– Viss kommunedirektørens framlegg går gjennom, er det Norgesrekord i pålegg og rekkefølgekrav, sa Tom Tvedt, dagleg leiar i Time Energipark, før møtet i Time rådhus begynte torsdag.
Det tok si tid, for ein del av utval for lokal utvikling var på ei synfaring som varte lenger enn planlagt.
Men då møtet endeleg tok til, med folk i alle stolane i publikumssona, gjekk fleirtalet i utvalet ikkje berre inn for pålegga og rekkefølgekrava i kommunedirektøren sitt «Norgesrekord»-framlegg.
Dei spissa krava.
Nullar eige prinsipp, men skjerpar krav
Skjerpinga kom frå Høgre, som med sine tre medlemmer i utvalet er det einaste partiet med fleire enn ein representant.
– Me justerer litt av prinsippet me har vedtatt tidlegare, om at heile vegen skal vera ferdig før det blir etablert næring på Kalberg. Men me vil ikkje risikera at det kjem næring men ikkje fullt utbygd veg. Derfor legg me inn krav om at heile omkøyringsvegen blir sikra i form av bankgaranti eller liknande, sa Iren Lassen til Jærbladet før møtet.
Avstand: Tom Tvedt, Time Energipark, og ordførar Andreas Vollsund, Time. Foto: Ingeborg Eliassen
– Dyrt, men dei får store mengder kraft
Torsdag var ho møteleiar og fekk det knappe 5-4-fleirtalet ho trong for at det nå er kommunedirektørens framlegg – i Høgre si skjerpa form – som går vidare til kommunestyret 21. oktober:
Kommunen vil fortsetja med planane om datasenterutbygging på Kalberg. Vegen kan komma trinnvis, slik Time Energipark vil. Bruken av overskotsvarme kan òg komma etter kvart. Men heile omkøyringsvegen skal komma, anten heile industriområdet blir bygd ut eller ikkje. Og vegen – kalkulert til å kosta over ein milliard kroner – skal finansierast av utbyggarane på måten kommunen har bestemt.
– Det blir ikkje noko spleiselag, ifølge Lassen.
– Fleire forhold har endra seg sidan 2021, og vegen er blitt nesten dobbelt så dyr. Eg kan forstå at det kan opplevast som urimeleg. Men det er ganske store mengder kraft dei potensielt får tilgang til. Det er verdt noko, meiner Lassen.
Ap: – Ville stemt imot i dag
Det er fem år sidan eit knapt fleirtal i kommunestyret i Time ga grønt lys for å gå vidare med planane om massiv næringsutvikling på Kalberg. Mykje har endra seg sidan då.
– Hadde eg visst det me veit i dag, ville eg stemt imot, sa Ap-representant Kjell Olav Stangeland, den einaste frå sitt parti den gongen som framleis er i vervet.
– Ein absolutt føresetnad var omkøyringsvegen, og at den skulle vera fullført før arbeidet med næring blei sett i gang, sa Stangeland.
Han grunngitt korfor han ikkje ville stemma for å mjuka opp vedtaket frå den gongen ved å gå med på trinnvis vegbygging.
I staden stemte Stangeland for eit framlegg frå SV sin representant, Øystein Nereng.
Det gjekk ut på å avvisa innstillinga frå kommunedirektøren.
– Det handlar om tillit til kommunale vedtak
SV meiner primært at heile planarbeidet med Kalberg må stoppast, påpeikte Nereng.
– Men dette handlar om korleis me forvaltar planarbeidet vårt. Me har vedtak i kommunestyret som skal sikra at ting skjer i rett rekkefølge. Nå får me ei prinsippsak som i praksis legg opp til å endra på rekkefølgen, og det blir feil. Dette handlar om tilliten til kommunale vedtak, meinte SV-representanten.
Det går an å meina at det som står i kommuneplanen ikkje lenger er rett, vedgjekk han.
– Men i så fall bør ein diskutera i ein open planprosess. Og me er jo i gang med å rullera kommuneplanen, så det kan me gjera, sa Nereng.
– Omkøyringsvegen trengst ikkje
Eit fjerde framlegg kom også på bordet saman med dei påsmørte rundstykka. Det kom frå Jone Fosse, Senterpartiet. Han viste til 2.000 siders dokumentasjon om Kalberg-utbygginga og at han sjølv har lese rundt 1.800 av dei.
Fosse ville avslutta heile planarbeidet for Kalberg.
– Senterpartiet gjekk til valg i 2023 mot denne utbygginga, og eg vil stemma mot å la det fortsetja, sa Fosse.
Konsekvensutgreiingane syner at ei utbygging vil vera svært negativt for jordvern, kulturminne og naturverdiar, heitte det i framlegget hans.
Det er heller ikkje så sikkert at bygda treng omkøyringsveg, meinte Fosse.
– Eg køyrer støtt gjennom Kvernaland. Der er nesten ikkje kø etter at den nye rundkøyringa kom. Det viser kva små tiltak kan gjera. Eg veit ikkje om me treng denne omkøyringsvegen. Fire felt frå Kåsen til Re på fv. 44 ville derimot ha løyst problem, sa Senterparti-politikaren.
I framlegget formulerte han det sånn:
«Vidare så vil omkøyringsvegen bli kostbar og ikkje gje naudsynt reduksjon i samla trafikkmengd. Utgreiingane syner også at ein ikkje klarar å nytta restvarmen som føresett i gjeldande kommuneplan».
Ordknapp utbyggar
Med fire framlegg blei det diskusjon om kva som var rett rekkefølge for å stemma over dei. Det endte med at Senterpartiet sitt «mest ytterleggåande» framlegg blei røysta over først. Det fall med to stemmer og sju i mot.
Då var det alt klart at ingen ville stemma for kommunedirektøren sitt uredigerte framlegg.
Til slutt sette ordstyraren SV sitt framlegg opp mot kommunedirektøren sitt oppgraderte alternativ. Då var saka avgjort.
Fire – SV, Sp, Ap og V – stemte for å setja punktum, eventuelt å endra dei dei overordna premissane for utbygginga i ein «open og formell planprosess på rett plannivå».
Men eit fleirtal på fem – frå Høgre, Frp og KrF – stemte for å gå vidare med Kalberg-planane på den måten kommunedirektøren og Høgre vil.
Time Energipark sin daglege leiar sat på gjestestol bak i lokalet under heile møtet. Etterpå var han ordknapp.
– Me får sjå kva som skjer, sa Tom Tvedt på veg ut.