Dei har kjend seg bagatellisert og avfeide. - Men me har forlenga prosessen. Alle argumenta våre står seg, og nå er alt i spel, meiner styremedlemmar i Vern Kverneland. Frå venstre Anne Frøyland Grødem, Kirsten Kverneland og Jorunn Laulund Aasland.
Dei har kjend seg bagatellisert og avfeide. - Men me har forlenga prosessen. Alle argumenta våre står seg, og nå er alt i spel, meiner styremedlemmar i Vern Kverneland. Frå venstre Anne Frøyland Grødem, Kirsten Kverneland og Jorunn Laulund Aasland. Foto: Ingeborg Eliassen

– Me gir oss aldri, og me har god kondis, slo leiaren av aksjonsgruppa Vern Kvernaland fast.

Det var i februar 2021.

Over fem år seinare er leiaren ein annan, ho heiter Anne Frøyland Grødem.

Grødem er mjølkebonden som blei landskjend i 2020, då ho takka nei til eit tilbod om å selja det meste av jorda si til utbyggaren på Kalberg for 150 millionar kroner.

- Spørsmåla som kjem opp nå, har vore der heile tida, som elefanten i rommet, seier Anne Frøyland Grødem.
- Spørsmåla som kjem opp nå, har vore der heile tida, som elefanten i rommet, seier Anne Frøyland Grødem. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Haldninga er den same som før hos henne og to av dei andre grunneigarane i Vern Kvernaland-styret som møter Jærbladet i ein pause i slåtten:

Planane til industri-samanslutninga Time Energipark om ei gigantisk utbygging av datasenter og annan kraftkrevjande industri på Kalberg i Time og Klepp, skal stansast.

- Det er nå kampen startar, sa  styremedlemmane Kirsten Kverneland og Lars Sigve Eide i Vern Kvernaland under markeringa utenfor Time rådhus 15. desember 2020. Snart seks år seinare pågår den ennå.
- Det er nå kampen startar, sa styremedlemmane Kirsten Kverneland og Lars Sigve Eide i Vern Kvernaland under markeringa utenfor Time rådhus 15. desember 2020. Snart seks år seinare pågår den ennå. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

På si seks år lange merittliste har dei folkemøte, fakkeltog, lappar i postkassene, underskriftsaksjon, lesarinnlegg, «eit utal» høyringssvar, spørsmål til politikarane før val – og ei eiga konsekvensutgreiing.

– Kan ikkje gjera feil

– Det me har oppnådd, er å forlenga prosessen. Dei hadde tenkt å begynna i 2020, og dei ville ta snarvegar. Eg veit ikkje kor mange gongar me har høyrt at «toget går». Men det står framleis på stasjonen, slår nestleiar Jorunn Laulund Aasland fast.

Området er altfor verdifullt til å bli brukt til industri, meiner Vern Kvernaland.
Området er altfor verdifullt til å bli brukt til industri, meiner Vern Kvernaland. Foto: Foto: Håvard Ovesen

– Me har stilt mange kritiske, relevante og heilt nødvendige spørsmål alle desse åra. Dei er for det meste blitt avfeia. Men nå er det desse som kjem opp, legg Frøyland Grødem til.

Éi erfaring dei har gjort desse åra, er denne: Når ein utfordrar mektige aktørar, kan ein ikkje gjera feil.

– Me må dobbelsjekka alle tal og opplysningar me kjem med. Me kunne aldri ha snakka om 10.000 arbeidsplassar på Kalberg som Tom Tvedt i Time Energipark gjorde på pub, og framleis vore relevante. Men eg trur folk har funne ut at me er grundige, saklege og redelege i arbeidsmetodane – og at me har aksept og respekt for det, seier Grødem.

Hjelpne av verdssituasjonen

Dei ser at tida har jobba for saka deira, som er «nei til alt» på Kalberg.

