Datasentertomta ovanfor Undheim fotografert 20. april.
Datasentertomta ovanfor Undheim fotografert 20. april. Foto: Snorre Standish Norheim

Det lokalt eigde selskapet som arbeidde fram tomta der datasenteret er under bygging langs Undheimsvegen, vil utvida innover heia.

I samband med rulleringa av kommuneplanen har Weatherlands AS spelt inn ei utviding på 237 dekar. Arealet er noko redusert og tar ikkje med 42 dekar fulldyrka jord, etter eit ønske frå dei folkevalde som held i revisjonen av kommunen.

Fleirtalet i styringsgruppa ville i haust gå vidare med innspelet, som administrasjonen i år har konsekvensutgreidd.

Signalet frå er klart, ifølge møtereferatet frå gjennomgangen av utgreiinga:

«Ønsker å gå videre med kraftintensiv industri på Undheim»

Skyt over jordvernmål

Sjølv om den fulldyrka jorda er tatt ut, inneber forslaget om nytt næringsareal å bygga ned om lag

«Dette utfordrar i stor grad nasjonalt og ikke minst det kommunale jordvernmålet», står det i konsekvensutgreiinga.

Einar Ødegaard Skadberg i planavdelinga har vore med og laga den.

Han seier at det skal utarbeidast eit komplett arealrekneskap seinare i vår, men stadfestar at næringsarealet på Undheim ikkje går overeins med jordvernmålet.

I tillegg til næringsarealet har Weatherland AS spelt inn 151 dekar i nærleiken, til å bygga biogassanlegg på.

– Det passar ikkje inn under det målet. Det er meir enn me la opp til då, og ein går opp i talet på nedbygde dekar (beite og dyrka jord). Dette er ein auke, men akkurat med kor mykje, veit me ikkje ennå.

Allereie tilpassa Kalberg

I 2022 sette Time parentes rundt landbruksjorda som går tapt i den mykje større Kalberg-utbygginga, som er planlagt rundt Kvernaland. Då vedtok kommunen eit .

Time grunngav målet med at tilrettelegginga for kraftkrevjande industri på Kalberg er av regional interesse. Time bad andre kommunar i regionen om å kompensera for at Time bygger ned såpass mykje jordbruksjord.

Utbygginga på Kalberg utgjer åleine meir enn halvparten av det kommunale målet på 45 dekar. Dette målet vart sett før Stortinget gjorde ytterlegare innskjerpingar for å redusera tapet av landbruksjord.

Det romslege jordvernmålet gav ikkje rom ytterlegare utbyggingar, står det i samfunnsdelen til kommuneplanen frå 2022:

«Konsekvensen av jordvernmålet er at behovet for bustader og næringsareal vil vera dekka, men at kommunen må hushaldera enda strengare med dei framtidige areala til utbygging».

Konsekvensutgreiinga vurderer at det er positivt for næringsliv og sysselsetting med aktivitet som genererer arbeidsplassar og økonomisk verksemd av så stor storleik. Samstundes peikar utgreiinga på at ei usentral plassering gjer det vanskeleg å oppnå synergieffektar.
Konsekvensutgreiinga vurderer at det er positivt for næringsliv og sysselsetting med aktivitet som genererer arbeidsplassar og økonomisk verksemd av så stor storleik. Samstundes peikar utgreiinga på at ei usentral plassering gjer det vanskeleg å oppnå synergieffektar. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Anbefaler å stoppa

I den samla vurderinga av det nye næringsarealet skriv administrasjonen at det er store og tydeleg negative konsekvensar som kan vera vanskelege å løysa.

«Innspillet bryter med Time kommune, regionale strategier for fremtidig arealbruk, noe som vanner ut effekten av en helhetlig strategi for plassering av denne typen tiltak ...», skriv administrasjonen under eitt av punkta.

I sum gjer utgreiinga at kommunedirektøren anbefaler å stoppa:

«Noen av disse kan bøtes på via tiltak i reguleringsplanen, men flere kan være vanskelig, om ikke umulig å bøte på. Konsekvensene av innspillet vurderes samlet til å være svært høye og innspillet anbefales ikke innarbeides i planen.»

Ifølge administrasjonen er det stor usikkerheit om verknadene for natur og miljø. Innspelet vil ha store konsekvensar for landskapet, og store delar av det føreslåtte området ligg i eit viktig fugleområde.
Ifølge administrasjonen er det stor usikkerheit om verknadene for natur og miljø. Innspelet vil ha store konsekvensar for landskapet, og store delar av det føreslåtte området ligg i eit viktig fugleområde. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Usentral plassering

Folkehelse og transportbehov, klimagassutslepp og energiløysingar er vurderte som middels negative i utgreiinga. All transport til og frå næringsområdet vil truleg skje med bil.

På den andre sida kan området nytta overskotsvarme frå datasenteret til «fornuftige formål, istenfor å bare kastes bort», står det i konsekvensutgreiinga frå administrasjonen.

