Gravearbeida er begynt på Vagle i Sandnes. På Kalberg i Time, få kilometer unna, er ikkje reguleringsarbeidet eingong ferdig.
Gravearbeida er begynt på Vagle i Sandnes. På Kalberg i Time, få kilometer unna, er ikkje reguleringsarbeidet eingong ferdig. Foto: Håvard Ovesen

I starten av februar var konsulentselskapet Head Energy i kontakt med Sandnes kommune om etablering av eit datasenter i Vagle Næringspark. Det skreiv Sandnesposten torsdag.

Næringsparken er eigd av K2 Stavanger AS (40 prosent) saman med NHP Eiendom AS (40 prosent) og Sandnes kommune (20 prosent).

Dagleg leiar i K2, Pål Njærheim, seier til avisa at dei førebels ikkje kan seia så mykje om planane.

I gang

Næringsparken på Vagle er eit stort trekantforma område som er avgrensa av Kvernelandsveien på to kantar i aust, og av jernbanen i vest. Noko er bygt ut, men mykje er fulldyrka jord som er regulert til næring.

I mai 2023 gav Sandnes kommune godkjenning til at opparbeidinga av veg, vass- og avløpsanlegg til fase 2 på Vagle, kan starta.

Seint i fjor bestemt Coop seg for ikkje å bygga nytt hovudlager ved godsterminalen på Vagle, slik konkurrenten Rema 1000 har gjort. Dermed er nabotomta «ledig» for andre føremål, for eksempel eit datasenter.

Detaljplanen for Vagle fase 2, som er under opparbeiding. «Coop-tomta» lengst til høgre er på 60 dekar. Isolert sett er tomta langt mindre enn NK1 på Kalberg. Delområdet Green Mountain vil bygga datasenter på der, er på 226 dekar.
Detaljplanen for Vagle fase 2, som er under opparbeiding. «Coop-tomta» lengst til høgre er på 60 dekar. Isolert sett er tomta langt mindre enn NK1 på Kalberg. Delområdet Green Mountain vil bygga datasenter på der, er på 226 dekar. Foto: Foto: Sweco

Trekk ut på Kalberg

I november erfarte Stavanger Aftenblad at Microsoft er den store kunden som Green Mountain vil legga til rette for på Kalberg.

Då planane vart presenterte i oktober, vart det sagt at kunden var eit av dei 20 største teknologiselskapa i verda.

Jærbladet undersøkte påstanden med Microsoft, som svarte at dei ikkje hadde noko å dela om eventuelle prosjekt i Norge. Green Mountain har svart at dei har kontraktsfesta teieplikt.

Reguleringsarbeidet på Kalberg er kostbart, svært komplisert og tar tid.

For å kunna bygga datasenter her, treng Green Mountain dispensasjon frå krav om godkjent detaljplan for datasentertomta og områdeplan for Kalberg, og frå rekkjefølgekravet om omkøyringsveg for Kvernaland.

Heile tida har Green Mountain stressa at kunden deira har svært dårleg tid. I oktober var målet å ha ferdig første byggetrinn seinast januar 2025.

Stikkontakt i norgestoppen

Svein Atle Hagaseth, administrerande direktør i Green Mountain, vil korkje stadfesta eller avkrefta at Vagle er aktuelt for kunden deira.

– Det har me ingen kommentar til.

Han er òg styremedlem i Time Energipark AS, der Green Mountain har 19 prosent av aksjane.

Time Energipark AS arbeider med å utvikla næringsområdet på Kalberg. Dagleg leiar Tom Tvedt seier at dei jobbar «ufortrødent» med å koma i mål med områdeplanen.

På spørsmål om han trur Green Mountain kan ta med seg kunden sin til Vagle, viser han at til dei er éin av eigarane i Time Energipark.

– Men at vårt område er av interesse for denne bransjen, kan ikkje overraska nokon. Eg minner om det eg har sagt før, at det er ein av Norges største stikkontaktar som eit samrøystes Jæren har bestemt at skal ligga på Fagrafjell.

Næringsområde under opparbeiding på Vagle.
Næringsområde under opparbeiding på Vagle. Foto: Foto: Håvard Ovesen

«Skøyteleidning» forbi Kalberg

Fagrafjell ligg på kommunegrensa mellom Time og Sandnes. Transformatorstasjonen som stod ferdig i fjor, er trekkplasteret som skal dra kraftkrevjande kundar til Kalberg.

Men kva om det kan trekkast «skøyteleidning» til Vagle, som ikkje ligg meir enn tre kilometer unna i luftlinje?

– Eg skjønner kor du vil, men det skal meir til enn som så, seier Tom Tvedt, utan å gå i detaljar.

Generelt kan det seiast at nettselskapet Lnett har ei plikt til å levera til kundar som ønsker å kopla seg til straumnettet, og at det i utgangspunktet er «første mann til mølla»-prinsippet som gjeld.

Men det er òg opning for å skjela til kor modent prosjektet er, og at det er ein klar og realistisk framdriftsplan for det som skal etablerast, før det blir reservert straum.

Då er det eit poeng å koma seg fram i køen, ettersom tilgangen til effekt er ein avgrensa ressurs i regionen.

Taus gigant

Jærbladet har kontakta Microsoft. Dei viser til svaret dei gav sist ved kommunikasjonssjef Pekka Isosomppi:

«Microsoft har støttet lokal forretningsvekst og innovasjon i Norge i over 30 år, og fortsetter å hjelpe sin digitale transformasjonsreise og fremskynde skyadopsjonen på en ansvarlig måte. Vi vurderer alltid behovene til våre kundar, partnere og økosystemet, og vil fortsette å forplikte oss til å gi en sterk digital base for landets fremtidige vekst.»