– Om dei ikkje tilset deg, er dei galne!
Det var beskjeden Tanja Tjelta Bø fekk då ho skulle inn til jobbintervju og heilt tilfeldig trefte Lovise Kartevold Bekkeheien i inngangspartiet til Hå sjukeheim.
Bø og Bekkeheien kjende kvarandre frå den gongen Bø jobba i klesbutikk på Nærbø og Bekkeheien var fast kunde.
Butikken skulle leggast ned, og Bø var på jakt etter ein ny jobb.
– Søkte rett frå levra
Ho kom over ein annonse frå Hå kommune.
Dei lette etter noko dei kalla «servicemedarbeidar» til ei avdeling ved Hå sjukeheim.
I annonsen spurde dei etter ein relasjonsbyggar med god arbeidskapasitet, som var ryddig og systematisk, raus og inkluderande, og utprega service- og løysingsinnstilt.
– Eg tenkte «det er meg», seier Bø.
Ho skreiv søknaden «rett frå levra».
– Han var nok ikkje heilt A4. Eg har ikkje skrive så mange jobbsøknadar før, men han var enkel å skriva.
– Eg ville ha jobben, så det var det eg fokuserte på, fortel ho.
Ho vart kalla inn på intervju og då ho kom ut igjen, var det med ei kjensle av å ha hatt ein lang og god samtale.
Det var, seier dei som hadde ansvar for tilsettinga, mange gode søkarar.
Men til slutt var det Tanja Tjelta Bø som fekk jobben.
Første dag som servicemedarbeidar ved langtidsavdelinga 3C, hadde ho 1. april.
– Eg har fått draumejobben. Dette er heilt rett for meg, slår ho fast.
Husmor
At ho er rett kvinne for jobben, det kan Lovise Kartevold Bekkeheien, som sjølv har erfaring frå bransjen som tidlegare sjukepleiar, skriva under på.
– Ho er utruleg flink. Ho gjev klemmar og oppmuntringar, og passar på at alle får nok å eta. Ho er flink til å få fram det gode i alle, seier Bekkeheien
– Det er så gildt når du kjem inn på stua, og så er det pynta med blomster og ting i vindauga. Det er veldig oppmuntrande.
Av og til kjem ho inn med ein heil balje med villblomster ho har plukka sjølv.
– Det er ein veldig glede i det. Det verkar inn på meg, og eg er sikker på at det verkar inn på andre òg.
– Det handlar ikkje berre om mat og fine ting i vindauget, men òg det personlege.
Bø seier det ikkje tok meir enn eit par dagar før det kjendest som om ho alltid hadde jobba der.
– Avdelinga er fantastisk. Her er me mange på jobb i lag. Det er god stemning. Og er det noko, så vert det tatt opp, utan at det er nokre sure miner, seier ho.
Bø er den første servicemedarbeidaren ved sjukeheimen.
– Folk spør meg kva eg gjer, kva ein servicemedarbeidar er for noko. Eg pleier seia at eigentleg er eg ei husmor.
– Eg held det reint og ryddig og passar på at det er ein god atmosfære. Eg legg til rette for at folk skal ha det godt, seier Bø.
– At det er ein god heim, seier avdelingsleiar Brit Jorunn Waldeland og nikkar.
Frigjer helsepersonell
Det er ei hundre prosent stilling på dagtid.
Mykje av jobben hennar handlar om å frigjera kvalifisert helsepersonell, slik at dei kan ta seg av kjerneoppgåvene sine, som medisinar og stell.
Bø har ansvar for mat og måltid, ho ryddar og held orden, ho tek seg av bestillingar og lager, ho dekker bord og baker, tar utvask når det trengst, pyntar med blomster, helsar på pårørande, er med på tur og ærend og, ikkje minst, kan ho ta seg tid til dei som bur der.
Til dømes hender det at bebuarar vert urolege, samtidig som helsepersonellet er opptatt på anna hald. Bø, som bruker mykje tid i stova, kan fanga opp tidlege signal, og gjennom drøs hanka dei inn igjen, før uroa får setta seg.
Slik unngår dei at helsepersonellet til dømes må avbryta midt i stellet.
Waldeland seier det har vorte mindre uro og vandring etter at servicemedarbeidaren kom på plass.
– Tanja avlastar helsepersonellet veldig. Me ser at skuldrene på avdelinga senkar seg. seier ho.
– Nå slepp dei å tenka på at dei må skunda seg med stell for å få ferdig frukosten, eller at dei må skunda seg å rydda inn etter frukost slik at dei kan ta det stellet dei ikkje fekk tatt før frukosten. Tanja tar seg av dette.
Verksemdsleiar Jonas Egeland Reime seier det har vorte meir ro rundt måltida.
– Som sertifisert livsgledeheim, er me opptatt av å skapa gode rammer rundt måltida, seier han.