I årets kommuneplanrullering vurderer kommunen det som positivt at overskotsvarmen blir utnytta. Ei tilsvarande vurdering vart ikkje gjort då tomta til datasenteret vart regulert.
I årets kommuneplanrullering vurderer kommunen det som positivt at overskotsvarmen blir utnytta. Ei tilsvarande vurdering vart ikkje gjort då tomta til datasenteret vart regulert. Foto: Foto: Skjermdump frå konsekvensutgreiinga frå Time kommune

Ved hjelp av administrasjonen har Jærbladet funne fram konsekvensutgreiinga kommunen laga for den førre kommuneplanrevisjonen, då datasentertomta vart lagt inn.

Kommunedirektøren vurderte i 2019 forslaget som konfliktfylt, «sidan området ligger i LNF-området, ikke ligger særlig sentralt og på betydelig avstand fra Nærbø, Varhaug, Bryne som vil føre med seg bilbasert transport.»

Kommunestyret vurderte saka annleis og sette av arealet i kommuneplanen. I kommuneplanen at arealet skal nyttast av verksemder som har eit særskilt behov for å vera lokalisert nær vindparken, eller nær kraftlinja som skal etablerast.

Trafikale utfordringar er eitt av temaa som ifølge administrasjonen kan vera vanskelege å løysa. Mens konsekvensane på datasentertomta vart vurderte som små i 2019, skriv administrasjonen at det truleg blir «markante mengder» med eit nytt næringsareal.
Trafikale utfordringar er eitt av temaa som ifølge administrasjonen kan vera vanskelege å løysa. Mens konsekvensane på datasentertomta vart vurderte som små i 2019, skriv administrasjonen at det truleg blir «markante mengder» med eit nytt næringsareal. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Ingen arvtakarar for overskotsvarme

Ein overordna kost- og nytteanalyse frå oktober 2025 fortel korleis straumen skal brukast på datasentertomta:

Datasenteret forventes å forbruke 90 MW strøm under kontinuerlig drift, tilsvarende 8 760 timer per år. Den genererte varmen fjernes av vannkjølte vifter i datasenteret, mens det oppvarmede vannet gjennom varmevekslere kjøles i kjøleenheter, som slipper ut varmen til miljøet gjennom tørrkjølere.

Ifølge analysen kan halvparten – 45 MW, eller 394,2 GWh varme per år – i prinsippet brukast som varmekjelde for varmeproduksjon.

394,2 GWh er vanskeleg å forstå, men er meir enn tre gonger så mykje som alle hushalda i Time brukte til saman . Det viser tal henta frå energirekneskapen til NVE.

Datasenteret er venta å bruka 90 megawatt straum under kontinuerleg drift, tilsvarande 8760 timar per år.  Skissa frå oppsummeringsrapporten om overskotsvarme viser ein tredel av datasenteret.
Datasenteret er venta å bruka 90 megawatt straum under kontinuerleg drift, tilsvarande 8760 timar per år. Skissa frå oppsummeringsrapporten om overskotsvarme viser ein tredel av datasenteret. Foto: Foto: Niras

Fornuftig bruk av overskotsvarme frå datasentertomta tel nå positivt i konsekvensutgreiinga av det nye næringsarealet.

Men temaet var ikkje omtalt i konsekvensutgreiinga frå 2019, før datasentertomta vart regulert til næring i kommuneplanen.

I desember 2025 NVE godkjende kost- og nytteanalysen som Green Mountain var plikta til å utarbeida før bygging.

«Datasenteret vil ha en betydelig mengde lav-temperatur overskuddsvarme. Datasenteret er plassert i forholdsvis stor avstand til øvrig bebyggelse og det er i dag ikke avtakere til overskuddsvarmen utover bruk i egne bygg», skriv NVE.

For fjernt for Undheim

Kost- og nytteanalysen er utvida utover minimumsgrensa på to kilometer for å ta med Undheim sentrum.

NVE registrerer at det ikkje er økonomisk lønsamt å bygga fjernvarmeanlegg til offentlege og private bygg på Undheim, og at biogassanlegget som er under vurdering, kan vera ein mogleg arvtakar av overskotsvarme.

Weatherlands AS, som har spelt inn tomta til biogassanlegget, var den einaste konkrete aktøren som tok kontakt då Green Mountain etterlyste interessentar.

Kommunedirektøren anbefaler å innarbeida innspelet i kommuneplanen. Politikarane i Time sa i 2025 ja til det første steget i prosessen, då dei vedtok eit planprogram for biogasstomta.

I tillegg til næringsarealet har Weatherland AS spelt inn eit område på 151 dekar til å bygga biogassanlegg på. «Datasenteret som er under bygging, og innspillet om biogassanlegg i samme område, vil også trolig føre til merkbar trafikkøkning, noe som betyr at det den totale økte belastningen kan bli stor», står det i konsekvensutgreiinga.
I tillegg til næringsarealet har Weatherland AS spelt inn eit område på 151 dekar til å bygga biogassanlegg på. «Datasenteret som er under bygging, og innspillet om biogassanlegg i samme område, vil også trolig føre til merkbar trafikkøkning, noe som betyr at det den totale økte belastningen kan bli stor», står det i konsekvensutgreiinga. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim