– Det er veldig koseleg. Me blir litt borskjemte når me blir dilla med.
Lillian Olsen har fått besøk i daglegstova på Sirkelen sjukeheim. Jenny Hove (15) held handa hennar i si, og er i ferd med å påføre eit lag rosa glitterlakk på nyfila negler.
Praten går i stort og smått.
Hove er kledd i ei attkjennande grøn t-skjorte. Den symboliserer at ho kjem til sjukeheimen som frivillig.
«Gledesspreder» står det med kvit skrift.
– Det er kjempekoseleg. Det er ei fin tid og ein lærar mykje nyttig av å vere her, seier 10. klassingen.
Verdifull praksis før arbeidslivet startar
Også Marthe Mæle Storhaug (15) driv lågterskel skjønnheitssalong denne måndagen. Men aktiviteten er berre ein av fleire i utvalet.
Handleturar til Jærhagen, mating av ender, baking og brettspel er også i repertoaret.
Dei to elevane frå Klepp ungdomsskule har vore på Sirkelen kvar måndag dei siste seks vekene. Engasjementet skjer i regi av valfaget «Innsats for andre».
Faget «skal bidra til at elevene kan vise solidaritet, fremme likeverd og oppleve verdien av å gjøre noe for andre og å være til nytte» heiter det på nettsida til Utdanningsdirektoratet.
Målet er også at det skal bidra til at frivillig arbeid held fram som tradisjon i samfunnet.
I tillegg gir opplæringa erfaring inn i eit framtidig arbeidsliv. Praksisen på Sirkelen kan vise seg å bli svært verdifull – for ingen av jentene utelukkar at dei går i retning helsevesenet seinare.
– Eg har valt faget og Sirkelen alle åra på ungdomsskulen, fordi eg synest det er så kjekt å vere her med dei, seier Marthe, og held fram:
– Eg kan tenke meg å jobbe på sjukeheim når eg blir eldre.
Pepperkakeby og minihestar
Helene Stangborli er kulturkontakt på Sirkelen, og fortel at sjukeheimen har tatt imot opptil tjue ungdomsskuleelevar i løpet av ei veke.
Klepp ungdomsskule, Bore ungdomsskule, Orstad skule og Vardheia ungdomsskule er med i ordninga.
Av og til har det vore seks elevar på likt. Nokon gonger fleire, ved spesielle anledningar.
– Den eine gongen laga me peparkakeby. Ein annan gong hadde me minihestar inne, seier ho.
Også 17. mai-feiring, basar og rullatorløp har stått på kalenderen.
– Det er elevane som sjølv får velje kor dei skal. Nokon vel barnehage, nokon er her og nokon står i butikk.
Gjensidig glede
Stangborli fortel at det er fascinerande korleis ungdommane veks i prosessen. Mange blir overraska i møtet med sjuke menneske, og med mange ulike diagnosar.
– Dei får mykje utbytte av å kome på sånne plassar. Dei blir tryggare og meir utåtvende etter kvart, fortel ho.
Ikkje minst er det givande for dei eldre. Nokon gonger har dei ønskje om aktivitet allereie før dei grønkledde kjem.
– Det er jo kjekt når det blir ei gjensidig glede. Også dei tilsette kjenner på glede, fordi dei veit at bebuarane blir varetekne med miljøtiltak og aktivisering, seier ho.
Ester Salte får manikyrbehandling av Marthe Mæle Storhaug når Jærbladet er på besøk. Det var ikkje før ho flytta til Sirkelen at ho fann naglelakk interessant.
– Det er litt uvant, men det går helste greitt, seier ho.
Lillian Olsen set pris på selskapet av jentene, og synest det er nydeleg å bli litt stelt med.
– Me diggar det!
Held kanskje fram i helsevesenet
Stillinga som servicemedarbeidar på sjukeheim, eller husassistent som Klepp også kallar det, finst i fleire kommunar.
Fleirtalspartia i Klepp har valt å satse på prøveordninga, og gir den èin million kroner i 2027, då kommunedirektøren vil ta ut midlane.
Stillinga skal avlaste dei tilsette gjennom å gjere oppgåver som ikkje krev helseutdanning. Tanja Tjelta Bø i Hå, som Jærbladet skreiv om i fjor, hadde ansvar for mat og måltid, rydding, bestillingar og lager, baking, vasking, pynting, bli med på tur og ærend, helse på pårørane, og å ta seg tid til dei som bur der.
Men praksisen gjennom valfaget skil seg ut, då den skal vere ulønt, og oppgåvene utelukkande dreie seg om kosen.
– Det skal ikkje erstatte arbeidskraft, men vere eit supplement. Dei gir meir aktivitet og glede til bebuarane, seier Stangborli.
Det er likevel ikkje uvanleg at tidlegare elevar går vidare i lønna stilling som servicemedarbeidar seinare.
– Då seier eg at det inneber å gjere det same som dei har gjort, berre at dei får lønn. Men då har dei i tillegg faste oppgåver under for eksempel frukosten og at romma er ryddige og reine, seier ho.