Viss denne løysinga ikkje er aktuell for utbyggarane, blir det verken datasenter eller ny omkøyringsveg om Kvernaland og Orstad, trur kommunedirektør Trygve Apeland i Time.

Men torsdag skal det først bli klart om dei folkevalde vil vera med på ferda vidare.

Administrasjonen skisserer nå eit opplegg for å komma ut av ein fastlåst situasjon.

Dei folkevalde i utval for lokal utvikling må ta stilling til om dette er akseptabelt.

Administrasjonen i Time ber om nye politiske signal for å finna ut om Kalberg-utbygginga er liv laga. Torsdag skal utval for lokal utvikling seia sitt.
Administrasjonen i Time ber om nye politiske signal for å finna ut om Kalberg-utbygginga er liv laga. Torsdag skal utval for lokal utvikling seia sitt. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Framlegget mjukar opp to krav som politikarane i Time sette då dei ga grønt lys til å byggja datasenter på Kalberg i 2021.

Brot med gamle vedtak

Det opnar for at omkøyringsvegen på Kvernaland/Orstad kan bli bygd trinnvis, og at utbygginga av ein del av industriprosjektet kan starta når ein del av den nye fylkesveg 505 er laga.

Det må liggja inne garantiar for at heile vegutbygginga skal vera økonomisk sikra. Kravet frå før er at heile omkøyringsvegen skal byggjast før næringsområda kan etablera seg.

Administrasjonen foreslår også å gi løyve til å setja i gang ein del av datasenter-prosjektet utan at ein har verksemder som skal bruka overskotsvarmen derifrå.

Kravet frå før er at det skal finnast ein plan eller konsesjon for å nytta overskotsvarmen når kraftkrevjande verksemder har nådd eit samla forbruk på 80 MW.

Datasenter-prosjektet på Kalberg er tenkt med kapasitet på 250 MW.

Det er urealistisk å krevja at heile veganlegget skal vera bygd og finansiert av Time Energipark før utbygging startar, trur kommunedirektør i Time, Trygve Apeland. Nå ber han politikarane ta stilling til trinnvis vegbygging.
Det er urealistisk å krevja at heile veganlegget skal vera bygd og finansiert av Time Energipark før utbygging startar, trur kommunedirektør i Time, Trygve Apeland. Nå ber han politikarane ta stilling til trinnvis vegbygging. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

– Treng politiske signal

Framlegget til løysingar strir mot føringane og intensjonane i Time kommune sin kommuneplan, påpeiker kommunedirektøren.

Han understrekar også at det ikkje er semje mellom kommunen og utbyggar Time Energipark om løysingane administrasjonen skisserer.

Nå vil dei uansett ha ei avklaring frå politikarane for å finna ut om det finst ein veg vidare – eller ikkje.

Dei treng politiske signal, skriv kommunedirektøren i sakspapira.

Ingen vilje til kompromiss

Nokre slike kan dei få før møtet 1. oktober.

– For min del er det heilt uaktuelt å godta at vegen skal byggast stykkevis og delt. Det er stikk i strid med det me har vedteke. Eg blir ikkje med på å endra vilkåra. Dei må oppfyllast, elles kan det berre vera, seier Kjell Olav Stangeland (Ap).

Arbeidarpartiet gjekk inn for prosjektet i juni 2021, då kommunestyret ga grønt lys til Kalberg-planane med 14 mot 13 stemmer.

Ap stemte for på grunn av lovnader om mange arbeidsplassar og fordi det skulle komma veg heilt rundt, ifølge Stangeland.

Heile omkøyringsvegen skal byggast, har politikarane bestemt. Dei meiner også at utbyggaren må ta rekninga. Men kan dei godta at utbygginga skjer stegvis?
Heile omkøyringsvegen skal byggast, har politikarane bestemt. Dei meiner også at utbyggaren må ta rekninga. Men kan dei godta at utbygginga skjer stegvis? Foto: Foto: Norconsult

Fryktar at omkøyringsveg aldri kjem

– Det meste som blei lova då dette vart selt inn, er meir eller mindre forlate, seier Stangeland.

– Batterifabrikken blei flytta like etter at arealplanen var vedteken. Tusenvis av arbeidsplassar er redusert til nokre hundre. Det blei skapt eit inntrykk av at næringsverksemd som skulle nytta overskotsvarmen nærmast stod i kø, ja, Kalberg var ideelt for hummaroppdrett, blei me fortalt. Nå blir det trua med rettssak om ikkje kravet om nyttiggjering av overskotsvarmen blir fjerna. Utbyggarane har vore klar over vilkåra frå dag ein og tatt risiko ut frå det, meiner han.

Viss politikarane skulle gå med på ei trinnvis bygging av veg, vil den aldri bli fullført, fryktar Ap-representanten.

– Då vil det bli veg opp til området for datasenteret, ikkje lenger, trur han.

– Må ha garanti frå morselskap

Den same analysen har SV-representant Øystein Nereng.

– Kommunen vil ha garantiar frå Time Energipark for at heile omkøyringsvegen blir bygd. Men Time Energipark er i praksis eit tomt selskap som lenge har gått med underskot og som har høg gjeld. Ein garanti derifrå er ikkje verdt papiret den er skriven på. Eg les ingenting i framlegget som drøftar dette, og det er svakt, meiner han.

Ein eventuell garanti må komma frå morselskapa til Time Energipark, meiner Nereng.

Desse er Green Mountain Holdings, Stangeland Maskin og Kalberg Holding AS, der Masiv Eiendom, IKM Eiendom og Stangeland Gruppen er aksjonærar.

– Elles risikerer me at dei byggjer to delar av vegen, fram til datasenteret, og så slår seg konkurs. Då har me fått ein tilkomstveg til eit næringsområde i staden for ein omkøyringsveg, seier han.

– Veg inn i eit uføre

Han åtvarar mot å vedta framlegget frå administrasjonen.

– Me planlegg oss inn i eit uføre viss me går for dette framlegget. Det bryt såpass med kommuneplanen at me risikerer motsegner frå statsforvaltar og fylkeskommune, trur Nereng.

-  Me kan diskutera rekkefølge og vera opne for at ikkje heile vegen står ferdig før utbygginga startar, seier Ole Jørgen Alstadsæter, gruppeleiar i Høgre.
- Me kan diskutera rekkefølge og vera opne for at ikkje heile vegen står ferdig før utbygginga startar, seier Ole Jørgen Alstadsæter, gruppeleiar i Høgre. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Arbeidarpartiet og SV er til vanleg opposisjonsparti i kommunen.

I Høgre, som er det største partiet, er gruppeleiar Ole Jørgen Alstadsæter meir positiv.

– Me må sikra at heile omkøyringsvegen blir bygd. Kvernalandsbygda treng omkøyringsvegen, elles blir trafikken der utoleleg. Men me kan diskutera rekkefølge og vera opne for at ikkje heile vegen står ferdig før utbygginga startar, seier Alstadsæter til Jærbladet.

Omkøyringsvegen blir ein fylkesveg, påpeiker han.

– Dermed bør fylkeskommunen òg kjenna på eit ansvar for den, meiner Høgre-politikaren.

Klepp-politikarar får same sak

Det meste av industriområdet på Kalberg ligg i Time kommune.

Men eit mindre område ligg i Klepp.

Dermed skal dei folkevalde i Klepp ta stilling til det same framlegget som kollegaene i Time. Det skjer 13. oktober.