga seg sjølv inne bak tungtrafikk og veg med fartsgrense på 80 kilometer i timen.
– Heldigvis er det mange som er imot òg, svarar Fiskaa.
Spørsmålet er berre om det er mange nok. Så langt har eit knapt fleirtal i kommunestyret vore positive til planane på Kalberg og området rundt.
Kommunestyrerepresentant Øystein Nereng (SV) trur det kan endra seg.
– Eg føreset at kommunestyret set seg godt inn i konsekvensane. Etter kvart som planarbeidet går framover vert dei tydelegare og tydelegare. Konsekvensane er så massive at eg trur dette vil gå rette vegen når saka skal behandlast. Noko anna ville vore sjokkerande, seier Nereng.
Han trur òg at styresmaktene si innskjerping av jordvernet dei siste åra kan spela inn.
Fiskaa seier at då kommunestyret i si tid behandla arealplanen, var det lite snakk om eventuelle negative verknadar av omkøyringsvegen.
– Vegen sitt arealbeslag var ikkje ein del av reknestykket i det heile tatt, seier ho.