Direktøren for Garborgsenteret, Inger Undheim, er glad for at dei no har fått originaldøra til Garborgheimen tilbake til Jærmuseet. I bakgrunnen: konservator Sahra Campbell hos Museumstenestene i Rogaland (t.v.) og utstillingsleiar Gunhild Hammeraas frå Garborgsenteret.
Direktøren for Garborgsenteret, Inger Undheim, er glad for at dei no har fått originaldøra til Garborgheimen tilbake til Jærmuseet. I bakgrunnen: konservator Sahra Campbell hos Museumstenestene i Rogaland (t.v.) og utstillingsleiar Gunhild Hammeraas frå Garborgsenteret. Foto: Åge Bjørnevik

– At denne døra eksisterte, visste me ikkje nokon ting om. Eg er så glad for at familien som eigde henne, tok kontakt. Dette er ein heilt unik gjenstand for oss, fortel Inger Undheim, direktør ved Garborgsenteret.

Historia begynte for to år sidan, då Jærbladet laga ein reportasje om ei stor renovering av Garborgheimen. Jærmuseet førte mellom anna baksida tilbake til original utsjånad, med ståande kledning.

Arne Aarsheim framføre ei Garborg-dør under oppussing på hytta i Hå. Bryne-mannen redda på midten av 1970-talet døra frå å bli kasta.
Arne Aarsheim framføre ei Garborg-dør under oppussing på hytta i Hå. Bryne-mannen redda på midten av 1970-talet døra frå å bli kasta. Foto: Foto: Privat

Reportasjen førte til informasjonen som Jærmuseet slett ikkje hadde venta: Originaldøra til framsida av Garborgheimen finst enno – og er i bruk på ein fritidseigedom i Hå.

Den utrulege historia

Fritidseigedommen tilhøyrer familien Aarsheim, og det var Arne Aarsheim som i si tid redda den originale døra frå Garborgheimen.

På midten av 1970-talet var det eit stort oppussingsarbeid på Arne Garborg sin barndomsheim, og Time Trevare på Bryne hadde fått i oppdrag å laga ein tru kopi av den gamle ytterdøra frå 1847/1848, som hadde sett sine beste dagar.

Den originale døra hadde museet Garborgheimen ikkje bruk for lenger, så den blei kasta i containeren utføre verksemda, som heldt til like ved krysset mellom Torggata og Vardheivegen.

– Me budde på Brynehaugen, og eg er ikkje sikker på om far blei tipsa om døra eller om han berre tilfeldigvis såg henne. Men i alle fall fekk han greie på at dette var den originale døra til Garborgheimen. Han meinte det var for gale at ho berre skulle kastast på det viset, så han spurde om å få døra, og det gjorde han. Originallåsen var også med, fortel Selmer Aarsheim.

Døra var gammal og medteken, men kulturinteresserte Arne Aarsheim tok henne med til familiehytta i Hå. Der fekk døra litt reparasjonar av den nevenyttige Bryne-mannen – og eit strøk fin, blå måling på den ytre delen. Innsida fekk vera som ho var.

Aarsheim hengsla opp døra i eit uthus, innføre ei anna ytterdør. Dermed har Garborg-døra ikkje vore utsett for vêr og vind.

Originallåsen har ikkje vore i bruk. Den oppbevarte Aarsheim på ein tørr og god stad som eit klenodium.

Arne Aarsheim fekk også med originallåsen då han redda Garborg-døra. Den har ikkje vore i bruk, og er no konservert og sikra for framtida - inkludert at det er smidd nye kopinøklar i tillegg til den eine originale. Låsen er laga slik at nøkkel og dørklinke er eitt: Ein tok med seg heile dørklinka når ein låste og gjekk frå huset.
Arne Aarsheim fekk også med originallåsen då han redda Garborg-døra. Den har ikkje vore i bruk, og er no konservert og sikra for framtida - inkludert at det er smidd nye kopinøklar i tillegg til den eine originale. Låsen er laga slik at nøkkel og dørklinke er eitt: Ein tok med seg heile dørklinka når ein låste og gjekk frå huset. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

– Det er jo der ho høyrer til

Selmer Aarsheim stadfestar at han og søskena Rolf Arne Aarsheim og Anbjørg Marie Aarsheim bestemte seg for å kontakta kultursjefen i Time etter å ha lese reportasjen i Jærbladet for to år sidan.

