Datasentertomta kan bli med utvida med over 200 dekar. Det er meir landbruksareal enn heile Rogaland kan tillata seg å bygga ned i løpet av eitt år. Bildet er tatt i april.
Datasentertomta kan bli med utvida med over 200 dekar. Det er meir landbruksareal enn heile Rogaland kan tillata seg å bygga ned i løpet av eitt år. Bildet er tatt i april. Foto: Snorre Standish Norheim (arkiv)

Weatherlands AS er i gang med å opparbeida 64 dekar langs Undheimsvegen som Green Mountain skal bygga datasenter på.

I april gav kommunen rammeløyve til oppføring av to datahallar med tilhøyrande tekniske bygg og infrastruktur her.

Bygga har eit fotavtrykk på 32.600 kvadratmeter, som dekker halve tomta. Fasaden er nesten 360 meter, viser tekniske teikningar.

Siste vedtak om detaljreguleringsplanen vart gjort i 2023. I føresegnene står dette om hensikta med planen:

«Formålet med reguleringsplanen er å legge til rette for kraftintensiv næringsvirksomhet og næringsvirksomhet som kan utnytte overskuddsvarme fra kraftintensiv næringsvirksomhet.»

Det godkjende rammeløyvet gjer at det ikkje er plass til meir enn datasenter. Derfor jobbar Weatherlands med eit biogassanlegg.

– Anlegget vil utnytte overskuddsvarme fra nærliggende kraftkrevende industri til tørking, fosforfjerning og oppvarming av bioreaktorer. Dette åpner for et sirkulært energisamarbeid der industrien kan bruke biogass til kjøling eller annen energibruk, samtidig som biogassanlegget får tilført varme, skriv Weatherlands.

For å sikra koplinga til datasentertomta, er planområdet for biogassanlegget utvida med ein lang tarm til infrastruktur.

Grunneigar har signalisert at det er uaktuelt med «varmetrasé» over eigedommen hans, som dels er dyrka mark og resten privat veg.

Samanlikning av gammalt (raudt) og nytt planområde.
Samanlikning av gammalt (raudt) og nytt planområde. Foto: Foto: Vial

Arbeider med biogass

Biogassanlegget er føreslått plassert 1,5 kilometer unna datasenteret, på 151 dekar med innmarksbeite og noko fulldyrka jord.

Ifølge saksframlegget til kommunedirektøren, blir anlegget på 15.000 kvadratmeter, med fire eller fem 25 meter høge tankar.

Forslagsstillaren har rekna ut at anlegget vil ha tilgang til 850.000 tonn husdyrgjødsel. For det meste kugjødsel, men òg frå fjørfe.

På starten av året fekk Weatherlands politisk støtte til å starta planarbeidet, via eit innleiande prinsippvedtak i utval for lokal utvikling.

I august kom planane eitt steg vidare. Då vedtok utvalet eit planprogram, som er ei oppskrift på korleis planarbeidet skal gjerast.

Ved å gå vidare med detaljreguleringa nå, skjer planlegging før revideringa av kommuneplanen er ferdigstilt, og før det finst ein overdna plan for etablering av biogassanlegg i regionen.

Det siste har vore eit sentralt poeng for Statsforvaltaren i Rogaland, som har signalisert at dei truleg vil fremja motsegn mot planen på Høg-Jæren.

Anlegget er planlagt for å ta imot 350.000 til 500.000 husdyrgjødsel. Skissa er ein førebels illustrasjonsplan henta frå Planprogram – Biogassanlegg på Undheim.
Anlegget er planlagt for å ta imot 350.000 til 500.000 husdyrgjødsel. Skissa er ein førebels illustrasjonsplan henta frå Planprogram – Biogassanlegg på Undheim. Foto: Foto: Vial

Spørsmål om jordvern

Støtta til planoppstart kom frå eit utval for lokal utvikling som var delt på midten – saka vart avgjort av dobbeltrøysta til utvalsleiaren frå Høgre.

Mindretalet ville venta:

– Omregulering av 150 daga landbruksjord er svært omfattande. Med nye krav til jordvern vil dette ha stor påverknad og binda opp disponering av landbruksjord når arealdelen av kommuneplanen skal rullerast. Rullering av arealplanen vil også kunna ta stilling til om det er ander meir eigna stader til etablering av eit biogassanlegg i kommunen, stod det i grunngjevinga.