Blåbærlyng og drøs
Bø er opptatt av at sjukeheimen skal vera heimsleg for dei som bur der.
Er ho innom bruktbutikken, hender det at ho tar med seg noko fint til jobben.
Er ho på tur, hender det at ho kjem tilbake med blomster ho har plukka.
– For ikkje så lenge sidan hadde eg med meg blåbærlyng med blåbær på. Då fekk bebuarane plukka litt blåbær, fortel Bø.
Leiinga ved sjukeheimen har heile tida vore medvitne om at servicemedarbeidaren ikkje skal ha ansvar for medisinar og stell. Waldeland seier det er noko av det luraste med heile stillinga.
– Skulle ho hatt ansvar for stell òg, ville ho fort forsvunne inn i det. Då er ho plutseleg ikkje i stova lenger, seier ho.
Reime slår fast at Bø gjer kvardagen trivelegare og enklare både for dei som bur og dei som jobbar på avdelinga.
– Det var det som var målet, òg, seier han.
At servicemedarbeidaren jobbar full tid, utan å gå turnus, sikrar kontinuitet.
Det gjer ting føreseielege for dei som bur ved heimen, men gjev òg Bø god oversikt over kva som skjer ved avdelinga.
Blant anna har ho tatt full kontroll over kjøleskapet, matbestillingar og forbruk, noko som gjer at avdelinga hiv langt mindre mat enn før.
– Nå bruker me opp restane me har ståande, seier Bø.
Når ein jobbar med folk, kan det vera utfordrande å finna balansen mellom det sosiale og dei andre oppgåvene ein må gjera, anten det er matlaging eller utvask av kjøkkenskap.
Men for Bø går det veldig godt å ha to tankar i hovudet på ein gong.
– Du får fletta tinga saman. Om eg gjer husarbeid samtidig som eg snakkar med deg, er det berre heimsleg.
– Det er ikkje så lenge sidan eg henta fram all julepynten for å sortera han. Eg gjorde det midt i stova. Plutseleg vart det ein aktivitet, med god drøs rundt. Folk fortalde om sin eigen julepynt og korleis dei pleidde gjera det, seier ho.
Fleire avdelingar vil ha
Leiinga ved sjukeheimen hadde lenge sett behovet for ei slik stilling, utan at dei klarte å realisera ho innafor budsjettet dei hadde, men i fjor sette kommunepolitikarane av pengar spesifikt til stillinga.
Det er i tråd med ei tilråding med Helsepersonellkommisjonen sin rapport «Tid for handling» som, mellom anna, tar til orde for å frigjera helsepersonell frå arbeidsoppgåver andre kan utføra.
Dette er viktig fordi Noreg står overfor store utfordringar med å få tilgang på nok helsepersonell i åra som kjem.
Reime fortel at lista med kvalifiserte søkarar var lang og god, med søkarar frå varierte bakgrunnar.
Når valet til slutt falt på Bø hadde det å gjera med hennar personlege eigenskapar og kvalitetar.
– Ho er roleg og forsiktig, flink til å lesa situasjonar og er god i møte med folk – ho er god til å drøsa. I tillegg er ho open for å gjera dei oppgåvene som me ser at hennar rolle kan fylla, seier Reime.
Reime seier det ikkje tok meir enn 14 dagar frå Bø begynte i jobben til han begynte å høyra frå andre avdelingar som òg vil ha servicemedarbeidar.
– Det er eit kjempegodt teikn når resten av huset ser at dette fungerer og sjølv ønsker seg servicemedarbeidar, seier han.
Om dei får det, vil visa seg.
– Budsjettet er ikkje lagt ennå, seier Reime.
Han legg ikkje skjul på at erfaringane så langt er gode:
– På denne måten sikrar me at me får gjort oppgåvene våre godt og brukt helsefagleg kompetanse der han trengst mest, seier han.
Møte med menneske
Bø hadde alltid tenkt at om ho skulle jobba med noko anna enn butikk, måtte det ha vore eldre, men utan det som går på medisinar og stell.
– Det har eg ikkje utdanning til. Men eg har så mykje anna å gjeva. Eg spreier glede og eg har omsorg. Eg er flink til å gjera det triveleg og å sørga for at folk har det godt. Og så er eg interessert i å snakka med folk. Å ha tid til det, er fantastisk, seier ho.
Her ser ho ein klar samanheng med butikkjobben.
– Det handlar om møter mellom menneske. Eg ler òg grin saman med dei. Det gjorde eg på butikken òg, seier Bø og ler.
Ho trivst i helsevesenet.
– Det er fantastisk å få lov til å gjera ein forskjell for nokon. Vannari om eg er som eit slips når eg kjem heim, eg har i alle fall sørga for at nokon har hatt ein god dag. Det er rett for meg. Eg er ein omsorgsperson.