– Det er ikkje enkelt å få dette til på ein klok måte, for det er store mengder restvarme. Men viss ikkje industrien på Jæren klarer det, så klarer ingen det, seier Tom Tvedt og Eimund Nygaard.
Dagleg leiar Tvedt og styreleiar Nygaard i Time Energipark jobbar for å etablera datasenter og annan kraftkrevjande industri på Kalberg.
Men dei to vedgår at dei ennå ikkje har ein plan for å oppfylla kravet som dei folkevalde i Time la inn i juni 2021, då dei med eit knapt fleirtal gav tommel opp for datasenter-utbygginga:
Før noko datasenter blir sett i gang, skal det finnast ein plan for korleis overskotsvarmen skal nyttast.
Vil sluka straum
Datasenter er tenkt som kjernen i ein mykje større park for kraftkrevjande industri fordelt på 1.200 dekar i heiene rundt Kvernaland. Arealet er på ingen måte tilfeldig: Her ligg òg den nye transformatoren Fagrafjell, som får straum frå Lysebotn, Tonstad og Åna-Sira.
Fagrafjell er «Norges største stikkontakt», ifølge Tom Tvedt.
Eit av selskapa som vil inn i industriparken, er Green Mountain. Den israelsk-eigde datasenteroperatøren er den største slike aktøren som har fått reservert straum frå Fagrafjell.
I 2024 fekk selskapet sett av 300 MW i kraftnettet, ifølge Statnett sin statistikk. Planane er datasenter som vil forbruka 1,7-1,8 terrawattimer (TWh) kraft. Det tilsvarer over ein prosent av straumproduksjonen i heile Norge i fjor.
Dronebilde frå Nordre Kalberg i Time. Dagens masseuttak skal bli større i RK1 og RK2 (totalt cirka 200 dekar, rundt uttaket til venstre på bildet). Transformatorstasjonen Fagrafjell midt i bildet, til høgre for Åslandsnuten. Elva Figgjo i nord.Foto: Snorre Standish Norheim
To prosent av straumforbruket
Talet på datasenter i Norge har eksplodert sidan 2000, då det fanst eitt i heile landet.
I 2024 var 26 datasenter etablert, i regi av 15 operatørar. I april i år hadde styresmaktene registrert 106 datasenter og 56 operatørselskap. Green Mountain driv fire av anlegga.
I fjor la datasenterindustrien beslag på nesten to prosent av den norske straumproduksjonen, opp frå drøyt éin prosent året før, viser tal frå SSB og Elhub.
I rapporten Energy Transition Outlook Norway 2025 anslår Det norske Veritas at strømforbruket fra datasentre vil nå 7 TWh i 2030. Så venter DNV en ny dobling det neste tiåret, til et forbruk på 15 TWh i 2040.
Nesten ingen har klart det
All straumen trengst for å driva maskinparken, som skaper varme. Derfor må det også brukast straum til å halda anlegga kjølig.
Bruken av overskotsvarme er eit uløyst problem. Dét er utbyggarane og plan- og forvaltningssjefen heilt einige om.
– Det er eit krav at overskotsvarmen blir tatt vare på, og me forventar at dette blir løyst på ein god måte. Men det er ufatteleg vanskeleg i praksis. Det er få plassar i verda der dei har klart å bruka restvarmen, seier Martin Tengesdal Torstenbø, plan- og forvaltningssjef i Time kommune.
– Berre i eit av delområda på Kalberg er potensialet for varmeproduksjon 4,3 TWh, seier han.
– Det sa meg først veldig lite. Men varmebehovet i Rogaland er 3,6 TWh. Dette området kan altså teoretisk varma opp heile fylket. Og viss det blir datasenter i alle tre delområde på Kalberg, vil det kunna produsera 9 TWh, seier han.
Ingen krav til gjenvinning
Staten vil gjerne at overskotsvarme skal bidra til å skapa ny næring. Men styresmaktene stiller ingen krav til at dei skal gjera dette.
– Me har eit krav om at datasenter skal gjennomføra kost-nytte-analysar for bruk av overskotsvarmen. Eg har klare forventningar om at dei prøver, sa digitaliseringsminister Karianne Tung (Ap) tidlegare i år, ifølge NRK.
