KLAR BODSKAP: Styremedlemmene Kirsten Kverneland og Lars Sigve Eide i Vern Kvernaland stilte utføre Time rådhus med ein klår bodskap mot datasenter-utbygginga før kommunestyremøtet.
KLAR BODSKAP: Styremedlemmene Kirsten Kverneland og Lars Sigve Eide i Vern Kvernaland stilte utføre Time rådhus med ein klår bodskap mot datasenter-utbygginga før kommunestyremøtet. Foto: Åge Bjørnevik

– Ein kan ikkje hausta udelt applaus om ein vil byggja ned jord i Time. Det er me her for å markera, seier Lars Sigve Eide, styremedlem i Vern Kvernaland, som stiller i demonstrasjonen utføre rådhuset med ein bulldosar som tek med seg vipa i Time sitt kommunevåpen.

– Er de klare til å stå på vidare dersom heile planen i dag blir send ut på høyring?

– Ja. Det er no kampen begynner. Det er snakk om altfor store verdiar til at me kan slutta å kjempa no, seier Kirsten Kverneland, styremedlem i Vern Kvernaland.

Som før formannskapsmøtet for tre veker sidan, hadde også Time Bondelag mobilisert utføre Time rådhus. Denne gongen med plakatar og med peparkaker til alle dei 27 kommunestyrerepresentantane som i dag skal ta stilling til kor mykje utbyggingsareal på Kalberg, Kvernaland, Fjermestad og Frøyland som skal sendast ut på høyring.

– Dei må skaffa seg ein god plan før dei sender han ut på høyring. Derfor er me her i dag, for å gje tydeleg beskjed om det, seier Tarald Magne Oma, leiar i Tiime Bondelag.

I dag fekk Time-bøndene også støtte frå alle dei tre bondelaga i Klepp under demonstrasjonen.

– Dette er ei sak med regionalt perspektiv, og då er det naturleg at også folk frå nabokommunane kjem og gjev uttrykk for sitt syn, seier Oma.