Dagens biskop i Stavanger bispedømme, Anne Lise Ådnøy, skal pensjonera seg til våren. I samband med dette, har bispedømmet fått innspel om 61 moglege kandidatar til å overta.
Ein av desse er Lars Sigurd Tjelle. Han har tidlegare vore sokneprest på Nærbø, men er nå prost på Jæren, eit av dei ni prostia i Stavanger bispedømme.
Av Stavanger Aftenblad har Tjelle tidlegare vore omtalt som ein mogleg «joker» i valet av ny biskop.
– Krevjande
Til Jærbladet seier Tjelle at det er hyggeleg å verta tenkt på.
– Men det er ein veldig krevjande jobb. Eg er ikkje sikker på om eg er rette personen til rolla, seier han.
Tjelle seier det er stort fokus på biskopane, som ofte vert spurd om sine meiningar om både det eine og det andre. I tillegg er det mange som ser til biskopen for leiing i kyrkja.
– Det er sånn det skal vera, men samtidig er det ganske krevjande, sjølv om du har gode personar rundt deg, meiner Tjelle.
Han legg til at han har det veldig godt i den jobben han har nå.
– Kva slags biskop er det bispedømmet treng?
– Me treng ein som er glad i kyrkja og glad i folk og – ikkje minst – glad i Jesus.
Entusiasme
Det er kriterium som famnar nokså vidt. På oppmoding frå Jærbladet legg Tjelle til eit par kriterium:
– Me treng ein person som er lett å følga, ein som tar leiinga og peiker retning vidare, som greier å inspirera og stå trygt når det blåser på toppane. Biskopen må kunne skapa entusiasme og glede over kyrkja, seier han.
Tjelle meiner det trengst entusiasme for å kunne ta kyrkja vidare.
– Me må sørga for at det breie laget av folket føler at kyrkja er noko for dei, uansett om dei er medlem eller ikkje, at kyrkja kan vera ei kraft og eit element i samfunnet som gjer at folk kjenner at her er det nokon som gjer noko bra – her er det nokon som vil oss vel, seier han.
– Ofte vert kandidatar til biskopjobben delt inn i kategoriane liberal og konservativ. Korleis passar ei slik inndeling med dei problemstillingane du er inne på her?
– Eg er ikkje så veldig opptatt av eller glad i dei merkelappane. Dei seier kanskje noko om ein eller to spesielle saker, men kyrkja vår rommar så mykje meir, og er så pass brei at om du er konservativ eller liberal i nokre spesifikke spørsmål, ikkje har så mykje å seia. Det har meir å seia at du er engasjert og entusiastisk i forhold til Jesus – rett og slett.
– Feil om kyrkja stiller seg utanfor
Tjelle meiner at viktigare enn kva ein kandidat meiner i det eine eller det andre spørsmålet, er at kandidaten evnar å « ... bringa kyrkja nærare samfunnet».
Ifølge prosten har kyrkja både rett og plikt til å vera ein stemme i samfunnet rundt seg. Han tar atterhald om at ein skal vera forsiktig med å blanda politikk og religion.
– Men politikk handlar ikkje berre om økonomi, men òg etiske og moralske val. Då ville det vore heilt feil om kyrkja skulle tida heilt stilt når det gjeld ting som gjeld oss alle, anten det er miljø, fattigdom, menneskeverd eller andre ting, seier Tjelle.
Ut over det, meiner han det er viktig at kyrkja er til stades for dei som treng ein stad å vera.
– Eg seier ikkje at kyrkja kan hjelpa alle menneske med alt, men at ho er ein stad der folk kan få trøyst og fotfeste i ei tid der dei kanskje føler at noko i livet har gått i sund – at kyrkja er eit godt rom å komma til. Og det må ein ny biskop kunne bidra til, seier han.
Lang prosess
Vegen fram til vigslinga av ein ny biskop neste haust, er lang.
Nå har bispedømmerådet offentleggjort dei 61 moglege kandidatane dei har fått innspel om. Rådet kan òg komma med eigne forslag ut over desse.
Innan 8. mars skal bispedømmerådet presentera fem moglege kandidatar dei meiner er eigna. Etter dette vert det opna for supplerande innspel.
Til våren vert det rådgjevande avstemming i kyrkjelege organ og blant vigsla tilsette. Her skal det plukkast ut tre kandidatar.
Biskopane og bispedømmerådet får òg høve til å uttala seg om kva for tre kandidatar dei meiner er best eigna.
Til slutt vert det kyrkjerådet som, i løpet av helga 21. til 22. mai, tilset ein av dei tre kandidatane som fekk flest stemmer.
Tjelle medgjev at om det skulle komma ein førespurnad frå bispedømmerådet, må han tenka seg om ein gong til.
– Men inntil vidare held eg fast på at eg neppe er rett kandidat.
Tjelle er ikkje den einaste kandidaten med tilknyting til Jæren som har vorte spelt inn som mogleg kandidat.
Morgan Fjelde, sokneprest i Frøyland og Orstad kyrkje, og Vidar Søyland Pettersen, sokneprest i Nærbø står òg på lista som bispedømmerådet presenterte fredag 2. januar.