– Denne døra er så spesiell at me tenkte Garborgheimen kunne få henne tilbake. Det er jo der ho høyrer til. Og så fekk me ei anna gammal dør i staden, seier Aarsheim.

Døra til Garborgheimen har hatt ulike fargar opp gjennom åra. Den nøyaktige kopi-døra som står i Garborgheimen i dag, er einsfarga grøn. Dei mørke listene har også kome til dei siste åra, og er ei tilbakeføring til ein tidlegare utsjånad.
Døra til Garborgheimen har hatt ulike fargar opp gjennom åra. Den nøyaktige kopi-døra som står i Garborgheimen i dag, er einsfarga grøn. Dei mørke listene har også kome til dei siste åra, og er ei tilbakeføring til ein tidlegare utsjånad. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Jærmuseet – som eig Garborgheimen – var ikkje i tvil då dei fekk høyra at familien Aarsheim hadde teke kontakt: Her må me få til ein avtale, slik at me kan få tilbake døra.

Museet har eit lager med mange gamle bygningsdelar og liknande som kanskje kan koma til nytte ved framtidige prosjekt, men som langt frå har ei så spesiell historie som døra som no hadde dukka opp.

Handverkar Odd-Geir Rosland ved Jærmuseet tok mål og fann ei gammal dør som passa perfekt i døropninga på familiehytta i Hå. Dermed blei det ein bytehandel: Rosland fekk koma og demontera Garborg-døra og erstatta henne med den andre gamle døra.

– Det var eit veldig spesielt, og eit veldig gildt oppdrag, fortel Rosland med eit smil.

Eit stykke museumshistore, også

Den originale døra til Garborgheimen er ikkje berre eit kulturminne i seg sjølv, ho fortel også ei historie om korleis museumsfolk sin tankegang har endra seg opp gjennom åra.

– Dei pussa rett og slett opp Garborgheimen, for å få han fin. Slik ville me ikkje ha tenkt i dag. No ville me heller konsentrert oss om historia den gamle døra kan fortelja. Men me er veldig glade for at familien Aarsheim har teke vare på døra, og me er takksame for at me no får henne tilbake, seier Inger Undheim, direktør for Garborgsenteret.

Nøyaktig når originaldøra blei byta ut, veit ingen, men Garborg-kjennaren Sigbjørn Reime tidfestar arbeidet til midten av 1970-talet. Det var også då den opphavlege ståande kledninga på baksida blei byta ut med liggjande kledning.

Etter å ha sett både originaldøra og døra som no står i Garborgheimen, er Jærmuseet-handverkar Odd-Geir Rosland imponert over arbeidet som blei gjort hos Time Trevare.

– Han er så godt gjort, den kopien. På millimeteren, ned til kvar minste detalj, seier Rosland.

Då Garborgheimen blei bygd i 1848, var det eit prakthus i jærsk målestokk. Også døra er utanom det vanlege flott, med fleire innfelte panel.

Den kraftige blåfargen sin skal døra få ha etter at ho neste år kjem tilbake til Garborgheimen – som utstillingsobjekt oppe på lemmen.

Slik ser innsida av den 175 år gamle ytterdøra ut. Litt reparert nedst, men elles i original.
Slik ser innsida av den 175 år gamle ytterdøra ut. Litt reparert nedst, men elles i original. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Konservatoren fann 13 lag med maling

Sidan mars i år har originaldøra til Garborgheimen lege i lokala til dei seks konservatorane hos Museumstenestene i Rogaland.