Ingen vil ha varmen
Problemet lokalt er òg at ingen aktør står klar til å bruka denne restvarmen, ifølge Time Energipark sine folk.
Ikkje Lyse Neo eller Klepp Energi, som har bygd ut fjernvarmenettet på Nord-Jæren.
– Nettet er i ferd med å bli fullt. Det treng ikkje meir med mindre fjernvarmenettet blir bygd ut, seier Tom Tvedt.
– For dyrt for drivhusnæringa
Kanskje oppdrettsnæringa, som er i full gang med oppdrett på land? Tom Tvedt tvilar.
– Viss det skal akvakultur til Kalberg, kor skal dei få vatnet ifrå? Skal dei tappa det frå åna?
Heller ikkje drivhusnæringa, som kunne ha dyrka mat i lange baner ved hjelp av slik varme, vil vera aktuell i sjølve parken, trur Tvedt.
– Det blir for dyrt for ein bonde å betala 6.000 kroner per kvadratmeter på Kalberg for å bygga drivhus på desse områda, slik kommunane, fylket og staten vil, meiner den daglege leiaren i Time Energipark.
Kamp om næringsareal
Under denne diskusjonen ligg ein interessekonflikt mellom kommunen og utbyggaren: Kor mykje næringsareal skal gå til kraftkrevjande industri – og kor mykje til industri som tvert imot treng overskotsvarmen frå denne?
Kommunane og fylket forventar «industriell symbiose» – altså at Kalberg skal ha verksemder av begge typar, slik at spillvarmen blir utnytta.
Tidlegare blei veksthus sett på som landbruk, natur og friluftsliv – LNF.
– Men nå er dette definert som næringsareal i det nasjonale regelverket. Næringsarealet på Kalberg er begrensa, og utbyggaren vil ha mest mogleg av det til kraftkrevjande industri, seier Torstenbø.
Time, derimot, har behov for noko nytt i lova: Det plan- og forvaltningssjefen kallar «industrielt jordbruk».
– Det vil bli lettare å få brukt overskotsenergien viss me får lov til å ha veksthus på Kalberg i område som blir sett av til industrielt jordbruk. Men til det trengst ei lovendring. Dette har me spelt inn til statssekretæren i Kommunaldepartementet, seier han.
Teknologien har utvikla seg sidan kommunen stilte sine krav, påpeiker Eimund Nygaard, styreleiar i Time Energipark. - Temperaturen på restvarmen er blitt lågare.Foto: Ingeborg Eliassen
For mykje med for låg temperatur
Teknologiutviklinga har rulla vidare sidan kommunens vedtak om å gå for datasenter på Kalberg, påpeiker Eimund Nygaard.
– Det inneber at temperaturen på restvarmen går ned. I 2020 var det typisk 30 til 45 grader. Nå held den mellom 20 og 25 grader, og det er positivt. Men ulempa er at det blir altfor store mengder med litt for låg varme til at mange treng det, seier den tidlegare mangeårige sjefen i Lyse.
Slunken verktøykasse
Plan- og forvaltningssjefen si makt sluttar ved kommunegrensa. Kommunen manglar verktøy i kassen, meiner Torstenbø.
– Me kunne hatt bruk for sterkare statlege krav til bruk av overskotsvarme. Men i fjor blei datasenter i det minste definert som eit eige formål. Det gjer at kommunar kan velja kor mykje datasenter-verksemd dei vil ha.
Kalberg-planen er diger. «Det største næringsprosjektet i Time i nyare tid», ifølge Torstenbø. «Eit halvt Forus», ifølge Tom Tvedt.
– Me har så mykje meir kunnskap nå, enn me hadde då dette starta, seier plan- og forvaltningssjefen.
Treng ny politisk avklaring
Så mykje at dei folkevalde må koplast inn igjen for å skjera gjennom fleire prinsipp som planleggarane stangar mot når dei skal finna ut korleis utbygginga kan la seg gjera i praksis. Nå jobbar kommunens folk med å førebu denne prinsippsaka.
– Politikarane må avklara nokre prinsipp som gjeld kravet om industriell symbiose, om bruk av overskotsvarme – og ikkje minst om omkøyringsveg, seier Martin Tengesdal Torstenbø.