Eigar og styreleiar Brian Nordmark Skjefrås stadfestar oppseiingane overfor Jærbladet. Han seier samtidig at han ikkje er interessert i å bidra til store overskrifter i avisa.
– Det vil eg ikkje bidra til. Fire oppseiingar er for smått, skriv Skjefrås i ein SMS.
Jærbladet har òg vore i kontakt med tillitsvald Guro Marie Flåten, som ikkje ønsker å kommentera saka.
Kan bli tvangsoppløyst
Haugstad Fabrikker har lenge slite i motbakke.
I midten av februar i år leverte Foretaksregisteret begjæring om tvangsoppløysing av Haugstad Fabrikker til tingretten.
Bakgrunnen er at Haugstad Fabrikker, då dei leverte inn årsrekneskapen for 2024, ikkje la ved ei revisjonsberetning, altså ein kontroll av tala utført av ein ekstern revisor. For ei bedrift av Haugstad Fabrikker sin storleik, er dette eit krav.
Dei har heller ikkje meld inn ny dagleg leiar etter at dei i august i fjor melde inn at dåverande dagleg leiar Per Varhaug hadde tredd frå.
Bedrifta er pålagt å ha ein dagleg leiar.
På fabrikken sine nettsider er Varhaug framleis lista som dagleg leiar. Han har ikkje svart på Jærbladet sin førespurnad om kommentar.
Då Jærbladet snakka med styreleiar Skjefrås ved årsskiftet, sa han at fabrikken hadde fått orden på både dagleg leiar og revisjonsberetning, men at det ville ta litt tid før systema oppdaterte seg.
Den første veka i mars er ikkje nokon av delane registrerte hjå Foretaksregisteret.
Skuldar 327.000 til staten
Samtidig med at Foretaksregisteret begjærte tvangsoppløysing, tok Innkrevingsmyndigheten i Skatteetaten pant i ein Ford Transit varebil og pengar på firmaet sin konto. Det gjorde dei for å sikra eit krav på 327.678 kroner.
Utleggspant er eit skritt det offentlege kan gå til om dei ikkje får inn pengar dei har krav på, sjølv etter purring. Pantet dei har tatt fungerer som sikkerheit slik at dei kan driva inn summen dei har krav på, til dømes ved tvangssal.
Om skulda ikkje blir gjort opp, risikerer bedrifta at Innkrevingsmyndigheten i Skatteetaten begjærer henne konkurs.
Jærbladet har spurt Skjefrås om kva som er framtida til Haugstad Fabrikker.
– Det blir jobba med løysingar, svarar han.
Skjefrås meiner vidare at Jærbladet sine overskrifter ikkje er til hjelp, korkje for løysingane eller for dei tilsette si framtid.
I august i fjor, omtrent på same tida som styreleiaren og den daglege leiaren tredde frå, sende Haugstad Fabrikker ut ei pressemelding der dei skreiv at dei aktivt jobba med å finna løysingar for vidare drift « ... i en tid preget av langvarige endringer og utfordringer i markedet».
Møbelproduksjon i 80 år
Haugstad Fabrikker AS starta som Haugstad Møbel i 1946. Det var Johan Haugstad som i si tid grunnla fabrikken, som sidan 1960-talet har hatt tilhald i Skulevegen på Vigrestad.
Sommaren 2024 gjekk Haugstad Møbel konkurs. Det skjedde i kjølvatnet av ei omfattande investering og omlegging av produksjonen som fabrikken aldri klarte å tena inn igjen. Då dei gjekk konkurs, hadde dei ei gjeld på 121,8 millionar kroner.
Kort tid etter kjøpte kontormøbelhandlaren Intpro AS frå Egersund konkursbuet, men dei selde buet vidare etter berre éi veke. I ei pressemelding skreiv dei at planane deira for vidare produksjon på Vigrestad ikkje lét seg gjennomføra.
Det var den nystarta bedrifta Haugstad Fabrikker som tok over eigarskapet. Bak stod Birkeland Bruk Holding AS frå Lyngdal og investorane Arnfred Lennart Berntsen og Brian Nordmark Skjefrås gjennom firmaet Knubedal AS.
I løpet av fjoråret overtok Skjefrås som eineeigar av Haugstad Fabrikker.