I Jærbladet utfordrar Daniel Undheim meg på ulike spørsmål som eg har utforma eit svar på. Å stilla spørsmål om datasenterutviklinga i Time er heilt legitimt, men det er viktig å få fram nokre fakta.
Dette er ikkje noko ordføraren har bestemt. Utbygginga på Undheim er lovleg vedteken av 25 av 27 representantar i kommunestyret. Datasenter og kraftkrevjande industri er dessutan ei ønska utvikling av Stortinget, regjeringa og fylkestinget.
Krafta på Undheim blir brukt her i Time og skaper arbeidsplassar, oppdrag og lokale ringverknader. Ringverknadene under bygginga er store, og når datasenteret er i full drift anslår Menon Economics minst 135 årsverk, med andre ord ei stor bedrift i kommunen.
Alternativet er ikkje nødvendigvis at krafta blir spart. Krafta kan då bli brukt datasenter på Austlandet eller i utlandet, og verdiskaping hamnar der i staden for her lokalt.
Næringsverksemd som skaper verdiar og arbeidsplassar, gir også større skatteinntekter og handlingsrom til å levera gode tenester, som skule, eldreomsorg og andre viktige tenester. Dette meiner eg me har fått godt til i Time. Kommunen scorar høgt i nasjonale samanlikningar, takka vere god politisk styring og ikkje minst dyktige tilsette. At me får dette til utan eigedomsskatt, er eg stolt av.
Når det gjeld Kalberg, er ingenting avgjort. Eg har vore tydeleg på at ei eventuell utbygging krev at utbyggar betaler for omkøyringsveg, og at delar av overskotsvarmen må nyttast.
Samtidig er eg samd i at Norge treng ein tydelegare plan for datasenter. Difor jobbar eg for tre konkrete grep gjennom Rogaland Høgre og opp mot nasjonale folkevalde:
1. Ein nasjonal plan for datasenter, slik at kraft og nettkapasitet blir prioritert på ein betre måte. Det er ikkje nok kraft til alle, derfor trengst ein større plan.
2. Krav om utnytting av restvarme. Vi må utnytte restvarmen betre enn i dag, slik at meir av energien kan skapa verdiar lokalt.
3. Eit eige kraftbidrag frå datasenter på 30 øre/kWh, der 97 prosent går til meir kraft og sterkare straumnett, og 3 prosent til kommunen/lokalsamfunnet. Eit datasenter på 100 MW (som på Undheim) ville med dette bidraget generert om lag 263 millionar kroner årleg. Der rundt 7,9 millionar kunne gått til lokalsamfunnet og resten til å bygge meir nett og kraft, til gode for folk og næringsliv.
For meg handlar dette om å finna balansen: Me skal leggja til rette for arbeidsplassar og verdiskaping, men samtidig stilla krav og ta vare på natur, infrastruktur og lokalsamfunn.
Politikken skal vera for dei som bur her i dag og for dei som skal bu her i framtida. Då treng me gode kommunale tenester, gode plassar å bu og leva, og me treng arbeidsplassar slik at folk ønsker å bu i den flotte kommunen vår.