Astrid Karin Skibstad er reinhaldsoperatør i Hå kommune. Her er ho i sving i musikkrommet på Varhaug ungdomsskule.
Astrid Karin Skibstad er reinhaldsoperatør i Hå kommune. Her er ho i sving i musikkrommet på Varhaug ungdomsskule. Foto: Håvard Ovesen

– Eg liker godt å vaska. Du kjem i kontakt med mykje folk. Det er kjekt. I tillegg er det godt å bevega kroppen. Det vert ei lita styrketrening. Og så slepp du å ta med deg arbeidet heim.

Det seier Astrid Karin Skibstad. Ho har vore reinhaldar og reinhaldsoperatør i Hå kommune i rundt 20 år.

Men om yrket er gildt, kan det òg vera hardt på kroppen. Tal frå Statens arbeidsmiljøinstitutt tyder på at reinhaldarar oftare er vekke frå arbeid på grunn av helseplager dei har fått gjennom jobben, enn det som er tilfellet i andre bransjar.

Ifølge Arbeidsmiljøportalen har bransjen særlege utfordringar knytt til gjentakande rørsler og vanskelege arbeidsstillingar, og arbeid med sterke kjemikaliar. Nærare ein av fem reinhaldarar rapporterer òg at dei opplever å ha lite leiarstøtte.

Ein av fem var vekke frå jobb

Fire år har gått sidan Jærbladet rapporterte om eit urovekkande høgt sjukefråvær blant dei kommunalt tilsette reinhaldarane i Hå. På eitt tidspunkt var det oppe i heile 24,8 prosent.

Eit så høgt fråvær er ikkje berre eit problem for dei som er sjuke, men fører òg til auka arbeidspress på dei som er igjen på jobb. Det auka presset kan føra til at fråværet veks ytterlegare.

For å få bukt med problemet, sette kommunen i gang eit større arbeid i lag med tillitsvalde, verneombod, leiaren for reinhaldsavdelinga, personalavdelinga, NAV og NAV arbeidslivssenter.

Dei såg på alt frå psykososialt arbeidsmiljø til ergonomi. Målet for det såkalla nærværsprosjektet var å få sjukefråværet i avdelinga ned under ti prosent.

Halvanna år seinare kunne Jærbladet rapportera at talet var gått ned: I 2022 var det samla sjukefråværet på 17,3 prosent, ned frå 19,4 prosent året før, men framleis godt over målet om mindre enn ti prosent fråvær.

I 2023 var det samla sjukefråværet i avdelinga på 17,7 prosent. I 2024 var talet komme ned på 16.

Skibstad begynte som reinhaldar, men tok seinare fagbrev og vart reinhaldsoperatør. Yrket er kjend for å vera tungt, men Skibstad ser positivt på det. – Det er godt å bevega kroppen, seier ho.
Skibstad begynte som reinhaldar, men tok seinare fagbrev og vart reinhaldsoperatør. Yrket er kjend for å vera tungt, men Skibstad ser positivt på det. – Det er godt å bevega kroppen, seier ho. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Sette inn tiltak

Katarzyna Marciniuk er leiar for reinhaldsavdelinga i Hå kommune. Ho fortel at det høge fråværet lenge har vore ei utfordring.

– Eg begynte i 2019, og allereie då var det høgt, seier ho.

Ei nøyaktig forklaring på kvifor fråværet var så høgt, synest ho det er vanskeleg å komma med.

– Men det var mange som var sjukmelde, stort sett med muskel- og skjelettplager. Det er jo ein hard jobb, seier Marciniuk.

Nærværsprosjektet følgde to spor:

  • Individuelle samtalar med tilsette som hadde hatt høgt sjukefråvær dei siste åra.
  • Kartlegging av arbeidsmiljøet i avdelinga.

Basert på dette sette dei inn fleire tiltak. Blant anna innførte dei fleire nye møtetidspunkt for avdelinga. Dei gav og dei sjukmelde tettare oppfølging.

– Det handla mykje om korleis me som arbeidsgjevar kunne hjelpa og legga til rette, seier Marciniuk.

Nye klutar

Samarbeidet med bedriftshelsetenesta har vore tett. Særleg har dei sett på ergonomi.

– Me har hatt mange arbeidsplassvurderingar med dei enkelte tilsette, der ein fysioterapeut har komme inn og følgt dei på jobb, for å sjå kva råd me kunne gje dei om korleis dei kunne gjera jobben lettare.

Avdelinga har fått nye og betre maskinar, og dei har bytta alt frå klutar og moppar til reingjeringsvogner for å gjera kvardagen enklare.

– Me har til og med bytta avfallsbøttene. Nå har me sånne som er hengt opp på veggen. Då treng ikkje reinhaldarane bøya seg så mykje. Det er sånne små ting som betyr mykje i kvardagen, seier Marciniuk.

Ho slår fast at tiltaka har fungert.

Tala for i år er naturleg nok ikkje klare ennå, men førebels ligg avdelinga an til eit sjukefråvær på 8,34 prosent.

I juli, august og september i år var prosenten faktisk endå lågare: 5,5 prosent – lågare enn kommunen sitt samla sjukefråvær, på 6,2 prosent.

Ros frå fagforeininga

Marie Aniksdal er hovudtillitsvald for Fagforbundet. Ho seier kommuneleiinga har jobba godt for å få ned sjukefråværet i reinhaldsavdelinga.
Marie Aniksdal er hovudtillitsvald for Fagforbundet. Ho seier kommuneleiinga har jobba godt for å få ned sjukefråværet i reinhaldsavdelinga. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Marie Aniksdal er hovudtillitsvald frå Fagforbundet. Ho seier kommuneleiinga fortener skryt for arbeidet dei har lagt ned.