Alle argumenta dei hadde frå starten av, står seg, hevdar motstandarane. Dei har berre fått meir vekt fordi verdssituasjonen har endra seg sterkt.

- Alle argumenta våre står seg, meiner Kirsten Kverneland.
- Alle argumenta våre står seg, meiner Kirsten Kverneland. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Nå er alle ting i spel; jordvern, matforsyning, straumbruk, beredskap og trygging mot internasjonale aktørar som skal inn og som me ikkje veit kven er, seier styremedlem Kirsten Kverneland.

Sjeldan får ein dokumentarfilm like mange besøkande på Bryne kino som  «Vi som solgte landet» fekk i vår, ifølge kinosjefen.
Sjeldan får ein dokumentarfilm like mange besøkande på Bryne kino som «Vi som solgte landet» fekk i vår, ifølge kinosjefen. Foto: Foto: Frå filmen

Rekordbesøk på Bryne kino

I vår gjekk dokumentaren «Vi som solgte landet» i fleire veker på Bryne kino. Den blei seld inn som ei historie om «mennesker som opplever at naturen rundt dem blir rasert som en følge av det grønne skiftet – og som ikke blir hørt når de protesterer mot destruktive inngrep i livene og nærmiljøene deres».

Ein av desse personane var Anne Frøyland Grødem.

I heile landet er filmen sett av 9.000 kinogjengarar, opplyser kinosjef Erlend Serigstad i Bryne kino. Normalt skulle det betydd at rundt 100 personar ville ha sett den på Bryne. Men fasiten blei 34 førestillingar og 682 besøkande – nesten sju gonger fleire enn normalt.

– Me merkte heilt klart at filmen var populær, seier Serigstad.

Tre av fem i styret i Vern Kverneland. Frå venstre Jorunn Laulund Aasland, Anne Frøyland Grødem, Kirsten Kverneland.
Tre av fem i styret i Vern Kverneland. Frå venstre Jorunn Laulund Aasland, Anne Frøyland Grødem, Kirsten Kverneland. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

– Ikkje berre kamp for eigne gardar

Over 3.000 personar har skrive under på opprop frå Vern Kvernaland mot utbyggingsplanane på Kalberg. I Signalgruppa for dei mest interesserte, er mellom 30 og 35 personar aktive, fortel styremedlemmane. Sjølv er dei grunneigarar i området. Det er dei aller fleste andre ikkje.

– Dei bur i vanlege hus på Kvernaland. Dei er folk i alle aldrar og yrkesgrupper, og me hadde aldri klart å driva denne kampen utan dei.

Dei avviser at dei sjølv berre slåst for eigne gardar.

– Me held fast på at dette området er for verdifullt til å brukast til industri. Dette er ein heilskap som handlar om sjølvforsyning, trygging, beredskap – og om at straumen må gå til helse og andre formål og ikkje til utanlandske firma, seier Anne Frøyland Grødem.

Men denne ideologiske kampen – om å bevara eit samanhengande område i Time kommune med matjord, kulturlandskap, verdifull natur og vakre turområde, slik det står på nettsida til Vern Kvernaland – har dei ikkje vunne fram med.

Arbeidet med å landa Norges største områdeplan har derimot gått seg fast i meir praktiske, men svært komplekse, indre motsetningar.

15. juni 2021 vedtok kommunestyret med ein stemmes overvekt å gå inn for Kalberg-planane. Ordførar Andreas Vollsund (H) kom ut og møtte Vern Kvernaland-leiar Øystein Nereng og dei andre demonstrantane ved Time rådhus.
15. juni 2021 vedtok kommunestyret med ein stemmes overvekt å gå inn for Kalberg-planane. Ordførar Andreas Vollsund (H) kom ut og møtte Vern Kvernaland-leiar Øystein Nereng og dei andre demonstrantane ved Time rådhus. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Vegen og varmen

Ein av dei er omkøyringsvegen som kommunen vil ha på plass før industrien får grønt lys i området. Prislappen er i dag på over ein milliard kroner. Utbyggar Time Energipark viser til at det har vore meininga at dette skulle ordnast som spleiselag mellom offentlege og private aktørar. Dei trugar med å kasta korta med mindre det blir slik.

