Sigrid Haugstad Harbo
Sigrid Haugstad Harbo lurte veldig på om ho skulle ta steget eller ikkje, men nå er det avgjort. Mandag var 45-åringen frå Vigrestad sin første dag som sjukepleiarstudent. Foto: Håvard Ovesen

Det er høgtidsstemning i møterommet på Grand hotell i Egersund. Eit tredvetals studentar, saman med representantar frå sjukepleiarutdanninga ved Universitetet i Stavanger og Dalane utdanningssenter, fire ordførarar frå Dalane og éin frå Hå, markerer den offisielle starten på den distriktsvennlege sjukepleiarutdanninga i Dalane og Hå.

Utdanninga er eit tilbod til studentar som ikkje har høve til å stilla på campus i Stavanger kvar dag, anten det er av omsyn til familie, lang reiseveg eller anna.

Studiet går over tre år og følger det same studieprogrammet som den ordinære sjukepleiarutdanninga ved UiS. Undervisninga vil vera både digital og fysisk, nokre gongar på Ullandhaug, andre gongar i Egersund, gjennom Dalane utdanningssenter.

Det meste av praksis vil skje ute i distriktet, til dømes på sjukeheimen i Hå, men kirurgisk praksis vil framleis vera på sjukehuset i Stavanger.

– Eg vil læra meir

Blant dei som var til stades på Grand hotell, var Sigrid Haugstad Harbo frå Vigrestad. Ho har jobba som apotekteknikar i 20 år, men har nå fått permisjon frå jobben for å ta ein bachelorgrad i sjukepleie.

– Eg stortrivst i apoteket, men nå er eg 45 år og har vel om lag 25 år igjen av arbeidslivet. Eg er kunnskapstørst og vil læra meir. Nå er tida, seier Harbo til Jærbladet.

Hå-ordførar Andreas Bjorland stiller opp på bilde saman med sju av dei åtte studentane med tilknytning til Hå som har fått plass på den distriktsvennlege sjukepleierutdanninga i regi av Dalane utdanningssenter og UiS. Frå venstre: Josefine Marie Kvamsøe, Mari Skretting, Eline Gjøse, Andreas Bjorland, Amalie Egeland, Oline Bø Helleren, Amalie Stokkeland og Sigrid Haugstad Harbo.
Hå-ordførar Andreas Bjorland stiller opp på bilde saman med sju av dei åtte studentane med tilknytning til Hå som har fått plass på den distriktsvennlege sjukepleierutdanninga i regi av Dalane utdanningssenter og UiS. Frå venstre: Josefine Marie Kvamsøe, Mari Skretting, Eline Gjøse, Andreas Bjorland, Amalie Egeland, Oline Bø Helleren, Amalie Stokkeland og Sigrid Haugstad Harbo. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Ho gler seg til å læra meir, gå på forelesingar og å verta kjend med medstudentar.

– Det vert spennande å ta fatt på ein ny kvardag, seier ho.

Frå apoteket har ho allereie erfaring med helse og medisin. Sjukepleie freistar fordi ho vil vera til hjelp og fordi spekteret av jobbmoglegheiter er stort.

– Eg veit eigentleg ikkje kva eg går til, men eg veit at det er enormt mange jobbmoglegheiter, seier Harbo.

Etterspurd arbeidskraft

Det same vart understreka gong på gong frå talarstolen. Det er sjukepleiarmangel, og i framtida vil etterspurnaden berre verta større, spesielt ute i distrikta.

I si helsing til studentane henta Hå-ordførar Andreas Bjorland fram det han meinte var «skremmande» statistikk:

– I år er me i Hå 3.000 innbyggarar over 65 år. I 2050 vil det vera 6.000. Det er ei dobling, og dét utan at det vert fylt på i andre enden. Nå er det slik at for kvar håbu som er pensjonist, er det fire i arbeidsdyktig alder. I 2040 vil talet vera 2,4. Det viser behovet for de som er her, sa han til studentane som var møtt fram.

Bjorland fortalde at han i fjor jobba 14 dagar ved sjukeheimen i Hå, og om takksemda pasientane møtte han med. Ordføraren sa han absolutt kunne tilrå dei som står framfor yrkeslivet å ta eit val der dei får jobba med folk og bety noko for andre.

Bjorland poengterte at mykje av arbeidet i ein kommune, handlar om korleis han kan gjerast til ein god plass å veksa opp, leva og verta gammal i.

– Gjennom alle dei stadia må me ha sjukepleiarar med oss, sa Bjorland, som lova både praksisplassar og arbeid i kommunen.

Sigrid Haugstad Harbo har allereie sikra seg ei helgestilling og moglegheiter for ekstravakter ved Hå sjukeheim.

– Då får eg ekstra læringsutbytte og ekstrainntekter ved sida av studiet, seier ho.

Det var ei venninne som først gjorde ho merksam på studietilbodet. Harbo var på fleire informasjonsmøte, og vurderte lenge fram og tilbake om ho skulle søka eller ikkje.

– Men så fann eg ut at eg berre måtte hoppa i det, elles ville eg berre angra. Nå har eg begynt. Dette vert gildt, seier ho og smiler.

– Fordel med livserfaring

Marie Undheim, prosjektleiar og førstelektor ved sjukepleiarutdanninga ved Universitetet i Stavanger, sa i si helsing til studentane at ho kunne lova dei tre år som vil verta spennande og kjekke, men òg utfordrande.
Marie Undheim, prosjektleiar og førstelektor ved sjukepleiarutdanninga ved Universitetet i Stavanger, sa i si helsing til studentane at ho kunne lova dei tre år som vil verta spennande og kjekke, men òg utfordrande. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Harbo medgjev at ho er spent. Forelesingane gler ho seg til, men det å sitja og lesa i timevis på eiga hand, er noko heilt anna.

– Eg er spent på om eg har hovud til det, seier ho.

Samtidig trur ho at ho har ein fordel i livserfaringa.

– Eit levd liv gjer deg fleire knaggar å henga kunnskapen på. Eg kjem til studia med eit litt anna bakteppe enn dei som er yngre, seier ho.

Harbo har stor familie. Dei eldste i hushaldninga er så store at dei har flytta ut, og dei som er yngre er òg såpass gamle at dei kan klara seg sjølve medan ho studerer. Likevel, det er godt å sleppa pendling til Ullandhaug kvar dag.

– Det er praktisk og greitt. Då er eg tilgjengeleg for familien om dei treng meg, seier ho.

Av dei 88 som søkte, var det 32 som fekk plass ved studiet. Marie Undheim, prosjektleiar og førstelektor ved sjukepleiarutdanninga ved Universitetet i Stavanger, seier dei fleste søkarane naturleg nok kom frå Eigersund og Hå, som er dei største kommunane i samarbeidet.

– Av dei som kom inn er det heile spennet, frå dei som kjem rett frå vidaregåande skule til vaksne damer. Det vert spennande å verta kjend med dei, seier Undheim til Jærbladet.

Elleve av dei 32 studentane har tilknyting til Eigersund, åtte av dei til Hå, seks til Sokndal, fem til Lund og to til Bjerkreim.

Den fleksible og distriktsvennlege utdanninga er eit treårig prosjekt i regi av UiS, Dalane utdanningssenter og Eigersund, Sokndal, Bjerkreim, Lund og Hå kommune. Pengane kjem blant anna frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.

Sist det var eit liknande tilbod i regionen, var i 2003.