I skulegarden på Undheim står flaggstonga naken.
Neste offisielle flaggdag er 7. juni, minnedagen for unionsoppløysinga i 1905. Då skal det norske flagget til topps.
Ved skulane i Time har FAU dessutan nyleg fått eit rundskriv frå kommunen om utvida flagging – med regnbogeflagget.
Frå før heiser kommunen dette flagget på rådhuset si flaggstong ved lokale pride-markeringar.
Regnbogeflagget er ein naturleg del av arbeidet med inkludering og mangfald i alle klassar på alle skular, heiter det i det nye skrivet.
«Skulane i Time heiser derfor regnbogeflagget denne dagen», står det.
Reagerer på byråkrat-vedtak
Dette er ei melding som ikkje fell i god jord hos Knut Undheim. Han er far til ein elev ved Undheim skule og sat i FAU ved skulen til i fjor. Dessutan er han 3. vara for KrF i kommunens utval for levekår.
– Eg stussa over at administrasjonen har lagt opp til endra praksis utan å involvera politikarar og foreldre i prosessen, seier han.
Undheim erkjenner at regnbogeflagget for mange er eit uproblematisk symbol på mangfald og inkludering
– Men for andre symboliserer det seksuell frigjering og pride-rørsla, inkludert Foreningen FRI. Denne foreininga utfordrar etablerte normer og kjønn, familie og seksualitet med ganske hard og kompromisslaus retorikk, meiner Undheim.
– Høyrer det heime i barneskulen? Finst det meir samlande symbol? seier han.
Fekk kasta saka opp til politikarane
Undheim kontakta sin partileiar Anders Undheim, som igjen kontakta ordførar Andreas Vollsund. Nå blir dette ei politisk sak i staden, i neste kommunestyremøte, bekreftar Vollsund.
Pride-markeringar er ikkje i kategorien «offisielle flaggdagar». I det ferskaste flaggreglementet i Time, som kommunestyret vedtok i 2020, står dette:
«For flagging ut over offisielle flaggdagar, er hovudregelen i Time at det berre skal flaggast ved rådhuset.»
– Flaggreglementet vårt er politisk vedtatt. Slikt regelverk skal ikkje endrast før det har vore diskutert politisk. Men det er naturleg at det skjer ein gong i kvar periode, så det kjem nå, seier Vollsund.
Dagens reglement hadde eit stort fleirtal bak seg, ifølge ordføraren. Han var sjølv ein del av det.
– Dette er for meg eit flagg for mangfald og positive verdiar. Me har bestemt å flagga med regnbogeflagget på rådhuset ved lokale pride-arrangement. Viss noko blir endra i neste runde, forheld eg meg til det, seier han.
– Følger faglege råd
Jærbladet har spurt skulesjef Elsa Djuve Jerstad om kva som fekk administrasjonen til å gjera eit slikt vedtak i det som er kjent som ei omstridd sak, utan at den har vore til politisk behandling.
Dette svarar ho ikkje direkte på.
Men i ein e-post peiker ho på at Utdanningsdirektoratet sine faglege råd tilseier at flagging med regnbogeflagg for å markera mangfald, inkludering og retten til å elska kven ein vil, er i tråd med verdigrunnlaget i lovverk og læreplanar.
– Me opplever at det har vore innanfor eksisterande reglement dersom skulane har villa flagga med regnbogeflagget. Dette blir føreslått gjort tydeleg i komande revidering for at det ikkje skal vera tvil, og så vil det vera opp til dei folkevalde å avgjera kva praksis me skal ha i Time, skriv skulesjefen.
– Meir splittande enn samlande
Knut Undheim er glad for at politikarane nå skal diskutera kva plass regnbogeflagget skal ha på flaggstenger i skulegardane i Time.
– Og om dei skulle komma til å stadfesta administrasjonen si linje?
– Me lever i eit demokrati. Då må ein forhalda seg til demokratiske vedtak, seier han.
Samstundes seier Undheim at eit slikt vedtak vil verka meir splittande enn samlande.
– Då vil ein risikera å laga eit skilje der ikkje alle føler seg inkludert – og kanskje oppnå det motsette av det dei ville. Fleire kan komma til å velja friskular.
– Fleire vurderer heimeskule
Stadig fleire vurderer også heimeskule, hevdar Undheim.
– Eg veit at det finst unge folk som diskuterer heimeskule her i bygda.
– Er det eit problem?
– Det er i alle fall ein realitet. Det er sårbart for ein skule som Undheim. Me treng alle elevane me kan få her for å ha ein robust, levedyktig skule som kan appellera til alle som bur her, seier Undheim.
– Derfor bør ein tenka seg nøye om før ein brukar eit symbol som blir assosiert med andre verdiar enn det ein del foreldre kan stå for.
Held fast ved historisk tyding av flagget
For han er flagget òg eit symbol på ei retning i skulen som han ikkje vil vera med på.
– Eg oppfattar innhaldet om kjønn og identitet i læreplanen som lite balansert, seier Undheim.
I fjor var det ingen «På skeivå»-arrangement i Time. Men på Kleppe gjekk folk i tog i Jæren Pride, eit arrangement som var tverrpolitisk og uttrykkeleg utan tilknyting til den politiske organisasjonen FRI.
Time KrF var delt på midten då dei diskuterte om dei skulle ta del i markeringa.
– Dei mange som deltar i pride-opptog, ser regnbogeflagget som eit symbol på inkludering. Korfor let du FRI «eiga» det?
– Det skal vera legitimt og greitt å meina kva ein vil om det. Styresmaktene kan ikkje berre vedta kva folk skal forbinda med pride-flagget. Det blei designa av homorørsla på 1970-talet og har i alle år vore eit symbol for kampen for skeive sine rettar og skeiv ideologi. Det kjem ein ikkje vekk ifrå, seier Undheim.
Rektor støttar regnbogeflagging
Samfunnet blir stadig meir mangfaldig. Homofile og lesbiske må få gjera eigne val og leva frie liv, som alle andre, seier Undheim.
Men viss ein vil verna fellesskulen, trengst «ein viss pragmatisme og kompromissvilje frå alle leirar», meiner han.
– Alle må gi litt og jenka seg så me ikkje støyter kvarandre vekk. Det er legitimt å kjempa for skeive sine rettar. Men viss nokon får så sterkt gjennomslag på vår felles arena, kan andre mista kjensla av å høyra til og dermed trekka seg vekk. Faren er at folk mister tillit til at skulen klarer å opptre nøytralt.
Mens Knut Undheim står med Jærbladet utanfor Undheim skule, kjem rektor køyrande. Gerd Rusdal er kjend med skrivet frå administrasjonen, som ho ser positivt på.
– Temaet har vore diskutert på rektormøte, og rektorane var samde om at regnbogeflagget burde brukast på skulane, seier ho.
– Men eg synest det er svært bra at spørsmålet skal til politisk behandling, legg Rusdal til.