Men verken Time, Klepp eller fylkeskommunen har planar om å legga inn pengar til denne vegen i budsjetta.

Ein annan konflikt er Time kommune sitt krav om at dei store mengdene overskotsvarme som datasenter på Kalberg vil produsera, blir brukt til noko fornuftig. Time Energipark har ennå ikkje klart å peika konkret på kva det kan vera.

Aktivistane har merkt seg at Høgre-ordførar Andreas Vollsund i det siste har skjerpa tonen mot Time Energipark.

Han krev at dei betaler for heile omkøyringsvegen, ellers blir det inga utbygging.

– Elefanten i rommet

– Desse faktorane - arbeidsplassar, vegen, restvarmen - har vore der heile tida, som elefanten i rommet ingen har snakka om. Dei har visst tenkt, kvar for seg, at dei andre ordnar det, eller at dette er så vanskeleg at dei vil ta det til slutt, når alt anna er ordna. Det er godt at det nå kjem opp og at det blir sagt høgt, seier Anne Frøyland Grødem.

Tynnsliten tillit

For styret i Vern Kvernaland er tilliten til kommunen temmeleg tynnsliten.

– Kommunen har heile tida stilt seg på utbyggaren si side, mot innbyggarane. Men derfor gjer det godt å sjå at ordføraren nå tydelegvis begynner å stilla krav til utbyggaren, seier Laulund Aasland.

- Tilliten til kommunen er tynnsliten, seier Jorunn Laulund Aasland.
- Tilliten til kommunen er tynnsliten, seier Jorunn Laulund Aasland. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Dei senkar likevel ikkje skuldrene.

– Det er positivt at Vollsund har innsett at han må stilla krav. Me håpar at Høgre endrar tankegang. Men inst inne tvilar me på det. Dette kan vera eit spel inn i forhandlingane om rekkefølgekrav, trur Frøyland Grødem.

Sidan dei mobiliserte til kamp, har datasenter-industrien nærmast eksplodert i landet.

– Etter at me begynte, er datasenter realisert på Hamar, og er i ferd med å bli klart i Skien og på Undheim, noterer Kirsten Kverneland.

I juni i år har Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Nkom, registrert 111 datasenter og 58 kommersielle operatørselskap Norge rundt.

– Veljarane i Time har sørga for at Høgre og andre utbyggingsvenlege parti styrer kommunen. Det må vel bety at ikkje så mange synest det er så gale med datasenter, og ikkje er så opptatt av jordvern?

– Folk flest veit nesten ingenting om det som går føre seg. Det kostar så mykje tid og energi å setta seg inn i, og folk har ikkje tid eller kapasitet i det daglege, seier Anne Frøyland Grødem.

Dei utbyggingsvenlege partia gjer saka usynleg i valkampar, hevdar motstandarane.
Dei utbyggingsvenlege partia gjer saka usynleg i valkampar, hevdar motstandarane. Foto: Foto: Håvard Ovesen

– Ikkje-sak i valkampar

I valkampar nemner Høgre og dei andre partia som vil ha utbygginga, dessutan ikkje dette, hevdar ho.

– Då snakkar dei om lettfattelege saker, som symjehall og barnehageplassar. Men når valet vel er over, og folk har stemt på dei, så er saka på bordet igjen.

I starten var det fakkeltog, demonstrasjonar, underskriftslister og folkemøte. Det er lenge sidan.

– Me ser ikkje så aktive ut akkurat nå. Men me følger med, søker innsyn, prøver å fanga opp informasjon, har ei levande gruppe på Signal og er klare til å tre i kraft, seier tre av dei fem styremedlemmane i Vern Kvernaland.