Problemet er at dei involverte i denne utbygginga har presentert tal som ikkje har vore vatten verde frå byrjinga, skriv Olav Magne Voll i dette debattinnlegget.
Problemet er at dei involverte i denne utbygginga har presentert tal som ikkje har vore vatten verde frå byrjinga, skriv Olav Magne Voll i dette debattinnlegget. Foto: Ingeborg Eliassen

I Jærbladet 22. mai vert ny styreleiar i Time Energipark Eimund Nygaard sitert på fylgjande:

«Datasenter kjem. Spørsmålet folk må stilla seg, er om me vil ha det her, eller om me berre vil ha vindmøllene som forsyner datasenter på Austlandet.»

[...]

«Det ville i så fall vera veldig dumt. Viss me ikkje får det til nå, er me blitt «fat and lazy»

Fat and lazy. På godt norsk, feite og late.

Jaha, ja.

Av di nokon av oss ikkje har trua på dei heilt vanvittige tala som har blitt presentert av Time Energipark, og at me difor har vore – og er – skeptiske til denne utbyggjinga, skal Nygaard ha det til at at me er feite og late.

Det seier jo noko om korleis Time Energipark ser på dei som våga å vera ueinige i at det kom til å verte 10.000 arbeidsplassar på Kalberg.

Sånn reint bortsett frå at Time Energipark sjølv har revidert den prognosen kraftig ned til det, etter mi meining framleis vilt overoptimistiske, 1.700 arbeidsplassar.

Lat meg gjera det klinkande klart for Nygaard her. Problemet er ikkje at me er feite og late.

Problemet er heller ikkje at me er mot omstilling til andre næringar. Det er heilt naudsynt at me gjer det, og det er heller aldri det denne saka har handla om.

Eimund Nygaard er styreleiar i Time Energipark, medan Tom Tvedt er daglig leiar. Saman leiar dei den planlagte Kalberg-utbygginga.
Eimund Nygaard er styreleiar i Time Energipark, medan Tom Tvedt er daglig leiar. Saman leiar dei den planlagte Kalberg-utbygginga. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen/Jærbladet

Problemet er, på godt Jærsk, at dei involverte i denne utbygginga har presentert tal som ikkje har vore vatten verde frå byrjinga. Både Green Mountain og Time Energipark har så systematisk presentert varierande tal, anslag, berekningar og overslag at det ikkje går ann å lite på dei.

Eller vil Nygaard gjera som Tom Tvedt og setja dette på kontoen for pubsnakk? Eg kan ikkje seie at eg såg eit typisk pubinteriør i illustrasjonsfotografiet til artikkelen.

Men vent, det vert verre!

20. mai hadde Jærbladet ein sak om restvarme frå datasenteret som det ligg inne krav om at må nyttast. Då Kalberg-utbygginga vart annonsert, var det fleire som sa frå om at denne varmen ville vera vanskeleg å nytta seg av.

Dei som hadde innvendingar vart smørglatt avfeia med at dette kom til å ordna seg.

Men no har Nygaard og Tvedt funne ut at dette jammen er utruleg vanskeleg å få til likevel! At det er komplisert! At det er store utfordringar knytt til nett dette!

Dette ser ut til å ha kome heilt, heilt overraskande på dei.

Eg, derimot, er ikkje overraska.

Skuffa? Ja, men ikkje på noko vis overraska.

Og som om det ikkje var nok, 19. Mai kunne Jærbladet melda at Tom Tvedt har funne ut at omkøyringsvegen – som har stått i stampe i tiår no, og som var eit av hovudargumenta for å vedta Kalbergutbygginga i byrjinga – ikkje vert noko av om ikkje fylke og kommune hiv seg på.

Så for å oppsummera: Time energipark har seld inn eit prosjekt med sterkt overdrivne tal, plutseleg oppdaga at dei har gjeve løfter det er godt mogleg at dei ikkje kan halda om nytting av restvarme, og eit av hovudargumenta for å leggja utbygginga til Kalberg – omkøyringsvegen – er det ikkje penger til kommunalt eller hjå fylket, og utbyggjarane vil ikkje betala.

Men me som var skeptiske til dette prosjektet? Ja, me er feite og late om me ikkje innser kor fantastisk, kor reint ut magisk, dette prosjektet er og kor bra alt kjem til å verte, om me ikkje grip sjansen no, no, NO!

Og når me no har hamna på dette nivået, så kan eg like gjerne vera heilt dønn ærleg, og seie kva eg verkeleg meiner, rett frå levra: Eg ville ikkje kjøpt ein bruktbil frå korkje Eimund Nygaard eller Tom Tvedt.

Og om dei seier at himmelen er blå, så kan du ta gift på at det kjem eg pigede til å sjekka!