– Før eg vart hovudtillitsvald var eg hovudverneombod. Når arbeidsgjevar har jobba med risikovurderingar, arbeidsmiljøvurderingar og ergonomi, har eg vore med og jobba mykje med det. Eg opplever at dei ønsker å laga eit godt arbeidsmiljø og gode vilkår for reinhaldarane, seier ho.

Aniksdal lurer likevel på kor mange av dei med høgt sjukefråvær kommunen har klart å halda i jobb, og kor mange av dei som eventuelt hamnar utanfor arbeidslivet gjennom «avklaring», til dømes med arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd.

– Eg veit det har vore jobba godt med mange, men me etterspør ein oversikt, seier ho.

Marciniuk har ikkje konkrete tal, men seier til Jærbladet at delen av dei som har komme tilbake i arbeid er «faktisk ganske stor».

– Sjølv om nokon har komme tilbake i redusert stilling, eller fått varig tilrettelegging. Men naturlegvis, når det handlar om oppfølging av sjukefråvær, vil det òg vera dei som har helseutfordringar som gjer at dei ikkje kjem tilbake, seier ho.

– Alt hjelper på

Skibstad trur det går an å knyta det høge sjukefråværet som lenge prega avdelinga, til arbeidspress.

– Det har vore mykje å gjera. Nå har me fått meir maskinar. Dei hjelper i kvardagen. Mikromoppar, til dømes, er betre enn bomullsmoppar. Og nå slepp me å dra på heile bosset. Nå tar me berre restavfallet. Tidlegare tok me papp og mat òg. Alt hjelper på, seier ho.

Skibstad trivst på jobb, og kjem ofte i drøs med elevar og tilsette ved Varhaug ungdomsskule. Humørspredaren legg lista lågt for å julepynta seg når ho skal på jobb.
Skibstad trivst på jobb, og kjem ofte i drøs med elevar og tilsette ved Varhaug ungdomsskule. Humørspredaren legg lista lågt for å julepynta seg når ho skal på jobb. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Ifølge Skibstad er det mindre bruk av sterke kjemikaliar enn før.

Ho nemner, som Marciniuk, fokuset på ergonomi.

– Me har fått fleire kurs i det. Men kursa gjer òg at me har vorte betre kjende med kvarandre. Det gjer at folk vil gå på arbeid. Det har noko med trivnaden å gjera.

– Har de tid til det, då? Inntrykket er jo at reinhaldarar må springa frå plass til plass?

– Nå hadde me personalkurs i går. Det er ikkje alltid dei er obligatoriske, men det er mange som kjem uansett. Det er bra. Og så får me ti minutts pause i mellom, som gjer at me kan drøsa med kvarandre. Me har òg hatt sosiale samankomstar på kveldstid. Det trur eg kan vera viktig.

Skibstad har sjølv vore ein del av fråværsstatistikken. Ho fekk kreft, og vart sjukmeldt i eit år.

– Nå er eg på veg opp igjen, seier ho.

Den røynde reinhaldsoperatøren legg ikkje skjul på at det kostar å gå gjennom ein sjukdom som kreft.

– Men eg føler eg vert møtt med forståing for kva eg har gått gjennom. Kommunen legg forholda til rette, det må eg seia, seier Skibstad, som nyleg gjekk opp til full stilling.

Trivst på jobb

Ho har ansvar for reinhald i avlastingsbustaden på Skjeraberget på Nærbø og på ungdomsskulen på Varhaug.

Skjeraberget er eit nytt bygg, og golvet der er lettare å halda reint. Skibstad sitt hjarte bankar likevel ekstra varmt for jobben på ungdomsskulen.

– Det er gildt å treffa ungar og ungdommar. Eg liker å drøsa litt med dei når dei har friminutt, seier ho.

Totalt jobbar det 48 personar i reinhaldsavdelinga. Saman har dei ansvaret for 80.000 kvadratmeter, fordelt på ein plass mellom 50 og 60 kommunale bygg.

Då administrasjonsutvalet nyleg diskuterte sjukefråværet i kommunen, sa kommunedirektør Anne Berit Berge Ims at ho trudde dei gledelege tala i reinhaldsavdelinga var eit resultat av at dei har vorte prioritert og verkeleg sett.

– Me håpar dette ikkje berre er for ein kort periode. Me håpar dette skal vara over lengre tid. Om ikkje reinhaldarane får gjort jobben sin, stoppar alle dei andre sin jobb òg, sa kommunedirektøren.

Ingen sjuke på reinhaldarane sin dag

Skibstad har i alle fall trua på at sjukefråværet vil halda seg på same låge nivå framover.

– Eg er ein ganske positiv person. Eg føler det har vore gode endringar, så eg satsar på det, seier ho.

Marie Aniksdal frå Fagforbundet håpar arbeidet som har vorte lagt ned vil fortsetta å bera frukter.

– Det ville vore gildt, meiner ho.

Marciniuk seier dei jobbar vidare for å halda talet nede.

– Me håpar det vil halda fram på same måten, men me kjem ikkje til å sleppa taket i dette. Me treng alle hender. Dei som er på jobb er viktige. Då må me som arbeidsgjevar gjera det me kan, seier ho.

Jærbladet snakkar med Marciniuk den første mandagen i desember, ein dag som i fleire år har vore markert som reinhaldarens dag i Noreg. I høve dagen kan Maricniuk komma med ei lita gladnyheit:

– Akkurat i dag har me ingen som er vekke frå jobben fordi dei er sjuke, seier ho.