I november møtte avisa både barnehagestyraren og foreldre, som vil ha ein tryggare veg i nærleiken av barnehagen. Frå venstre står styrar Karen Norstein Danielsen, Linn Tjøtta Liene og Anita Bilstad.
I november møtte avisa både barnehagestyraren og foreldre, som vil ha ein tryggare veg i nærleiken av barnehagen. Frå venstre står styrar Karen Norstein Danielsen, Linn Tjøtta Liene og Anita Bilstad. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Fylkesvegen som går forbi Borsheim barnehage er utrygg for barn og vaksne som ferdast i området, meiner foreldra. Fartsgrense 60 er for høgt, og mange køyrer dessutan for fort, var bodskapen.

– Det er ein skummel veg. Me er redde for at det skal skje ei ulukke, sa styrar Karen Norstein Danielsen, som også stilte seg bak.

Dei etterlyste lågare fartsgrense eller fortau og belysning. Dei vil også ha skilting frå vegen, som viser meir tydeleg at det er ein barnehage like ved.

FAU tok kontakt med Klepp kommune og Rogaland fylkeskommune om moglege tiltak langs vegen.

I desember fekk dei svar.

Vil ikkje setje ned fartsgrensa

Først kom svaret frå kommunen. Ann Kristin Herredsvela, fagansvarleg for samferdsel i Klepp, skriv i brevet at kommunen har vore i kontakt med Rogaland fylkeskommune.

– Kommunen stiller seg positiv til samarbeid i saka og er open for å bidra dersom fylkeskommunen etter si vurdering meiner det er tiltak eller informasjon kommunen kan hjelpe til med.

Nordsjøvegen er eigd og drifta av Rogaland fylkeskommune. Ho skriv at det dermed er fylkeskommunen som har ansvar for, og må vurdere eventuelle tiltak på og langs vegen.

Herredsvela legg til at kommunen ønskjer ein god dialog vidare i prosessen, og ser det som hensiktsmessig å avklare eventuelle bidrag etter at fylkeskommunen har vurdert saka.

– Dette kan for eksempel vere gjennomføring av tiltak som belysning eller trafikktavle finansiert av trafikksikringsmidlar.

Ønskjet om trafikktavle og belysning i området er lagt inn i handlingsplanen for trafikksikringsplanen, skriv ho.

Dagen etter kom svaret frå Rogland fylkeskommune. Seksjonssjef Aksel Grunnreis vedgår at lågare hastigheit kan redusere risikoen for alvorlege ulukker.

– Samtidig er det eit viktig prinsipp at fartsgrensa skal oppfattast som riktig av trafikantane, for at den skal bli respektert, skriv han.

– Me vurderer det slik at dagens fartsgrense er riktig ut ifrå gjeldande kriterium og vil derfor ikkje gå inn for å setje den ned. Dersom de opplever at bilistar ikkje overheld fartsgrensa er det mogleg å kontakte politiet for å be dei om å vurdere kontrollar, skriv Grunnreis.

Ingen tiltak på kort sikt

Fylkeskommunen deler oppfatninga om at det kan vere utfordrande for gåande og syklande langs vegen, sidan det ikkje finst gang- og sykkelveg.

– Å bygge gang- og sykkelveg krev betydelege investeringar og må innarbeidast i fylkeskommunens handlingsprogram for fylkesvegar. Før dette må kommunen sørge for at gang- og sykkelvegen blir regulert inn langs fylkesvegen.

FAU krev trafikktiltak ved Borsheim barnehage, som ligg like ved Nordsjøvegen på Bore.
FAU krev trafikktiltak ved Borsheim barnehage, som ligg like ved Nordsjøvegen på Bore. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Grunnreis erkjenner at betre lysforhold reduserer faren for ulukker i mørket. På nye slike vegar er det krav om belysning, noko det ikkje var før.

Det er ingen konkrete planar om belysning på denne delen av fylkesvegen, skriv han.

– Me vil vurdere behovet for belysning i forbindelse med eit eventuelt planarbeid.

Når det gjeld skilting, kan ikkje seksjonssjefen sjå at det er opning for annan type skilting eller oppmerking ved avkøyrsla til barnehagen. Dei viser til at det i dag er sett opp fareskilt barn i begge retningar om lag 100 meter før avkøyrsla til barnehagen.

Grunnreis oppsummerer med at fleire av tiltaka som er føreslått krev planlegging, finansiering og prioritering i fylkeskommunens handlingsprogram, spesielt når det gjeld belysning og ny gang- og sykkelveg.

– Me vil ta med oss innspela, men kan dessverre ikkje gjere nokre tiltak på kort sikt.

Har kontra med svar: – Ikkje godt nok

– Eg synest ikkje svaret frå fylkeskommunen var godt nok, seier FAU-medlem Anita Bilstad til Jærbladet, før ho held fram:

– Me kan ikkje tvinge gjennom noko som ikkje er reelt, men grunngivinga for avslag på nedsett fartsgrense er veldig vag, så me har bede om ei betre forklaring.

FAU synest det blir mykje fram og tilbake i breva, og står framleis utan svar, opplever Bilstad.

Til kampen vidare har dei fått med seg FAU på Bore skule.

– Kva tenker du om det de opplever som negativt svar frå instansane?

– Det er ikkje kjekt. Dette handlar ikkje om komfort eller luksus, men grunnleggjande trygg ferdsel for barn og unge og andre mjuke trafikantar.

– Rogaland fylkeskommune er vegstyresmakt

Måndag 9. februar blei planen for trafikktryggleik 2026–2031 vedtatt i kommunestyret. Handlingsplanen som følgjer med blir revidert årleg.

Før det var planen på høyring.

Kommunedirektør Torild Lende Fjermestad skriv i sakspapira at mange av innspela peiker på utfordringar knytt til skule- og barnehagevegar, mjuke trafikantar, fart, manglande gang- og sykkelvegar og behov for betre belysning.

– Alle innspel som er komne inn vil bli tatt med vidare som del av kunnskapsgrunnlaget for prioritering av tiltak i handlingsplanen, skriv ho.

Ho understrekar at fleire av utfordringane er knytt til fylkesvegar.

– Det er Rogaland fylkeskommune som er vegstyresmakt og ansvarleg for tiltak som fartsgrenser, gang- og sykkelvegar og større fysiske inngrep på fylkesveg.

– Kommunen kan ta initiativ, gi innspel og medverke i dialog med fylket, og i enkelte tilfelle gjennomføre enklare tiltak, som til dømes belysning, etter godkjenning frå fylkeskommunen.