I januar sa Utval for samfunn nei til å gje eit ungt, agronom-utdanna par konsesjon til å ta over Skutholen gard utanfor Varhaug. Politikarane meinte at den avtalte prisen, 25,5 millionar kroner, var for høg sett opp mot inntektsgrunnlaget på garden.
Prisane på landbrukseigedommar er strengt regulert gjennom konsesjonsordninga.
Konsesjonsordninga er meint å sikra at dei som tek over garden er skikka til jobben, om dei har ein driftsmessig god plan, at ressursforvaltning og kulturlandskapet vert halde i hevd og at ein tek omsyn til busettinga i området. Eit anna viktig moment er priskontroll: Kjøpesummen må bidra til det styresmaktene kallar «samfunnsmessig forsvarlig prisutvikling».
Målet med reglane er å sikra busetting, landbruksdrift og unngå spekulasjon i landbrukseigedommar.
– Garden sjølv må forrenta investeringa
Skutholen søraust for Varhaug er 484 dekar stor. Av dette er 370 dekar fulldyrka jord og 71 dekar innmarksbeite.
På garden er det bustadhus med kjellarleilegheit og dobbel garasje, maskinhus, lausdriftsfjøs med mjølkerobot og eit uinnreda grisehus på to etasjar frå 1985. Av dyr, er det 43 mjølkekyr og 104 kalvar, kviger og oksar.
Den avtalte prisen inkluderte ei mjølkekvote på 350.000 liter, verdset til 4,2 millionar kroner.
I tillegg vart det avtalt kjøp av dyr og lausøyre til ein verdi av 3,5 millionar kroner. Denne delen av handelen krev ikkje konsesjon.
Men politikarane i Hå meinte at prisen på Skutholen ikkje burde vera høgare enn 20 millionar kroner, heilt i tråd med kommunedirektøren si innstilling.
– Prisen må ikkje vera høgare enn det som reflekterer driftsgrunnlaget av eigedommen og verdien av garden som bustad. Det er garden sjølv som skal kunna forrenta denne investeringa. Legg ein ei normal avkastning til grunn, er det vanskeleg å komma opp i den prisen dei har avtalt, sa utvalsleiar Magnus Ånestad (KrF) då saka var oppe i Utval for samfunn.
Diskusjonen enda med at eit samla utval røysta nei til å gje konsesjon.
– Ny måte å gjera det på
Tidlegare i februar sende kjøparar og seljarar inn ei felles klage på avgjerda. Klaga er ført i pennen av Olav Magne Tonstad, tidlegare jordbrukssjef i Hå. Det var òg Tonstad som utarbeida taksten på garden.
Dei meiner kjøpesummen ikkje er for høg, og at kommunen har gjort feil i behandlinga av saka.
Sentralt i klaga står driftsplanen for garden. I sakspapira til Utval for samfunn vart det vist til driftsplanen ei rekke gonger. I klaga kjem det fram at det var kommunen som bad om driftsplanen for å kunna vurdera inntektsgrunnlaget på garden.
Det kom brått på søkarane, som skriv at dette ikkje er vanleg, og at dei ikkje hadde venta dette på førehand. I klaga skriv dei at det er, så vidt dei veit, første gong Hå kommune legg ein driftsplan til grunn når kjøpesummen på ein landbrukseigedom vert vurdert.
«Dette er ein for oss ny måte å vurdere kjøpesummen med utgangspunkt i driftsplanen» skriv dei, og legg til at dei burde vore orientert om dette på førehand, slik at dei kunne komme med merknadar. Når dei ikkje fekk høve til det, meiner dei at avgjerda til politikarane vart gjort på manglande grunnlag.
Saman med klaga har dei òg levert inn ein revidert driftsplan som blant anna legg til tidlegare oppstart med griseproduksjon enn opphavleg tenkt. Klagarane meiner den nye driftsplanen viser at kjøpesummen er samfunnsmessig forsvarleg.
– Vurderer ikkje verdien av bygningane
Klagarane etterlyser grunngjeving av denne praksisendringa, og skriv at dei ikkje kjenner til retningslinjer for denne bruken av driftsplan. Dei viser vidare til at driftsplan ikkje er nemnd korkje i konsesjonsloven eller Landbruks- og matdepartementet sine rundskriv om priskontroll.
Dei stiller òg spørsmål ved om driftsplanar er eit eigna grunnlag for å rekna ut om avtala kjøpesummar er samfunnsmessig forsvarlege. Dei nemner fleire grunnar til at dei ikkje er det, blant anna:
- Driftsplanen er utarbeida av søkarane sjølve. Til samanlikning er takst utarbeida av kommunen sjølv eller ein uavhengig takstmann
- Driftsplanar inneheld fleire private opplysningar, blant anna om gjeld og privatforbruk, noko mange kan kvi seg for å levera inn til kommunen
- Driftsplanar vurderer i liten grad dei faste verdiane på garden, som til dømes tilstanden på driftsbygningar. Fordelane ved ei relativt oppdatert bygningsmassen, slik det er på Skutholen, vert ikkje tatt omsyn til
- Skal ein ta utgangspunkt i driftsplan, kan det gje uheldige utslag òg for dei som kjøper tilleggsjord med tilhøyrande driftsbygningar. Er det jorda som er motivasjonen for kjøpet, hender det at kjøparen har gitt relativt mykje for driftsbygningar han ikkje kjem til å bruka. Vert driftsplanen då brukt for å vurdera nytteverdien av tilleggsjord og bygningar, er det ikkje sikkert at reknestykket går opp
Signaleffekt
Klagarane viser òg til at kommunen sjølv har vurdert taksten på jorda og verdiane på garden, som summerer seg opp til 25 millionar kroner, som forsvarleg. Det er derfor ikkje noko poeng i å bruka driftsplanen til å vurdera om kjøpesummen er samfunnsmessig forsvarleg, meiner dei.
Dei minner om at priskontroll berre er eit av fem moment som skal vurderast i konsesjonssaker, og at overtakinga, etter kommunens eiga vurdering, oppfylte alle dei fire andre omsyna. I slike saker gjev retningslinjene rom for å gje konsesjon etter ei heilskapleg vurdering, meiner dei.
Avslutningsvis skriv dei at ein bonde som sel ein gard i dag, ikkje på langt nær får igjen like mykje som han har lagt ned i garden. Klagarane åtvarar kommunen mot å «straffa» seljarar ved å setta ned konsesjonsprisen. Dei fryktar det kan føra til at færre vil gjera nødvendige investeringar i gardane sine, fordi dei veit det ikkje er sikkert at dei kan tene dei inn igjen om dei sel.
«Eit avslag frå kommunen i denne konsesjonssaka på grunn av for høg kjøpesum, vil derfor få store negative konsekvensar for jordbruket i Hå og elles på Jæren», skriv klagarane.
Dei ber kommunen vurdera signaleffekten og godta klagen, slik at kjøparane kan overta garden til den avtalte prisen på 25,5 millionar kroner.