Sivdamheimen til høgre skal utvidast. Håpet er at Sivdamsenteret, i midten, kan tilpassast ny bruk.
Sivdamheimen til høgre skal utvidast. Håpet er at Sivdamsenteret, i midten, kan tilpassast ny bruk. Foto: Snorre Standish Norheim

Framover er det dei eldste aldersgruppene som vil veksa mest i Time, og ein del kjem til å trenga meir hjelp enn dei kan få heime.

Om ti år er det venta at kommunen har 50 prosent fleire innbyggarar over 67 år, og 100 prosent fleire over 80 enn i dag.

Time har sagt at dei må ha plass til 18 prosent av innbyggarane over 80 på institusjon eller i heildøgnsbemanna omsorgsbustad.

I 2025 er den samla dekningsgraden 17,6 prosent, som berre betyr éin ting:

At Time må gjera seg klare til å bygga ut.

Byggestart for 27 nye omsorgsbustader på Kvernaland er venta til våren, i eit 160 millionars-prosjekt.

To konsulentfirma er henta inn for kartlegga situasjonen og avklara behovet for sjukeheimsplassar.

Grundig rapport

Saman med ei prosjektgruppe med folk frå kommunen har Asplan Viak og Halogen levert ein rapport med klare anbefalingar.

I dag har kommunen 20 korttidsplassar og 80 langtidsplassar fordelte på to sjukeheimar, Sivdamheimen og Bryneheimen.

Med tilpassingar begge stader er det råd å utvida den samla kapasiteten med sju plassar, men etter dette må det takast større grep.

Ein grundig rapport som var klar før sommaren, anbefaler kommunen å bygga ut ytterlegare 70 sjukeheimsplassar dei neste ti åra.

I forslaget til økonomiplan frå kommunedirektøren er den samla prosjektramma for kapasitetsutvidinga på heile 550 millionar kroner.

Byggestarten blir tidlegast i 2028, og med bakgrunn i den grundige rapporten, er det ingenting tvil om kor sjukeheimsutvidinga kjem.

Bryneheimen er den største av sjukeheimane i Time. Her er det avgrensa plass til å utvida meir.
Bryneheimen er den største av sjukeheimane i Time. Her er det avgrensa plass til å utvida meir. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Ingen tredje sjukeheim

Onsdag behandla utval for levekår «Fremtidens helse og velferd, grunnlag for utvikling av 70 nye institusjonsplasser».

– Heldigvis er det berre lokasjon me skal ta stilling til nå, for dette det er jo kjempesvært. Resten skal me ta seinare, sa utvalsleiar Bjørghild Underhaug (KrF).

Rapporten er klar på utbygginga bør skje som ei utviding av Sivdamheimen, heller enn som ein ny, tredje sjukeheim.

Potensialet for stordriftsfordelar er éi av forklaringane på at utvidinga er anbefalt lagt hit, framfor ved Bryneheimen.

– Eg synest ikkje det er vanskeleg å vera samd i at Sivdammen-området er den beste lokasjonen. For meg var det sjølvsagt då eg såg lista med argument for og imot, sa Underhaug i møtet på onsdag.

Saka skal vidare til utval for lokal utvikling og kommunestyret, men det er ikkje knytt spenning til plasseringa.

Under ein kafédialog på seinsommaren gav Time-politikarane tilslutnad til anbefalinga om å bygga ut ved Sivdammen.

Utvidinga kjem i tillegg til dagens sjukeheimar, som blir vidareførte. Det har ikkje vore aktuelt å samla alt på éin stad.

– Dette er noko heile kommunen treng og har stort behov for. At de tar med oss politikarar og lyttar til oss, at me får vera med i planlegginga, er kjempeviktig, sa Ranveig Undheim (Sp). Ho kjende att vurderingane politikarane kom med i kafédialogen, i saksframlegget frå kommunedirektøren.
– Dette er noko heile kommunen treng og har stort behov for. At de tar med oss politikarar og lyttar til oss, at me får vera med i planlegginga, er kjempeviktig, sa Ranveig Undheim (Sp). Ho kjende att vurderingane politikarane kom med i kafédialogen, i saksframlegget frå kommunedirektøren. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Ideell plassering

Ein stadsanalyse viser at Sivdamheimen ligg nærmare sentrum og har betre kollektivdekning og parkeringsmoglegheiter.

Bryneheimen ligg i eit bustadområde og utnyttar den 14 dekar store tomta godt, men det er avgrensa med plass til å utvida.

Ved Sivdamheimen er det plass til bygga på grønt- eller parkeringsareal, eventuelt kan eksisterande bygg transformerast eller rivast.

Med unntak av flaumfare, som kan gjera det vanskeleg å bygga kjellar, fann prosjektgruppa få argument mot å legga sjukeheimen hit.

Tomta på 25 dekar ligg tett på unike naturkvalitetar i byparken Sandtangen og fugle- og landskapsvernområdet Sivdammen.

Svein Bø (H) såg at det er eit stort behov for sjukeheimsplassar det komande tiåret. – Det er viktig at det er fokus på gode løysingar og tenker lurt. Me treng ikkje riva så veldig mykje av det som er, sa han.
Svein Bø (H) såg at det er eit stort behov for sjukeheimsplassar det komande tiåret. – Det er viktig at det er fokus på gode løysingar og tenker lurt. Me treng ikkje riva så veldig mykje av det som er, sa han. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Samlar brukargrupper

Kommunedirektøren ønsker at det første byggetrinnet inneheld opptil 40 til 50 sjukeheimsplassar, med første innflytting i 2030.

