Den nye kunstgrasbanen får 1,6 millionar kroner i støtte får Klepp kommune, trass val av gummigranulat.
Den nye kunstgrasbanen får 1,6 millionar kroner i støtte får Klepp kommune, trass val av gummigranulat. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim (arkiv)

– Det er å gå baklengs inn i framtida.

Venstres Børge Brunes starta likevel diskusjonen i hovudutval for samfunn og kultur med ein toretale.

Han meinte at det finst få grunnar til at Orstad idrettslag skal velje det lite miljøvennlege granulatet på den komande banen sin.

Sjølv er han styremedlem i Klepp idrettslag, som nyleg la kunstgras med miljøvennleg granulat. Dei små, svarte gummiknottane er på slike banar erstatta med for eksempel bjørk, kork eller sand.

Sjølv om fleire rundt bordet uttrykte at også dei skulle ønskje idrettslaget hadde valt miljøvennleg, fekk kommunedirektør Torild Lende Fjermestad lite støtte frå politikarane.

Føreslo å støtte med ein tredel av prisen

Ved slike søknader støttar Klepp kommune vanlegvis med ein tredel av prisen. Kostnaden for kunstgrasbanen på Orstad er rundt 4,7 millionar kroner, som ville ha tilsvara nærare 1,6 millionar i støtte.

Kommunedirektøren innstilte på å gi idrettslaget berre 400.000 kroner, som eit verkemiddel for å stimulere til å berekraftige val.

Ho argumenterte med det er viktig at kommunen sine økonomiske verkemiddel støttar opp under vedtatte miljø- og klimamål, med tilvising til både kommunale planar og strategiar og internasjonale mål.

Orstad idrettslag skal ha tatt eit opplyst val, då administrasjonen skriv at dei har vore i dialog med dei om relevante reglar, framtidig regelverk og om ulike miljøvennlege alternativ, som også har positive erfaringar lokalt.

Høgres Veronika Dagestad var likevel ueinig i konklusjonen.

– Å redusere støtta til 400.000 kroner synest me var å straffe dei vel hardt, så lenge det ikkje står noko i retningslinjene for tilskot at det skal veljast miljøvennleg. Då må me endre på tilskotsordninga, tenker eg.

– Sjølvsagt skulle me ønskje at dei kunne valt noko meir miljøvennleg, men me veit ikkje korleis kvaliteten er på det, det er ein liten klubb utan tilsette, og me har ikkje lyst til å straffe eit lite idrettslag som treng ny bane, sa ho.

Ho føreslo å støtte med ein tredel av kostnadene.

Ny setning i retningslinjene

Berre Brunes (V) og vara Anders Bore (Ap) stemte mot Høgres forslag.

Dei andre var einige i å vektlegge det frivillige engasjementet i idrettslaget høgst. Med endestasjon i utvalet, blei det altså vedtatt at Orstad Idrettslag likevel mottar ein tredel av prisen.

I tillegg vedtok politikarane å legge inn ei setning i retningslinjene for støtte til kultur, om at miljøomsyn vil vere eit grunnlag for avkorting av tilskot.

Hovudutval for samfunn og kultur diskuterte saka tysdag ettermiddag.
Hovudutval for samfunn og kultur diskuterte saka tysdag ettermiddag. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Dette kom nemleg også opp til diskusjon i behandlinga av saka.

– Me må ikkje fjerne verktøya i verktøykassen til kommunen på ting og tang me eigentleg har bestemt at dei skal handheve, det blir feil, sa Anders Bore (Ap).

Han viste til klimastrategien som politikarane tidlegare har vedtatt, og som blant anna blir brukt som grunnlag for å redusere støtta i saksdokumenta.

– Det er ingen forbod mot det Orstad idrettslag har vedtatt. Dei retningslinjene dei har å forhalde seg til, har dei halde seg til. Dei verkemidla og den verktøykassen, som du snakkar om, er ikkje spissa nok, sa Kjetil Friestad (H).

– Viss me vil ha inn at me vil ha miljøvennlege val, synest eg me skal ha eit eige punkt i retningslinjene, ikkje vise til alle andre planar. Her sit folk på fritida, me må gjere det enklast mogleg å søke midlar, sa Dagestad (H).

Jærbladet har sendt nokre spørsmål om saka til Pål Folkvord, som er nestleiar i styret til Orstad idrettslag, men ikkje lukkast i å få svar.