I saksframlegget i august minte kommunedirektøren om jordvernmålet Time sjølv har sett seg, i samfunnsdelen til kommuneplanen.

Målet er at Time ikkje skal disponera om meir enn 40 dekar dyrka mark i året, for å redusera nedbygginga av jordbruksjord.

Det var diskusjon då målet vart sett fordi det ikkje tok innover seg at Stortinget nyleg hadde skjerpa det nasjonale jordvernmålet.

Kommunen sitt jordvernmål tok utgangspunkt i det gamle, på 4000 dekar, mens regjeringa hadde signalisert at ho ville redusera det ytterlegare, frå 3000 til 2000 dekar.

Nå er det 2000 som gjeld, har Stortinget bestemt. For heile Rogaland inneber det at maks 200 dekar kan disponerast om på eitt år.

– Det vil utfordra jordvernmålet å regulera 150 dekar innmarksbeite til næring, har Statsforvaltaren innvendt på Høg-Jæren.

Også Rogaland fylkeskommune har meint at «tiltaket umiddelbart framstår som konfliktfylt i forhold til vedtatt jordvernmål».

Tomt aktuell for biogassanlegg ovanfor Undheim.
Tomt aktuell for biogassanlegg ovanfor Undheim. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Ber om utviding

Datasentertomta ligg delvis i eit område kalla NU1 i gjeldande kommuneplan, som i føresegnene er regulert slik:

«Innanfor området NU1 tillatast det berre verksemder som har eit særskilt behov for å vera lokalisert nær vindparken eller nær kraftlinja som skal etablerast ...»

I samband med revideringa av arealdelen til kommuneplanen har Weatherlands bede om å få utvida næringsområdet ytterlegare.

Dei føreslår at eit tilgrensande areal på om lag 279 dekar blir disponert til kraftintensiv næring og tilhøyrande verksemd.

– Weatherlands AS mener at dette arealet egner seg godt for utvidelse av det eksisterende næringsområdet for kraftintensiv virksomhet, og at tiltaket vil være i tråd med både kommunale og regionale utviklingsstrategier for grønn industri og bærekraftig næringsutvikling.

I den gjeldande arealdelen er arealet regulert til LNF og til dels vindkraft. Arealet ligg i ei helling og er vendt mot nordaust, og består i hovudsak av udyrka mark, ifølge innspelet frå Weatherlands.

Noko er fulldyrka og skal ikkje disponiserast om, men kan vera aktuelt for å laga betre produksjonsareal eller eventuelt drivhus.

Organisasjonen Vern Kvernaland har etterlyst eit tydelegare arealrekneskap i kommunen, spesielt for biogassanlegg og utbygging på Undheim.

Kommunedirektøren har tatt innspelet til orientering og svart at rekneskapen skal utarbeidast i prosessen med kommuneplanen.

Politisk velvilje

Den politiske styringsgruppa består av alle medlemmane i formannskapet og skal ta endelege avgjerder for prioriteringar av jordvern, står det i ei vurdering av innkomne merknader til kommuneplanarbeidet.

Planavdelinga har også kome med ei tilbakemelding på forslaget frå Weatherlands, ut frå drøftingar i styringsgruppa.

Ifølge rådgjevar Einar Ødegaard Skadberg i planavdelinga, er fleirtalet i gruppa positive til innspelet om biogassanlegg og til delar av forslaget om å utvida datasentertomta.

Forslaget påverkar – direkte eller indirekte – landbruksproduksjonen på to jorde, på 77 og åtte dekar. Ut frå innspel frå styringsgruppa ønsker planavdelinga at desse blir tatt omsyn til:

«Det er høyt politisk press både lokalt og fra overordnede myndigheter om å ikke omdisponere mer fulldyrket jord enn nødvendig. Vi ønsker derfor at områdene med fulldyrket jord blir liggende inne i kommuneplanen som LNF, og at vi går videre med et justert område der resterende del av innspillet tas som utgangspunkt.»

– Dette høyrest greitt ut, har Preben Undheim i Weatherlands svart i ein e-post.

Bedrifta P. Undheim er eigd av same familie som eig Weatherlands. Dei ønsker å regulera om ein landbrukseigedom ved Undheim sentrum slik at bedrifta kan bli verande permanent i lokala sine.

Også dette forslaget ønsker styringsgruppa å ta til følge.