– TS'en har vore på Kalberg i 20–25 år og tar ut pukk, grus og sand som heile regionen treng. Nå begynner dei å gå tomme; det kan vara i fire-fem år til. Det er dumt viss dei må stoppa opp, eller laga eit nytt uttak ein annan stad, meinte Jone Fosse i Senterpartiet.

SV og Ap sa nei til at Stangeland Maskin skal få laga ein privat detaljregulering som utvider arealet for masseuttaket deira på Kalberg. Senterpartiet sa ja – og fekk fleirtalet i utval for lokal utvikling i Time med seg. Frå venstre Øystein Nereng (SV), Kjell Olav Stangeland (Ap) og Jone Fosse (Sp).
SV og Ap sa nei til at Stangeland Maskin skal få laga ein privat detaljregulering som utvider arealet for masseuttaket deira på Kalberg. Senterpartiet sa ja – og fekk fleirtalet i utval for lokal utvikling i Time med seg. Frå venstre Øystein Nereng (SV), Kjell Olav Stangeland (Ap) og Jone Fosse (Sp). Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Justerte Kalberg-krav frå 2021

Saka kom opp i Time sitt utval for lokal utvikling torsdag, rett etter at politikarane hadde diskutert den store og omstridde Kalberg-utbygginga, som i første omgang inneber eit svært datasenter i regi av Green Mountain.

Saka har gått seg fast i motsetningar mellom utbyggar Time Energipark og rekkefølgekrav som dei folkevalde vedtok i 2021.

I utvalet torsdag bestemte fleirtalet, med fem mot fire stemmer, å gå vidare med justerte framdriftsplanar og krav til Time Energipark.

Planane opnar mellom anna for trinnvis utbygging av omkøyringsveg, slik utbyggaren vil, men krev bankgaranti eller liknande for at dei byggjer heile vegen, uavhengig av kor mange av næringsområda som blir utvikla.

Uvisse for drift når områdeplanen dreg ut

Stangeland Maskin er ein av eigarane i Time Energipark.

TS'en er samstundes ein stor aktør som alt er etablert i utbyggingsområdet, som elles er prega av skog- og jordbruksland.

Nå vil selskapet laga sin eigen detaljreguleringsplan for eit utvida areal rundt masseuttaket for å kunna halda fram produksjonen, som er 400.000 til 600.000 tonn byggjeråstoff i året.

Grunnen, ifølge Stangeland, er at arbeidet med områdeplanen for Kalberg trekkjer ut i tid, og at dette gir uvisse for masseuttaket og kan få konsekvensar for 16 tilsette ved anlegget.

Kommunedirektør Trygve Apeland advarte mot å la ein aktør få detaljregulera delar av området på Kalberg før avklaringar er gjort for heile området. Iren Lassen frå Høgre endte med å likevel gi tommel opp for Stangeland sitt initiativ.
Kommunedirektør Trygve Apeland advarte mot å la ein aktør få detaljregulera delar av området på Kalberg før avklaringar er gjort for heile området. Iren Lassen frå Høgre endte med å likevel gi tommel opp for Stangeland sitt initiativ. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Advarte mot å avvika frå kommuneplanen

Dette initiativet bør politikarane seia nei til, meinte kommunedirektøren i innstillinga si.

Saka gjeld oppstart av planarbeid i strid med kommuneplanen, påpeikte han.

I dag har Stangeland masseuttak i området RK1. Dei ønsker uttak også i RK2. RK1 er regulert. RK2 er uregulert, men i kommuneplanen er det avsett til råstoffutvinning. Stangeland har òg fått dispensasjon til å ta ut massar i eit 30 meter breitt belte i RK2, ifølge administrasjonen.

Planområdet på Kalberg ligg innanfor den svarte, stipla linja. Dei skraverte områda er sett av til næring (1.200 dekar totalt). Dei gule områda er foreslåtte bustadfelt (93 dekar). Dei burgunderfarga felta er sett av til råstoffutvinning, som masseuttak (656 dekar).
Planområdet på Kalberg ligg innanfor den svarte, stipla linja. Dei skraverte områda er sett av til næring (1.200 dekar totalt). Dei gule områda er foreslåtte bustadfelt (93 dekar). Dei burgunderfarga felta er sett av til råstoffutvinning, som masseuttak (656 dekar). Foto: Foto: Time Energipark

Arealet ligg i området som er omfatta av den store områdeplanen for Orstad-Nord, Kalberg, Kvernaland, Frøyland og Fjermestad.

