Sundag lukkar økonomisjef Sami Munawar formelt rekneskapen for 2025, som markerer at kommunen har gjennomført ein solid snuoperasjon.
Torsdag formiddag deler han og kommunedirektør Trygve Apeland ei pressemelding der den store nyheita er eit overskot på 107 millionar kroner. Året før gjekk Time kommune så vidt i null.
Hovudtrekka for 2025 er allereie delte med gruppeleiarane i dei politiske partia og med leiarane i administrasjonen. Dei fekk veta at netto driftsresultat vart på solide 4,9 prosent.
– Me har arbeidd målretta over tid for å styrka økonomien vår, og årets resultat viser at me er på rett veg. At me klarer å løfta netto driftsresultatet frå fjorårets 0,1 prosent betyr at god økonomistyring og tett oppfølging i omstillingsarbeidet gjev effekt, uttaler Munawar i pressemeldinga.
Omvendt frå i 2024
Han forklarer resultatet med mindreforbruk i tenesteområda og høgare skatteinntekter samanlikna med året før. Det er òg auka inntekter innanfor vatn, avløp og renovasjon, som vil gå til å dekka tidlegare underskot i desse tenestene.
Situasjonen er dermed snudd opp–ned frå i 2024, då tenesteområda brukte meir enn budsjettert samstundes som at kommunen opplevde svikt i skatteinntektene.
I april varsla kommunedirektøren behov for omstilling for å redusera pengebruken. Få månader seinare kom dobbeltsmellen.
– Eg meiner me sat her våren på våren og sa at me hadde kontroll på inntektssida. Rett over sommaren fekk me skattesvikten på minus 30 millionar, som gjorde at heile resultatet vart barbert. Nå har me i staden fått meirinntekter på nesten 20 millionar, seier Munawar til Jærbladet.
Mindreforbruk i alle tenesteområda
For første gong på fleire år har Time mindreforbruk i alle tenesteområda, til saman 12 millionar kroner:
- Stabstenester – kr 5,3 mill.
- Oppvekst – kr 3 mill.
- Helse og velferd – kr 3,4 mill.
- Samfunn og kultur – kr 50.000
Til samanlikning hadde kommunen i 2024 eit meirforbruk på 26 millionar kroner.
– Dette resultatet er svært positivt for kommunen. Etter fleire år med meirforbruk i perioden 2021 til 2024 viser 2025 at heile organisasjonen har klart å snu utviklinga. Det krev både god økonomistyring frå leiarane våre og stor innsats frå dei tilsette. Me har òg klart å tilpassa tenestetilbodet vårt til dei som treng det mest. Eg vil gje stor honnør til alle dei tilsette, uttaler kommunedirektør Trygve Apeland i pressemeldinga.
Effekt av omstillingsprogram
Omstillingstiltaka som vart sette i gang i 2024 hadde allereie då dokumentert effekt, og utviklinga heldt fram gjennom 2025.
Kommunedirektøren uttaler at han er nøgd med utviklinga:
– Tiltaka me innførte i 2024 har halde fram med å gje resultat. Me var på veg mot eit meirforbruk på om lag 50 millionar kroner i 2024, men det talet var halvert ved slutten av året. At me nå får mindreforbruk i 2025 viser at grepa me har teke har hatt god effekt.
– Me har framleis noko arbeid igjen for å bygga ein berekraftig økonomi , men 2025-resultatet viser at me har god kontroll. Det gjev oss eit godt grunnlag for å handtera uføresette svingingar og nødvendige investeringar framover, legg økonomisjefen til.
Investerer 200 millionar i år
Kommunen har halde oppe eit investeringsnivå på 200 millionar kroner i 2025, med investeringar innan helse og velferd og VA-anlegg på høvesvis 100 og 60 millionar kroner.
– Sjølv om me har vore nøydde til å stramma kraftig inn på drifta, må me framleis investera i nødvendige prosjekt innan helse og velferd og VA (vatn og avløp) etter tydelege prioriteringar. Det handlar om å sikra kvaliteten på tenestene våre, seier Apeland i pressemeldinga.
Dei to siste åra har kommunen måtta nytta om lag 40 millionar kroner av oppsparte pengar for å gjera opp ein rekneskap i balanse. Dette gjorde ei styrking av driftsresultatet i 2025 heilt nødvendig, meiner kommunedirektøren.
Han understrekar at dette òg blir viktig i åra som kjem:
– 2025-resultatet viser at Time kommune er på rett veg. Arbeidet med prosjektet «Berekraftige tenester 2040» held fram i 2026 i tråd med vedteken handlings- og økonomiplan 2026-2029, uttaler han i pressemeldinga.
Omstillinga held fram
– Gjer de nokre endringar i opplegget for 2026 som følge av det gode resultatet i 2025?
– Nei, me held på den omstillingsplanen som er vedtatt. Me har eit budsjett å følga for 2026 og det er framleis behov for omstilling for å kunna vera ein berekraftig kommune, med tanke på demografiutviklinga og særleg auken i eldre. Det endrar ikkje noko på omstillingstakten, gjentar han overfor Jærbladet.
Budsjettet vart vedtatt i desember med røystene frå seks av åtte parti i kommunestyret, som har 22 av 27 representantar.
Mindretalet frå Ap og SV meinte kutta var for omfattande og tok til orde for å greia ut eigedomsskatt for å utvida inntektsgrunnlaget.
Lyden frå tillitsvalde som møter i administrasjonsutvalet, har vore at dei tilsette har kjent seg inkluderte i omstillingsprosessane, samstundes som det har vore krevjande å ta reelle kutt.
Med 107 millionar i pluss er det naturleg å spørja kommunedirektøren:
– Har de tatt for hardt i?
– Nei, eg meiner at me ikkje har tatt for hardt i. Eg trur det er viktig å sjå at ein stor del av dette er pengar som me ikkje kan rekna med kjem vidare, svarer Apeland.
– Jo, me er veldig fornøgde med eit så bra resultat, men det er ikkje sånn at pengane gjer at me kan setta veldig mykje romslegare budsjett for dei komande åra.