Rapporten legg opp til 30 nye plassar i 2029, og 40 nye i 2035. Samstundes peikar han på fordelar med å bygga mykje på éin gong.

Då blir byggeperioden kortare, totalkostnaden lågare og belastninga redusert for dei skal bu og yta tenester under bygginga.

Eventuelle overskotsplassar kan stå tomme eller leigast ut til nabokommunar; det er ikkje tvil om at det vil bli bruk for dei etter kvart.

70 sjukeheimsplassar krev eit bruttoareal på 8500 kvadratmeter for å dekka krava i lovverket, i tillegg kjem ein anbefalt «servicedel».

Det er laga eit prinsipielt utgangspunkt for
organisering og storleik på bugrupper, som danner
grunnlag for rom- og funksjonsprogrammet: «Den valgte løsningen kombinerer demensvennlig
arkitektur med driftseffektiv organisering, og legger til
rette for tverrfaglig samarbeid, fleksibel ressursbruk og god oversikt i daglig drift. Det legges opp til en struktur med 10 beboerrom per bogruppe, med mulighet for å skjerme mindre enheter ved behov.»
Det er laga eit prinsipielt utgangspunkt for organisering og storleik på bugrupper, som danner grunnlag for rom- og funksjonsprogrammet: «Den valgte løsningen kombinerer demensvennlig arkitektur med driftseffektiv organisering, og legger til rette for tverrfaglig samarbeid, fleksibel ressursbruk og god oversikt i daglig drift. Det legges opp til en struktur med 10 beboerrom per bogruppe, med mulighet for å skjerme mindre enheter ved behov.» Foto: Foto: Asplan Viak

«Servicedelen» er på om lag 400 kvadratmeter og inneheld frivillige tilleggsfunksjonar som er gunstige for demente bebuarar.

Det er denne veksande gruppa som har størst bruk for tilpassa bygningar. Anbefalinga er å samla alle demensplassane i eit nybygg.

Langtidsplassar blir anbefalt samla i Bryneheimen, slik at Sivdamheimen utelukkande blir brukt til korttidsopphald og rehabilitering.

Avdeling nord på Bryneheimen har åtte plassar for personar med demens. I haust fekk dei tilsette pris for sitt arbeid.
Avdeling nord på Bryneheimen har åtte plassar for personar med demens. I haust fekk dei tilsette pris for sitt arbeid. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Forslag om å riva senter

Neste steg er ei grundigare utgreiing av tomta på Sivdamheimen, men allereie nå har konsulentane skissert eitt mogleg scenario.

For å sikra gode synergiar mellom nytt og gammalt bygg, er eit nybygg på tre etasjar føreslått nøyaktig der Sivdamsenteret er i dag.

Bygg- og tomteutgreiinga skal gjerast i 2026, og skal undersøka grunnforhold og kva som kan brukast vidare av bygningsmasse.

Det er ønskeleg med kjellar slik at den attraktive, lett tilgjengelege første etasjen kan brukast til anna enn lager og tekniske rom.

Både økonomisk, visuelt og praktisk kan det vera ønskeleg å bygga fire etasjar. Den gjeldande reguleringsplanen må uansett endrast.

Ein litt overraska Kjetil Hustoft (KrF) kommenterte skissa som avsluttar rapporten. Der er det ingen fysisk kopling mellom bygga.

– Her er det to bygningsmassar med parkeringsplass imellom. Med tanke på beredskap og andre praktiske ting, burde bygga heller henga saman. Det må de som skal jobba vidare med denne prosessen sjå på, men det var i alle fall ein tanke som slo meg.

Eit hovudpoeng i rapporten er å samla tenester og funksjonar og det er derfor Sivdamsenteret er føreslått rive. Av same grunnen er det overraskande at skisseforslaget ikkje koplar bygningane saman.
Eit hovudpoeng i rapporten er å samla tenester og funksjonar og det er derfor Sivdamsenteret er føreslått rive. Av same grunnen er det overraskande at skisseforslaget ikkje koplar bygningane saman. Foto: Foto: Asplan Viak

– Nøkternt og kostnadseffektivt

Utvalsleiar Ranveig Underhaug delte ønsket om kompakt og effektivt bygg, der senga eller rullestolen kan trillast gjennom tørrskodd heile bygget – sjølv om alle slike detaljar ligg langt fram.

Underhaug kommenterte også tankar frå Svein Bø (H), og andre, som håper at meste bygningsmassen kan brukast vidare.

– Me er ennå i ein tidleg fase, men eg vil minna om verbalpunktet som me fekk fleirtal for i førre Timeplan (handlings- og økonomiplan), om at me skal bygga nøkternt og kostnadseffektivt, sa ho.

Eit mogleg scenario viser korleis Sivdamheimen kan byggast på i to byggetrinn. Kor mykje av Sivdamsenteret som bør behaldast, skal avklarast i 2026.
Eit mogleg scenario viser korleis Sivdamheimen kan byggast på i to byggetrinn. Kor mykje av Sivdamsenteret som bør behaldast, skal avklarast i 2026. Foto: Foto: Asplan Viak