Før sommaren skreiv Jærbladet om tautrekkinga mellom administrasjonen i Time og Klepp på den eine sida og Time Energipark på den andre, om to heilt sentrale punkt i «Kalberg-utbygginga».
Premissane for det som skal vera Norges største områdeplan vart fastsette i kommuneplanen. Det handlar om rådyre rekkjefølgekrav om omkøyringsveg og utnytting av restvarme.
Punkt to er temaet i eit juridisk notat datert 3. juli, som det største advokatfirmaet i Norge har sendt til Time kommune.
Lokalt initiativ
Oppdragsgjevaren til Advokatfirmaet Schjødt er Kalberg Holding, som dei lokale storkonserna Masiv, IKM og Stangeland eig saman.
Dei har 81 prosent av aksjane i Time Energipark, som arbeider fram områdeplanen. Resten har datasenterselskapet Green Mountain, som har israelske eigarar.
Ved utgangen av 2025 hadde dei lokale eigarane i Kalberg Holding lånt 13 millionar kroner til Time Energipark. Det er utgifter dei skal fakturera vidare til selskapa som eig tomteområda, etter at områdeplanen er ferdigstilt.
I notatet skriv saksansvarleg advokat Egil Willumsen at Kalberg Holding «er kjent med» at kommunen vil krevja at 10–20 prosent av områdeplanen blir sett av til varmekrevjande industri.
For det andre, skriv advokaten, vil kommunen fastsetta rekkjefølgekrav om opparbeiding av varmekrevjande industri.
Tema i fleire møte
Offentleg tilgjengelege referat frå fleire møte i år viser at administrasjonen i Time ønsker å stilla strengare krav til utnytting av restvarme enn det Time Energipark ønsker.
Frank Skjæveland, som er dagleg leiar i Kalberg Holding, har deltatt på desse møta. Det er såleis ikkje overraskande at Kalberg Holding «er kjent med» at kommunane vurderer å fastsetta krav.
I eitt av møtereferata grunngjev dei ønsket:
«Kommunene pekte på at kraftkrevende virksomheter, herunder datasentre, bruker enormt med strøm og gir mye overskuddsvarme. Dette blir samfunnet mer og mer oppmerksom på og opptatt av. Kommunene forventer derfor en mer aktiv holdning fra aktørene for å bidra til samfunnsmessige gode løsninger.»
Mens Kalberg Holding har engasjert Schjødt, har kommunane rådført seg med advokatfirmaet Sekse i Sandnes.
Vil vera konkrete
Det vore ei bratt læringskurve for administrasjonen i Time sidan kommuneplanen og reguleringsplanen på Undheim vart vedtatt.
– Me har så mykje meir kunnskap nå, enn me hadde då dette starta, sa plan- og forvaltningssjefen til Jærbladet i mai.
Martin Tengesdal Torstenbø viste til ein forstudie om overskotsvarme som COWI har laga.
– Berre i eitt av delområda på Kalberg er potensialet for varmeproduksjon 4,3 TWh, sa han.
– Det sa meg først veldig lite. Men varmebehovet i Rogaland er 3,6 TWh. Dette området kan altså teoretisk varma opp heile fylket. Og viss det blir datasenter i alle tre delområde på Kalberg, vil det kunna produsera 9 TWh.
Dokumentinnsyn viser at Time kommune sin planansvarlege tidlegare i år kontakta Rogaland fylkeskommune om kva arealkode som kan nyttast i reguleringsplanen for å sikra det som på fint heiter industriell symbiose.
Fylket var samd i at arealkoden 1390 ANÆ – «Nærmere angitt næring» – kan nyttast for at berre aktørar som nyttar seg av overskotsvarmen, kan etablera seg på arealet.
Fylket rådde kommunen om å vurdera å gjera føresegna konkret om kva type verksemder det er tale om, og kanskje også kva næringar det ikkje skal vera der.
Intensjonar ikkje nok på Undheim
I tilegg rådde fylket kommunen til å inkludera ein «god formålsbestemmelse», som skildrar intensjonen om industriell symbiose.
Time kommune har allereie erfaringar med å vedta formålsføresegner for næringsområde med datasenter.
Reguleringsplanen for kraftintensiv næring i Undheimsvegen stiller ingen konkrete krav til utnytting av overskotsvarme, som heller ikkje stod sentralt under planarbeidet.
Men sjølv om Green Mountain sitt datasenter enda med å ta heile tomta, har planen ei tydeleg uttalt hensikt:
«Formålet med reguleringsplanen er å legge til rette for kraftintensiv næringsvirksomhet og næringsvirksomhet som kan utnytte overskuddsvarme fra kraftintensiv næringsvirksomhet.»
Påstand om skjult forbod
Advokaten frå Scjødt skriv at utnytting av overskotsvarme frå datasenter har stor politisk merksemd og at det derfor er «forståelig» at kommunane vurderer relevante krav.
Like fullt:
«Vår vurdering er imidlertid at slike krav som vurderes i foreliggende sak neppe vil være gyldige. Dette fordi formålet 'varmekrevende industri' ikke gjenfinnes i lov eller forskrift, det synes å ha et uklart innhold, KH har dokumentert at det ikke er mulig utnytte overskuddsvarmen, og foreslått rekkefølgekrav vil kunne tjene som et skjult utbyggingsforbud.»
Advokaten skriv at Kalberg Holding har fått laga ein kost/nytte-analyse som viser at det ikkje finst «realistiske muligheter» til å utnytta restvarmen, sidan det korkje finst interesse for fjernvarme eller andre aktørar/verksemder.
Drivhus, til dømes, er ikkje aktuelt fordi dei økonomiske og miljømessige kostnadene vil vera mykje større enn fordelane.
Green Mountain er ikkje avsendar
Nyleg skreiv Jærbladet om datasenteret til Green Mountain på Undheim, som har fått utarbeidd ein kost/nytte-analyse av å utnytta restvarme.
Då konsulentane i Niras varsla oppstart av analysen i oktober 2025, understreka dei at Green Mountain ikkje opererer innanfor «forretningsområdet distribusjon av energi».
Green Mountain vil ikkje gjera meir enn å legga til å rette for å utnytta overskotsvarmen.
Om det faktisk er mogleg å utnytta han, kjem an på kva aktørar som finst rundt, påpeika driftsdirektør Stig Erlend Eidså overfor Jærbladet.
– Derfor er dette like mykje eit spørsmål om areal- og næringsplanlegging som om sjølve datasenteret. Viss Norge skal bli gode på å utnytta overskotsvarme, må me planlegga datasenter og potensielle varmebrukarar i samanheng. Det er me positive til, sa han.
Så positive verkar ikkje resten eigarane av i Time Energipark, som tinga den juridiske uttalen frå Advokatfirmaet Schjødt.
Er allereie byggeforbod
Advokaten hevdar kommunane innfører eit skjult utbyggingsforbod dersom områdeplanen for Kalberg-utbygginga blir vedtatt langs dei varsla linjene.
Samstundes er utnytting av overskotsvarme ein føresetnad som har vore der heile i tida.
Heilt sidan kommuneplanen vart vedtatt. Det skjedde etter intens politisk debatt og formell mekling med Statsforvaltaren og Rogaland fylkeskommune.
Fram til politikarane eventuelt vedtar områdeplanen, gjeld det allereie eit byggeforbod i planområdet.
Etter å ha lese utspela frå Time Energipark tok ordføraren i Time kontakt med Jærbladet. Han avviste forsøka på omkamp.
– Me skal ha veg. Og dei skal utnytta ein del av overskotsvarmen. Det har kommunestyret vedtatt, sa Andreas Vollsund (H).