– Det er flikka litt på forslaget, men lite av substans er endra i det rådmannen i Time no legg fram. Det er framleis snakk om ei altfor stor og ikkje nødvendig utbygging – i eit område med mange viktige omsyn å ta, både til jordbruk, naturverdiar og friluftsliv, samanfattar styremedlem Aud Søyland Kristensen.
Tysdag skal Time formannskap diskutera planane for eit datasenter med tilknytt kraftkrevjande industri i området rundt Statnett sin nye, store trafo på Fagrafjell. I første omgang skal politikarane ta stilling til om planen skal ut på høyring. Endeleg vedtak skal gjerast etter høyringa, etter framdriftsplanen i april/mai.
– I strid med kjerneverdiar
– Eg kan ikkje sjå at det er behov for noko høyring om denne planen. Han er sterkt i strid med det som er Time kommune sine uttalte kjerneverdiar i ei rekkje andre planar, som til dømes jordvern og matsikkerheit, naturmangfald og folkehelse. Det er forstemmande å sjå korleis administrasjonen i kommunen med eit pennestrøk har slått strek over alt dette i iveren etter å få eit datasenter til Kalberg. No er tida inne for å leggja denne saka død, seier styremedlem Lars Sigve Eide.
– Time kommune kastar rundt seg med Garborg-sitat, og har vipa som kommunevåpen. I dette området der dei no vil byggja datasenter, er der hekkande viper, i tillegg til ei rekkje andre truga artar. Men Time kommune er altså klar til å angripa sitt eige symbol for å tekkjast amerikansk eller kinesisk storkapital med tomter til eit gigantisk datasenter, legg Eide til.
– Ikkje behov
Vern Kverneland viser til at kommunen i si siste bearbeiding av saka har kutta rundt 80 dekar til utbygging. Men framleis er det 1800 dekar igjen til datasenter og tilknytt industri.
– Dei har i beste fall sukra pillen litt, seier Aud Søyland Kristensen.
Aksjonsgruppa er overtydd om at det ikkje er behov for eit stort datasenter på Kalberg.
– Det blir framstilt som om dette datasenteret skal løysa veldig viktige samfunnsoppgåver. Bortimot at folk ikkje kjem til å få vippsa eller delta i nettbasert undervisning viss det ikkje blir bygd. Men eit datasenter av den storleiken det er snakk om her, skal ikkje først og fremst sørgja for viktig nasjonal infrastruktur. Det er den amerikanske storkapitalen, med Facebook og Google i spissen – eller firma tilknytt det kinesiske regimet, som også satsar tungt på bearbeiding av data – som treng desse gigantsentera, seier Eide.
– Datasenter som skal løysa viktige oppgåver for Norge, kan godt leggjast andre stader, utan å leggja beslag på enorme tomteområde. Dei kan enkelt og realistisk byggjast der dei kjem langt mindre i konflikt med jordvern- og naturverdiar. Ei slik løysing blir også samfunnsmessig meir lønsamt, sidan ein då slepp å øydeleggja jord der det i dag blir produsert mat, legg Eide til.
– Ikkje gjev datasenter mange arbeidsplassar i seg sjølv, heller. Regjeringa har nyleg telt opp, i ein fersk rapport, og komme til at det er 300 tilsette i de 18 datasentera som allereie finst her i landet. Rapporten slår også fast at fleire og fleire arbeidsplassar i denne bransjen blir automatiserte, og dermed forsvinn, seier han.
Inkludert dei som byggjer datasenter (cirka 700) og dei som sel varer og tenester til sentra (cirka 800), har regjeringa rekna seg fram til ei direkte sysselsetting på 1800 som følgje av dei 18 datasentera. Inkludert det private forbruket til desse tilsette, genererte datasenter-verksemda nær 2400 arbeidsplassar for samfunnet i 2019, ifølgje rapporten.
– Høgst usikkert
– Eit kjerneargument for tilhengjarane er at datasenteret skapar grobotn for mange andre bedrifter i nærområdet, som kan ta i bruk overskotsvarmen i sin produksjon. Korleis ser de på det?
– Det er eit argument som er blitt brukt i innsalet av desse gigant-datasentera over heile verda. Men det som har vist seg, til dømes i Amsterdam, er at det ikkje er så lett å få til desse sidenæringane i praksis. For det er andre som må ta investeringa med å henta ut overskotsvarmen og få han inn i dei andre bedriftene. Og då er plutseleg ikkje reknestykket like attraktivt, lenger. Så det blir ikkje noko av etableringane, og det aller meste av overskotsvarmen går rett ut i lufta, seier Eide.
– Kva som kjem til å skje av utbygging rundt datasenteret, er høgst usikkert. Moglegheitene blir heile tida overkommunisert, ulempene blir heile tida underkommunisert. Eg kan ikkje forstå at nokon vil ofra så mykje for noko så usikkert, supplerer Kristensen.
Reagerer på biogass
Dei reagerer sterkt på at eit biogassanlegg for husdyrmøkk og fiskeavfall ser ut til å vera ei stadig viktigare brikke i planane, mellom anna i miljørapporten som Thema Consulting har laga for Lyse, der det blir argumentert for eit samspel mellom fiskeoppdrett, biogassanlegg og veksthusproduksjon i området.
– Det er ikkje forsvarleg å leggja eit biogassanlegg, med alt det fører med seg av lukt og trafikk, så tett på ei bygd, seier Kristensen.
Dei to Vern Kvernaland-representantane minner også om at dei store og viktige friluftslivsområda i bygda kjem til å få eit heilt anna preg når det kjem store industribygningar og kraftliner inn der, og at luftkjølingsviftene medføra støy som folk vil merka.
– I eit folkehelseperspektiv er dette svært betenkjeleg, seier Kristensen.
Masseuttak
Vern Kvernaland blei etablert i vår, som ei motrørsle mot datasenter-planane.
I planen som no blir lagt fram for politikarane, ligg det i tillegg inne nær 750 dekar med nye område for masseuttak – i tillegg til det arealet dei to masseuttaka på Kalberg allereie har hand om.
– Det er ting me ikkje har fått jobba oss så inn i, enno, men også her er det snakk om store areal og store, skjemmande inngrep i naturen. Dei skal bokstavleg tala flytta fjell. Når dette kjem på toppen av dei 1800 kvadratmetrane til datasenter og tilknytt industri, er det snakk om enorme areal som skal omdisponerast. Også masseuttaka vil heilt klårt bidra til å forringa natur- og friluftsverdiar i nærområdet vårt, seier Eide.
– No kjem i tillegg snart planen for dobbeltspor på Jærbanen. Også der må det omdisponerast store mengder med jordbruksjord i Time. Eg minner om at det nasjonale målet for omdisponering av jord er på maksimalt 4000 dekar per år. Det er nok ikkje mykje om å gjera at Time berre med desse to prosjekta kjem til å nærma seg eitt års nasjonalt forbruk av jordbruksjord. Derfor er det på tide at politikarane begynner å bremsa, seier Eide.