For å få nok plass til alt frå barne- og ungdomsarbeid til lager og kyrkjekaffi, skal Nærbø kyrkje utvida.
Det er ikkje gratis. Førebelse overslag viser ein venta pris på mellom 12 og 15 millionar kroner.
Soknerådet har sett ned ein økonomikomité som skal sjå nærare på korleis prosjektet kan finansierast.
Auksjon
Samtidig har kyrkjelydsmedlemmane sjølve tatt initiativ til eit innsamlingsprosjekt: Torsdag opnar ein mellombels kombinasjon av bruktbutikk og kunstutstilling i dei gamle lokala til Drøsen i handelslaget på Nærbø.
Jonas Egeland Reime er eit av kyrkjelydsmedlemmene som har meldt seg frivillig til å driva prosjektet.
Han fortel at det heile starta med ei anonym gåve.
– Ein anonym kunstsamlar tok kontakt med nokon i kyrkjelyden og ville gje vekk delar av samlinga si til inntekt for å bygga på kyrkja, fortel Reime.
Totalt er det snakk om 19 kunstverk av anerkjende bildekunstnarar:
- Gunnar Torvund
- Kjell Pahr-Iversen
- Stanley Stornes
- Oscar Sørreime
I tillegg til glaskunstnaren Benny Motzfeldt.
Derfrå var det ikkje langt til tanken om å halda ein kunstauksjon. Auksjonen går av stabelen 30. oktober.
Mellombels butikk
For å få opp interessa i forkant, skal kunsten stillast ut på førehand i eit eigna lokal kyrkjelydsmedlemmane har ordna i handelslaget på Nærbø.
I samband med dette, fekk dei ein ny idé:
– I plassen for å berre henga bilde på ein vegg, tenkte me at me kunne ha ein pop up-gjenbruksbutikk, seier Reime.
Oppslutnaden var stor. På kort tid har gjengen fått inn møbel, pyntegjenstandar, retroting og koppar og kar.
– Me har ikkje klede eller bøker, men elles har me alt anna, seier Reime.
Torsdag klokka 15:30 er det høgtideleg opning ved ordførar Andreas Bjorland. I tillegg lovar Reime kake til dei som kjem.
– Bobler over av energi
Gjengen som står bak har som mål å skapa ein møtestad med kaffi og god drøs.
– Me bobler over av energi på dette, seier Reime.
Alt er gjort på dugnad. Gunnvor Engtrø, ei av dei andre frivillige frå kyrkjelyden, er stolt over dugnadsånda.
– Her i Hå løftar me i lag, seier ho.
Gjengen har god tru på at kombinasjonen av god kunst og høvet til å støtta ein god sak vert ein god start på innsamlingsarbeidet til utvidinga av kyrkja.
– Det er viktig for oss som kyrkjelyd at me viser at me òg skal vera med på dette. Det er lettare å invitera til spleiselag om me er med og bidreg sjølve, sa Reime til Jærbladet mandag.
Dei neste fire vekene skal butikken ha ope kvar torsdag, fredag og laurdag. Torsdagar og fredagar er opningstida frå 15:30 til 19:00 og laurdagar frå 09:00 til 15:00.
Fingermat, stettglas og dikt
Torsdag 30. oktober skal butikken vera tømt. Då skal lokala brukast til høgtideleg kunstauksjon.
Reime seier dei vil gjera litt ekstra ut av det.
– Me skal ha fingermat og stettglas. Det vert musikalske innslag og kommunedirektøren skal lesa dikt. Me skal gjera dette til ei gild hending, seier han.