Konservator-tenesta, som held til i Oljemuseet sitt magasin i Dusavika, er eit spleiselag mellom alle musea i fylket.

Inne i hallane hos konservatorane ligg det mykje spennande, frå oljeutstyr, skipslanterner og flydelar til gamle barnevogner, rokkar og gardsverktøy.

Og altså originaldøra til Garborgheimen, som det er konservator Sahra Campbell som har jobba med – som eitt av mange parallelle prosjekt.

Ho har fjerna rust og beskytta metallet i lås, hengsler og beslag. Ho har dessutan gått over malinga og sørgd for å stabilisera henne på ein del svake punkt der malinga hadde begynt å losna.

Ein svært viktig del av Campbell sin jobb, er at ho forsiktig har skrapa av maling lag for lag på eit lite felt, og fotografert snittflata med mikroskop.

På den måten har Campbell funne ut at det er 13 lag med maling på furudøra, og at ho opphavleg var malt med ein teknikk kalla ådring.

Ådring vil seia at treet blir verande trefarga, men at malinga framhevar strukturen, eller kanskje til og med imiterer eit anna og fjongare treslag.

Nokre få eldre fotografi av Garborgheimen opp gjennom åra viser døra, så det finst historiske bevis for at ho har vore både fleirfarga og einsfarga. Ut frå dette, og frå fargelaga ho kan sjå i mikroskop, har Campbell kome fram til kva fargar døra har hatt i ulike periodar.

Konservatoren har forsiktig skrapa av lag for lag med maling på eit lite felt, og deretter teke mikroskopbilde av kanten med alle laga oppå kvarandre.
Konservatoren har forsiktig skrapa av lag for lag med maling på eit lite felt, og deretter teke mikroskopbilde av kanten med alle laga oppå kvarandre. Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Det finst nokre få gamle bilde av Garborgheimen som viser hovuddøra tydeleg, som dette frå 1926. På svart/kvitt-fotoet er det tydeleg at døra hadde fleire fargar då, men ikkje nøyaktig kva for fargar.
Det finst nokre få gamle bilde av Garborgheimen som viser hovuddøra tydeleg, som dette frå 1926. På svart/kvitt-fotoet er det tydeleg at døra hadde fleire fargar då, men ikkje nøyaktig kva for fargar. Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Mikroskop-analysar av 13 lag med maling - samanstilt med informasjon frå foto - gjer at konservatoren kan seia ein god del om ulike fargekombinasjonar som furudøra kan ha hatt opp gjennom åra. I starten hadde ho såkalla ådring (arket til venstre), ein maleteknikk som gjer at tre ser ut som tre - gjerne ein annan type enn det eigentleg er.
Mikroskop-analysar av 13 lag med maling - samanstilt med informasjon frå foto - gjer at konservatoren kan seia ein god del om ulike fargekombinasjonar som furudøra kan ha hatt opp gjennom åra. I starten hadde ho såkalla ådring (arket til venstre), ein maleteknikk som gjer at tre ser ut som tre - gjerne ein annan type enn det eigentleg er. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

På jakt etter fleire gjenstandar

Utstillingsleiaren ved Garborgsenteret, Gunhild Hammeraas, fortel at dei har begynt på ein stor gjennomgang av alt som i dag står lagra oppe på loftet i Garborgheimen. Tanken er at dei skal setjast på stader der dei naturleg ville ha høyrt heime på garden, for dermed betre å fortelja historia om korleis livet der var.

«Ville ha høyrt heime» er ei bevisst formulering. For det er berre nokre veldig få av gjenstandane i Garborgheimen som faktisk høyrde heime der: den berømte blå kista, nokre stolar og nokre lysestakar. Resten er tidstypiske ting som er henta dit etter at eigedommen blei museum.

– Det hadde vore utruleg fint om me kunne få hand om endå fleire ting som har høyrt til i Garborgheimen opprinneleg. Så viss nokon har noko, set me stor pris på om dei tek kontakt, seier Hammeraas.