Kommuneplanen stiller krav om felles plan og om at omkøyringsvegen skal vera etablert før det blir gitt løyve til nye masseuttak.

«Oppstart av ein separat reguleringsplan for masseuttak i dette området vil difor vera i strid med gjeldande kommuneplan», skreiv kommunedirektøren.

Men dette betyr ikkje at Stangeland ikkje vil få utvida uttaksområdet sitt. Det må berre skje i ein annan rekkefølgje – etter at områdeplanen er avklart på overordna nivå, tilrådde han.

– Ikkje små detaljar

Øystein Nereng i SV var einig i denne tankegangen. «Ei god og balansert tilnærming», kalla han den.

Senterpartiets Jone Fosse hadde grunn til å gleda seg over gjennomslag i utval for lokal utvikling torsdag.
Senterpartiets Jone Fosse hadde grunn til å gleda seg over gjennomslag i utval for lokal utvikling torsdag. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Dette handlar ikkje først og fremst om ressursane skal kunna utnyttast, men om kva tid. Det er gode grunnar til å venta, for dette inngår i områdeplanen, sa Nereng.

Det viktigaste å få avklart, er omkøyringsvegen, meinte han.

Prislappen for denne nye fv. 505 er over ein milliard kroner.

– Vegen skal TS vera med på. Men det er ennå ikkje avklart korleis den skal finansierast. Dette er ikkje små detaljar. Det er ting som må avklarast i det sentrale planarbeidet.

– Rasera natur ein annan plass?

Det er forståeleg at Stangeland har behov for å vita kva utsiktene er, slo han fast.

– Men for kommunen inneber føreseielegheit at me ikkje endrar spelereglane undervegs. Me seier ikkje nei til å utnytta ressursane, men til å starta før me har oversikt, sa Øystein Nereng.

– Meiner SV at det er ok å rasera naturen ein annan stad? spurte Jone Fosse.

Fosse kan ikkje ha høyrt etter, det var ikkje det han hadde sagt, repliserte Nereng.

– Eg meiner at Stangeland fint kan innordna seg det alle andre må.

Eit grønt lys til Stangeland vil uthola kommuneplanen og kan fort utløysa fleire aktørar som vil ha spesialbehandling, meinte også Endre Vollsund i Venstre.

– Me treng ein heilskapleg plan for området. Dette initiativet kan dessutan komma i konflikt med trasévalet for tverrsamband sør for Figgjoelva. Me må fullføra løpet me har begynt på. Og eg trur det kan gå like fort som med ein eigen reguleringsplan frå Stangeland, meinte han.

Ingen var imot at Stangeland skal kunna fortsetta å ta ut pukk, grus og sand på Kalberg. Men politikarane var ueinige om det skal kunna skje utanom den store planlegginga av området. Frå høgre Jone Fosse (Sp), Kjell Olav Stangeland (Ap), Øystein Nereng (SV), kommunalsjef samfunn Reid Ivar Bjorland Dahl og byggesaksjef Svein Harald Dyngen.
Ingen var imot at Stangeland skal kunna fortsetta å ta ut pukk, grus og sand på Kalberg. Men politikarane var ueinige om det skal kunna skje utanom den store planlegginga av området. Frå høgre Jone Fosse (Sp), Kjell Olav Stangeland (Ap), Øystein Nereng (SV), kommunalsjef samfunn Reid Ivar Bjorland Dahl og byggesaksjef Svein Harald Dyngen. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Vil ikkje stoppa industri

Kommunalsjef Reid Ivar Bjorland Dahl smette inn med ei ekstra opplysing til dei folkevalde:

– Eit alternativ til å omgå kommuneplanen, er å gi Stangeland dispensasjon til å ta ut noko meir masse.

Vinden blåste likevel den vegen entreprenøren primært ville.

– Me har ikkje lyst til å stoppa industri, det må berre skje på ein ordna måte. Eg heller mot å støtta Senterpartiet her, sa Iren Lassen i Høgre.

Så stemte politikarane.

Et fleirtal på fem – frå Sp, Høgre og Frp – ville la Stangeland starta på detaljreguleringsplanen dei ønsker.

Mindretalet som ville halda igjen og som støtta kommunedirektøren sitt framlegg, bestod av SV, V, Ap og KrF.

Saka skal også opp i kommunestyret i Time 21. oktober.